Pierre Dumon

Dagen er kommen, Pierre Dumon at inntatt Legendeveggen. Natt til torsdag blei han nedslakta i ein treningskamp. Han blei så hardt skada at han ikkje hadde sjangs til å komme tilbake til fotballbana. Derfor blei han no plassert på Legendeveggen. Pierre Dumon fekk såvidt med seg sin 400.kamp for Fresvik. Ein imponerande karriere er over. 22 sesongar for oss, 400 kampar og over 50 serie-og cupmål.

Det er ein trist dag for Fresvik, og me hugsa endå då me kjøpte Dumon i februar 2005. Hovudspesialist, makkeren til Ron Wilatzen. 38 år blei Dumon, ein stor spelar har gått under, og me ser framover. Det lyspunktet me ser er at Pål Nygård er framleis med i gamet, han har hatt utmerkt form i det siste, sjølv om han er 39 år gammal.

No som belgiaren Dumon er ute av stallen har me berre 2 utlendingar i klubben, det er to spisstalent. Desse talenta blir ikkje lenge, og når lønningane deira stig så blir det kasta ut dørene, noko som betyr at me vil ha ein full stall med norske spelarar. Det er eit mål me har satt oss, og me gler oss til å nå det.

Laurdag ventar ein kamp mot Landro der me forventar å vinne, men ein veit aldri. Viss me vinn her så kan me vere 9 poeng foran 3.plassen, etter berre 7 kampar. Det er veldig jevnt i botn og me får berre ta dei poenga me kan ta. Me vil ikkje kjøpe inn forsterkningar før me veit at me har ein god sjangs til å vinne serien. Akkurat no er me 3 poeng og målskilnad frå 1.plassen.

Me er ute av cupen og det er få lyspunkt denne sesongen, sansynlegvis vil me berre surfe gjennom med den stallen me har og spare peng. Me har nok til å kjempe om gullet neste sesong. Denne sesongen ser Higgins svært sterke ut.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.