Tipping av kommande tabell

Neste sesong står for døra, og me har ein vane for å tippe korleis tabellen vil sjå ut etter 14 serierundara. Denne sesongen er intet unntak. Sia det er hektisk på overgangsmarkedet, så ventar me endå litt med å tippe alle laga. Men me skal starte med jumboplassen i dag. For me trur dei er fortapte, og det ser ikkje ut til at dei kan investere mange millionar i eit nytt lag.

 

8.plass: Toten Spurs

Spelarar: 28 stk
Snittalder: 27
Kondisjon: Brukbar
TSI: 98 650
Løn: 435 640 
Spesialtiet spelarar: 13 (Sterk 4, omskifteleg/rask 3, hovud 2, teknisk 1) 

Toten Spurs ser ut til å bli sendt rett ned til VI.div. Dei har eit svakt lag, der den totale lønna er ein brøkdel av mange andre klubbars lønnsbudsjett. Dei har mange gamle spelarar, men det er tydleg at Toten Spurs er glad i spesialitet spelarar. Heile 13 stk er ekstremt gode på eit eller anna.
Toten rykka opp frå den 810. beste VI.div (av 1024) i landet, og det er ikkje spesielt imponerande. Dei har ei bra midtbane, men resten er søppel for å sei det pent.
Kva dei trenar? Nei, neimen om me veit det, pga den sterke midtbana, ville me tippa ballfordeling, men når dei spelar med ein 37åring som indreløpar, så er jo det hol i hovudet. Vingane er 32, og 29 år og ikkje noko gode heller. Keeperen er ein 29 årig spanjol som er meir interessert i eigne ballar, enn dei som blir brukt på treningsfeltet, skal me tru speidaren vår som tok ein kikk på laget frå Toten.
Den farlegaste spelaren deira må vere Morten Sandanger (273395570) som tek ein tidel av den totale lønna til Toten.

Toten skal ut i ein tøff cupkamp på bortebane mot eit lag frå VI.div. Denne  kampen er heilt open, men viss manageren til heimelaget er litt meir aktiv enn totengutten, så vil Toten få ein tidleg cupexit denne sesongen. Miserabel sesong med andre ord.

Ein så forutsigbar manager som totengutten, så vil det bli enkelt å ta 3 poeng mot dette laget. Midtbana er som sagt bra, men resten kunne aldri vore verre. Ingen av spelarane på laget til Toten ville fått startplass på Fresvik’s lag.

Toten Spurs 0 poeng etter 14 kampar!

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.