Treningspopps

Ei ny veke med popps. I Fresvik poppar fleire og fleire spelarar kvar veke i scoring. I dag var det blandt anna Fresvikjen Bjørn Ovesen, 17åringen som blei trukke opp frå eigen juniorstall tidlegare denne sesongen. Ovesen er ikkje verdens beste talent, men me kan trene han til å bli mektig god. Men for tida slit klubben med økonomien, og det luktar eit salg i nær framtid. Så spørs det om det er Hidle som har slitt veldig med formen denne sesongen, Ovesen eller Andreassen som må flytte ut frå den vakra bygda Fresvik.

Ellers så poppa to midtbanespelarar i scoring utan at det har mykje å sei for klubben. Når me skiftar trening kan me bruke dei som defansive spissar, men til då får det berre vere ein TSI-boost.

Me har den siste veka prøvd å manipulere Spurt til å stille med eit svakare lag enn dei kan, sia dei skal spele ein veldig viktig kamp neste helg. Dette forsøket blei lukta av rivalen vår Flankenstad som kom ut med ein pressemelding om dette. Det er alltid gledeleg å sjå det er liv i gjengen me spelar mot.

Så spørs det om Spurt vil spare dei beste spelarane sine før kampen om 4.plassen blir spelt neste helg. Dei vil uansett tape mot oss denne helga, for me har lagt ned taktikken og me er sikre på at Pål Nygård kjem innpå på slutten for å sikre sigeren istaden for å jage utligning.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.