Latest Headlines
0

32 veker til DEL 2

Etter ein svært spanande innspurt på førre sesong, klarte me å vinne 2.plassen, og dermed mange millionar i premiepeng. Me endte på 28 poeng, 4 poeng over MonkeyRovers. No nærmar me oss 150 mill i kontantar igjen.

Read the rest of this entry »

0

Tida går ikkje fort nok. 38 veker til DEL 2

Sesongen så langt har gått over forventa. Me tapte mot Newcastle, noko som gjorde at me meldte oss ut av kampen om 2.plassen, men me kjempar framleis om medalje. Me siger i 2-3 av dei siste 4 kampane kan gi oss 3.plassen.

Read the rest of this entry »

0

Ei ny storheitstid for Fresvik i vente?

Etter førre post på HattrickUnited har Fresvik spelt 2 sesongar i andre divisjon (nest høgaste nivå, slutten av 2015), for så å selje ut laget og “starte på nytt” etter nedrykket var eit faktum på målskilnad. Etter nedrykket blei det 2 nedrykk til og så 3 sjetteplassar i V.div.

Read the rest of this entry »

0

OPPRYKK TIL III.5!!!!

Ikkje so mykje meir å sei om det egentleg. Har vore lite aktivitet på Hattrickunited, men kanskje er det difor me klarte å rykke opp til III.div etter tre sesongar i IV.div?

Me har feira med ekstra treningsøkter!

 

No er me klar for ein ny sesong, no blir det ein kamp for tilværelsen!

0

Serieavslutning

No er tida komen! Fresvik sklir inn til ein historisk bra plassering i seriesamanheng, aldri før har FiS vore på topp 3 i 4.divisjon, og no er FiS garantert sølv! Med siger eller uavgjort heime mot TSI kommande laurdag vil Fresvik i Sogn vinne gull i IV.5! Dette er berre heilt villt!

Read the rest of this entry »

0

Halvspelt sesong

Sesongen er halvspelt og det er lite som er avklart. Det einaste som er sikkert er at Mighty Munich rykk ned, og at det blir jamnt i toppen.  Tabellen kan du sjå til venstre, der berre eit poeng skiller 1. og 3.plassen. Fresvik er i tet med 16 poeng og 20+mål, så kjem Stenfeltbakken med lik poengsum, men berre 4+mål. Underdogen Trolldalen ligg på 3.plass med 15 poeng og 8+mål.

Read the rest of this entry »

0

Snart halvspelt sesong

No er me strax komme til halvspelt sesong, og det er ulideleg spanande i IV.5! Kven tek gullet? Kven tek sølvet og bronsen? Kven slår følge med FC Mighty Munich? Me har sendt ut spørsmål til tre managerar i IV.5 for å gi oss nokre av svara. Me gler oss

Read the rest of this entry »

1

Tipping: 1. og 2.plass

No viser det seg at det er langfredag i morgon, og det er helligdag her i Zambia. Det vil sei at eg kjem ikkje til å sitte på PCn og kjede meg, men vere heime med den zambiske familien min. Det finst ingen internett heime i Kabwata kor eg bur, så då måtte det bli internettkafè, og istaden for å flytte på meg gjennom stappfulle minibussar for 5-6kr, så velg eg å skrive om 1. og 2.plassen allereie i dag! Stenfeltbakken FK og TSI er igjen å evaluere (TSI serieopnar mot FiS på laurdag) og her er kor me tippar dei:

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 3.plassen

Frå 3. til 7.plass blir det bingo, heilt garantert, og eg blir ikkje skuffa om tippinga mi blir heilt feil. Dei nye laga i IV.5 kjem til å imponere etter mi analyse. Ryktene seier at fleire lag kjem til å forsterke, bl.a. TSI (som eg skal møte til helga) og det kan gi store rokeringar i tippinga mi.

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 4.plassen

Då er me komne til øvre halvdel, og eg hadde tenkt å spare topp 4 til etter cupkampen, men eg reknar med dei fleste trenar passing eller SP, så då blir AH stats og ratingar urelevant for tippinga. Einaste er om det kjem noke volsomme skadar på nøkkelspelarar, men det er heller usansynleg. 

Read the rest of this entry »

  • Search Hattrick United