Tipping: 7.plassen

Laga handlar framleis heftig, og det kan fort komme korreksjonar av tippinga, men laget me trur endar på…

7.plass: Novair

Spelarar: 16 stk
Snittalder: 25
Kondisjon: Brukbar
TSI: 342 150
Løn: 1 355 960
Spesialtiet spelarar: 6  (Omskifteleg/teknisk2, hovud 1, sterk 1) 

Novair imponerte meg førre sesong, og berga plassen ved å stela poeng frå alle topplaga utanom serievinnaren, og vinna kvalikk-kampen på straffespark. No ventar mykje tøffare motstand, og me trur ikkje Novair er klar for motstanden som kjem. Denne sesongen har me meir kjennskap til Novair, og dei bør ikkje overraske dei andre laga. TSI og Lønnsmessig er ikkje Novair så langt bak Fresvik/Spurt, men ein tynn stall gjer desse veldig utsatt for skadar og suspansjonar.

Spelaren ein bør passe seg for er Miahly Nagy (267910526). Den ungarske spissen kan slå uventa og geniale passningar framfor mål, som kan skape mange “ufortjente” sjangsar til Novair. Han scora heile 5 mål mot oss førre sesong.

Trenaren er ikkje spesielt aktiv (sjølv om han har logga inn 5 gonger på 1,5 døgn) og spelar med ein keisam 4-4-2 formasjon utan å spele treningskampar på onsdagane. Den beste lagdelen til Novair er forsvaret. Dei spelar med ein defansive ving, og backane spelar inn mot midten. Dette gjer at dei er vanskelege å score mot. Angrepsmessig er dei heilt greie, Nagy er som sagt ein trussel, og med ein god ving på høgresida kan dei skape sjangsar på kantane også. Men problemet til Novair er når dei ikkje vinn midten, det er då dei slit. Midtbana er ikkje all verden. To indreløparar som byrjar å dra på åra, men desse er begge to i bra form (solid/utmerkt) så ein skal ikkje sjå bort frå at Novair ligg litt høgare på tabellen enn 7.plass etter halvspelt sesong. Solid leiarevne på trenaren kan hjelpe på lagånda i starten når dei spelar cupkampar.

Kva trenar Novair? Vel, etter det me kan sjå har den 29år gamle keeperen deira blitt ufatteleg mykje betre sia dei kjøpte han for nokre år sia, men han er no 29 år, og me still spørsmålstegn til manageren. Er det egentleg helsemessig forsvarleg å trene ein så gammal mann?

Konklusjon: Med same formasjon, same lagoppstilling, same keisame taktikk er det lett å sjå kva Novair stiller med, men uansett så skal ein ikkje undervurdere dei. Me tapte 6-0 og spelte 3-3 mot dei førre sesong, og me trur både me og andre lag har tatt lærdom frå det. Neste sesong trur eg Novair rykk ned til VI.div, for denne avdelinga byrjar å bli temmeleg bra.


7.plass: Novair
8.plass: Toten Spurs

 

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.