Laurdag 4.juni 2011

I dag visste me at det ville bli ein enkel siger. 7-0 med PIC (Play it cool) og 2-5-3 formasjon med alle i angrep mot Deuce som slit på nedre halvdel av tabellen. Men den spanande kampen i dag var Higgins mot Flankenstad. Flankenstad har våre på 1.plass over ei lengre periode, medan Higgins ligg på ein fin 3.plass. Med ein heimesiger til Higgins i dag ville me gå forbi Flankenstad på 1.plass. Viss det endre uavgjort  ville Flankenstad framleis halde på 1.plassen grunna god målskilnad.

Higgins spelte ein god 1.omgang med var veldig uheldige som låg under 1-0. I 2.omgang var det lite som skjedde, men Higgins fekk sin utligning i det 81.minutt. Og dermed endte det med poengdeling. På noværande tidspunktt er gullkampen slik:

  1. Flankenstad 28 poeng (+40 mål)
  2. Fresvik 28 poeng (+30 mål)
  3. Higgins 23 poeng

Higgins er hekta av, medan det er heilt opent mellom Fresvik og Flankenstad. Med 3 kampar igjen, der Flankenstad møter Fresvik på heimebane i neste kamp kan alt bli avgjort i den kampen. Seriefinalen.

Me spelte til 250 AH-poeng, noko som er veldig bra med PIC. Og formen på laget blir betre og betre. Heile 54123 tilskodarar såg kampen, noko som resulterte i 5 sårt trengte millionar. Klubbkassa vår er tom, og før dagens kamp såg det ut til at me måtte låne over 3 millionar av banken. Heldigvis er me redda til neste helg mot Flankenstad.

Det er litt keisamt å tenke på at uavgjortkampen borte mot Dogbay kan vere utslagsgivande viss me tapar poeng i neste kamp. Men me er såpass sikre på oss sjølv at me vil vinne borte mot Flankenstad. Viss me ikkje kan slå dei, så er me rett og slett ikkje gode nok for 4.divisjon.

Me gratulerar Pål Nygård med 39 årsdagen og med sin 396.kamp i Fresvik trøya. Det ligg an til at han får sin 400.kamp mot Higgins i siste serierunde. Me gler oss.

 

ps. statestikken over Higgins-Flankenstad kom opp no, og det viser seg at Flankenstad var svært heldige som tok med seg poeng. 78% sannsynlegheit til at Higgins skulle vinne den kampen, og det endte med uavgjort (12%) seier sitt. I tillegg spelte Flanskenstad til berre 114 ah-poeng (PIC?) og dei spelte kontringsfotball. Ikkje rart kampen var keisam!

 

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.