Tipping: 7.plassen

Etter ein kikk i spelarstallen til laga i IV.5, så kan eg bekrefte at det blir ein utruleg jamn sesong, og skadar/suspansjonar kan bli svært utslagsgivande. Derfor blir det også vanvittig vanskeleg å tippe tabellplassering, men me prøvar oss, og håpar ingen skyt oss om me kjem med nokre skivebommar.

7.plass: Snyder

Spelarar: 28 stk
Snittalder: 31 (eldste troppen i IV.5)
Kondisjon: veik (dårlegaste i IV.5)
TSI: 494 200
Løn: 2 362 660
Spesialitet: 15 (6 sterke, 5 hovud, 3 teknisk, 2 omskiftelege, 2 raske)

Det er absolutt ikkje sikkert at Snyder endar på nedrykk denne sesongen. Dei klarte ein meget solid 4.plass førre sesong (3 poeng over TSI og kvalikk), men det er fleire grunnar til at me trur dei trekk det kortaste strået. Troppen er gamal, kondisjonen er dårleg og dei har nettopp solgt ein av deira unge gode midtbanespelarar, Samuel Dhondt som er 21 år og har 68 000 i TSI. Sjølvsagt kan dette bety at det kjem inn forsterkingar iløpet av dei neste dagane, men innan den tid, så trur me at dei har blitt svekka til tusen.

Snyder har nokre svært gamle hestar i laget, og desse har blitt eit år eldre sia førre sesong, og det går som kjent nedover med gamlingar. Men så spørs det kor mykje speletid desse gamlingane får? Aksel Krosby (hovud) er ein av dei beste spissane i avdelinga, men med sine 33 år vil han slite med å score på slutten av kampane. Vil han score nok i første halvdel av kampane?

Midtbana til Snyder er sterk, det er tydleg at dei har trent ballfordeling, og 21-25 åringane har blitt gode nok for IV.spel. Angrepet er greit nok, men er prega av gamlingar. Om det skulle komme nokre skadar så er dei veldig utsatt og må sannsynlegvis satse på langskot. Bakover har dei ein god keeper som tenar nesten ein halv million(!) i vekeløn, og framfor han har dei nokre gamlingar som skal stoppe gode spissar med rutina si. Om dette kjem til å fungere er det nok få som kan svare på no, manager snyder seier nok at laget klarte det i fjor, så kvifor ikkje i år? Vel me trur motstanden har blitt betre denne sesongen, og derfor vil Snyder ende på nedre halvdel, og sannsynlegvis heilt nede på 7.plass.

Kan også nemne at Snyder har eksistert i nesten 13 år, noko som gjer manager snyder den mest rutinerte manageren i IV.5. Har han nokre triks i ermet? Eg gler meg til å sjå han i aksjon.

Konklusjon: På grunn av den aldrane spelarstallen, spesielt i forsvar og angrep, så trur me Snyder endar på 7.plass og direkte nedrykk til 5.divisjon. Dei har dei siste sesongane gått opp og ned frå og til 5. og 4.div, og det blir nok eit nytt besøk i 5.div før dei rykkar opp og blir eit stabilt 4.div lag. Snyder er ein gamal ringrev, så om han dreg fram nokre gode spelarkjøp eller taktiske genigrep i jamne kampar, så kan dette laget fort få ein kvalikkplass. 

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.