Analyse av laga i V.58

Etter fyrste serierunde er det no mogeleg å ta ein kikk på dei andre laga, for å analysere nivået litt. Nokre av laga handla i siste liten før sesongen starta så det var kanskje greitt at me ikkje tok den grundige analysen i sesongpausen.

1.Rykende Ørn

Laget som rykka ned frå IV.div er storfavoritt til å ta gullet i år. Me trur dei kan gå ubesigra gjennom heile sesongen. 4-0 sigeren i 1.serierunde viser at dei blir vanskelege å slå, uansett bane. Deira totale TSI er ca 830 000 og har eit lønnsbudsjett på ca 2,8mill i veka. Nesten samtlege spelarar scorar høgt på lojalitetsskalaen også. Forsvaret er bra, angrepet er bra, midtbana kan bli betre, men er framleis veldig bra. Overall: nok til å ta gull i V.58. 308 ah-poeng er godkjent på heimebane.

2. Fresvik i Sogn

Me trur FiS tek sin 3.sølvmedalje på rad denne sesongen, tidlegare har me satsa på gull, men denne sesongen gjer me ikkje det, me skal campe i V.58 og det kan bety at me kan ende litt lengre ned på tabellen enn 2.plass. Serieopninga starta ikkje så alt for bra, men me hadde forventa og tape den kampen. Me var litt uheldige med utvisning og dårleg utteljng på sjangsestatestikken. Me har bra forsvar, bra angrep med vingangrep, men midtbana er vår svakheit. Mange gamlingar som kan forsvinne iløpet av sesongen. Me henta inn ein ung midtbanespelar men me veit ikkje kor lenge han blir i klubben heller. Kjem det eit godt tilbod så er han ut portane. Me har lønsutgifter som egentleg er litt for høgt, men når me selg Andreassen så vil det det synke 280 000kr. Totale TSI’en er 557 000, men når vår beste spiss forsvinn, så kjem me på under 500 000. Ikkje bra med andre ord. 275 ah-poeng på bortebane er bra, men er taktikaren god nok?

3. Todalen Goalscorers

Imponerte i fjor, og vil nok kjempe i toppen denne sesongen, dei klatra opp på 3.plass etter siger i siste serierunde førre sesonge. No starta dei sesongen med ein imponerande 2-0 siger mot veteranen Spurt IL. Dei har ei omtrent like god midtbane som Rykende Ørn og har imponerande forsvar og angrep, men me trur ikkje dei er taktiske kloke nok til å ta sølvet framfor oss. Dei fekk nokre skadar, men sia dei berre var 1-2 veker så vil det nok gå bra. Totale TSI’en er 430 000 og løna ligg på 1,4 mill i veka, men med berre 17 spelarar i stallen er ikje det så gale tal. Dei har lagt ut ein av vingbackane ut for salg, men for ein høøøg pris, så det kan fort at dei gode spelarane blir i klubben. Har bevist at dei er betre enn Spurt og vil nok kjempe om sølvet til siste serierunde.

4. Spurt IL

Har spelt 84 kampar i V.58 og byrjar å bli ein av dei etablerte laga i avdelinga. Men dei har alltid slitt mot dei beste laga, så dei vil nok ende på ein akseptabel 4.plass. Dei har fleire spelarar som er fostra opp i junioravdelinga, noko som betyr at dei får ekstra lojalitetsrating. Dei hadde imponerande ratingar i serieopninga, men me trur ikkje manager Jardarrike er kunnskapsrik eller har nok kløkt til å vinne dei jamne kampane. Dei to neste kampane er mot Rykende Ørn og Fresvik, så dei kan fort stå med 0 poeng etter 3 kampar, noko som vil bety ein tøff start. Men begge kampane er på heimebane, så alt er mogeleg. Totale TSI’en 400 000, løn: 1,5mill.
Dei er nok gode for ein sikker plass, men ikkje for medalje. Igjen

5. Techno Flyers

Laget rykka opp frå VI.div etter kvalikkamp. Har eit ok lag, men vann litt heldig mot Novair FC i serieopninga. Denne sigeren var veldig viktig får å ta den uviktige 5.plassen foran 6.plassen. Angrepet er bra, forsvaret er dårleg og midtbana er ok. Kan bli mange baklengsmål, men viss dei vinn midtbana og møter lag som slit bakover kan det bli enkle kampar for Techno laget. Heilt grei 5.plass, men langt bak topp 4

6. Novair FC

252 ah poeng i serieopninga på bortebane er ikkej så værst for eit nyopprkka lag. Men midtbana og angrepet er ikkje godt nok. Har dei eit så dårleg lag, så bør dei spele kontringsfotball, noko dei ikkje gjer. Dei handla inn nokre nye spelarar foran starten på sesongen. Løna ligg på berre 1,1 mill i veka og TSI’en er på 240 000. Med fleire nye spelarar vil ikkje få lojalitetsbonusen som dei andre laga i V.58 har. Dei er klart betre enn dei to dårlegaste laga, men me er spente på den taktiske eigenskapen til manager marbyz. Ein lite kunnskapsrik manager kan gjere mykje skade på eit lag.

7. Awesomeness!

Eit av dei to laga som rykka direkte opp, har eit håplaust lag og er dødsdømt. Dei kjem til å rykka direkte ned igjen. Dei får satse på cupen, kanskje kjem dei til 3.runde? Men kult namn då

8. Storøya Kickers

Tapte 4-0 mot Awesomeness! som spelte med 10 mann i ein time. Det seier sitt… Over og ut. 0 poeng etter 14 kampar? jepp, i think so

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.