Sesongen over

Og der var sesongen over for denne gong. Me satsa hardt på seriegull, noko som kosta. Me vann fyrste kampen mot Lofoten, men når me snubla i kampen etterpå, og tapte på bortebane mot Lofoten, så var det ingen sjangs. Då la me om til vingtrening og hadde null sportsleg satsing. Det endte med 27 poeng og 2.plass. Heilt greitt ettersom Lofoten kjøpte seg til eit vanvittig sterkt lag etterkvart.

No skal me legge om til spisstrening ei lita stund, for så å trene enten playmaking eller ving. Det kjem litt an på kva me kjøper og kva me selg. Me har iallefall ein god nok stall til å overleve avdelinga neste sesong. Laget som rykka ned frå IV.div er veldig bra, så me reknar med dei rykk rett opp igjen. Lønninga dei har, og den totale TSI’en er mykje høgare enn snittet i V.58.

 

Lukke til Lofoten, det var kjekt med litt aktivitet i V.58 igjen. Det er mykje som tyder på at laget som erstattar deg er mykje mindre aktivt.

Vil også sende ei lukkemelding til Gullfiskane som rykk opp til IV.div også. Imponerande av sognelaget.

no er det seriepause, passningstrening og keisame ht-veker.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.