Tipping: 6.plassen

Kven tek den viktige 6.plassen som gjev kvaikk? Me trur som sagt det blir superjamnt i IV.5, og laget som endar på 6.plass kan fort ende på 4. 5. eller 7.plass. I våre auge er det 2-3 lag som skiljar seg ut, som vil kjempe om gull, medan 4-5 lag vil kjempe om sikker plass.

6.plass: Fresvik i Sogn

Spelarar: 20 stk (minste troppen i IV.5)
Snittalder: 25 (yngste troppen i IV.5)
Kondisjon: Solid
TSI: 1 147 650
Løn: 
2 358 800 
Spesialitet: 7 (3 omskifteleg, 2 hovud,  1 rask, 1 teknisk)

Me tippar oss sjølve på den utsatte 6.plassen, og har gode grunnar til å ikkje tippe oss høgare på tabellen. Me skal først nemne kvifor me trur me bergar plassen gjennom kvalikk kamp. Trenaren har blitt skifta, frå utmerkt trenar med elendig leiarevne til solid trenar med solid leiarevne. Dette vil gi ein etterlengta lagåndsboost, spesielt når me møtar svakare motstand i cupen. Fresvik i Sogn (FiS) driv klubben med sunn fornuft, førre sesong endte dei med 20 millionar i pluss, som blei brukt på ein forsvarsspelar. Laget har mykje TSI samanlikna med lønnsutgifter og det vil løne seg på sikt, slik at klubben kan hente inn fleire forsterkningar om det skulle vere naudsynt. FiS har 4 gode forsvarar, ein god keeper, og midtbana ser betre ut enn på lenge (hovudgrunnen til at me spelar i IV.5), og ein klassespiss (som etter vår meinig er den absolutt beste i avdelinga) i Rolf Myrdal.

Svakheitane til Fresvik er den tynne troppen, berre 20 spelarar, og sjølv om trenaren vår er spelande vil han få minimalt med speletid. Laget vil mest truleg spele i ein 4-5-1 eller 3-5-2 formasjon, men med berre èin klassespiss  er FiS veldig utsatt for skadar. Dei har èin backup midtbanespelar, så formnedgang, skadar og suspansjonar blir viktig å unngå for Fresvik. Me vil ikkje røpe kor stor bank kontoen er, men det kan fort komme fleire overgangar i nær framtid. Med ein defansiv formasjon som Fresvik spelar med, så vil dei vere gjerrige bakover, men også framover. Me trur det kan bli mange 1-0 eller 0-0 kampar for FiS, forhåpentlegvis i favør Fresvik.

Det unike med Fresvik i Sogn er at samtlege spelarar er nordmenn, noko som gjer at dei betalar 20% mindre i løn for same kvalitet samanlikna med andre klubbar. Dvs at viss alle var utlendingar, så ville det kosta klubben nesten 500 000kr ekstra.

Konklusjon: Me håpar me ikkje har røpt for mange hemmlegheitar om FiS, for det er viktig at manageren kan komme med nokre overaskelsesmoment i nøkkelkampar. Pga managerens taktiske kunnskapar (som har blitt genierklert ved fleire høve) trur me FiS endar på kvalikk plass og ikkje direkte nedrykk. Me trur Fresvikjen Rolf Myrdal (26) vil bli eit stjerneskot i denne sesongen, og me ber folk halde eit auge med han. Toppscorar i fjor, kanskje toppscorar i år?

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.