Tipping 8.plassen

Etter ein kjapp kikk på dei nye laga i avdeling IV.5 er det lett å sjå kven som får jumboplassen, nemleg det tidlegare storlaget F.C. Mighty Munich. Laget som har spelt så høgt som i 2.divisjon (II.4 i sesong 33 elleve sesongar sia) og vil nok planlegge ein ny plan for å komme i det ytterst gode selskap.

8.plass: F.C. Mighty Munich

Spelarar: 23 stk
Snittalder: 22
Kondisjon: måteleg
TSI: 59 660
Løn: 187 040
Spesialitet: 16 spelarar (7 hovud, 7 rask, 1 omskifteleg og 1 sterk)

Det er ingen tvil om at det finst talent i FC MM, men dei er i startgropa på eit nytt prosjekt. Dei har ein haug med 17 og 18 åringar som ikkje er klar for seniorspel (etter mi meining),  men dei vil få verdifull erfaring ved å prøve seg mot dei beste. FC MM har ein tendens til å vere maks 2 sesongar i same avdeling før det blir endrykk eller opprykk, og det er lite som tyder på at dette laget rykker opp, med mindre dei har mangfoldinge millionar på bok og vil svi av mange kroner på kortsiktig suksess. Me trur manager Auge_ er smartare enn det, og byggar eit storlag frå botn av, og nedrykk til V.divisjon blir uunngåelig.

Heile 16 av 23 spelarar har spesialitet, og det er ganske imponerande, med tanke på at keeperane sannsynlegvis ikkje har det (så 16 av 21). Hovudspesialistar og raskbeinte unggutar har fått kontraktar med FC MM, og det kan bli spanande å sjå om dei klarar å score nokre SE mål iløpet av sesongen. Utanom SE mål, så ser eg ikkje noko grunn til at FC MM skal score mål. Den beste spissen Sigurd Johansen med heile 1 (EITT) mål førre sesong.

Det blir ikkje så mykje anna å skrive om FC MM i denne analysen. Dei er svake bakover, på midten, på kantane og i angrepet.Vil dei klare å stjele eit poeng eller to på heimebane? Dei likar å veriere formasjon frå 4-5-1, 5-4-1 og 5-3-2, noko som kan løne seg i framtida men det vil nok aldri vinne poeng mot god motstand, som dei vil få i IV.5.

Konklusjon: Dette blir kasteballen i IV.5, og manager Auge_ har nok innsett det allereie. Det er tvilsamt det kjem nokon overgangar som styrkar laget nok til å kjempe om poeng. Manageren blir nok lite aktiv (som er vanleg for lag som slit i motgang). Eg gler meg til Veke 4, for då blir det WO kamp mot FC MM, og viss me framleis er i cupen då, så blir det bonus PIC kamp. Lukke til i V.divisjon neste sesong Auge_ 

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.