Tipping: 5.plass

No minkar det med lag å evaluere, og det blir litt lettare å skilje laga, og det er lett å sjå at dei nyopprykka laga kjem til å gi dei fleste laga tøff kamp. Her kjem laget som kjem på plassen over Fresvik:

5.plass: Trolldalen

Spelarar: 38 stk (største troppen i IV.5)
Snittalder: 29
Kondisjon: måteleg
TSI: 586 910
Løn:1 704 160

Spesialitet: 13 (6 tekniske, 4 raske, 1 hovud, 1 omskifteleg, 1 sterk)

Trolldalen (me likar namnet) kom på ein imponerande 3.plass førre sesong, men likevel trur me dei må spele kvalikk for å sikre plassen i IV.5. Dei har ein gigantisk tropp (heile 38 spelarar) men dei har ei god midtbane der dei fleste har gått gradene i klubben, dvs at dei får bonus på lojalitetsskalaen. Dei har også ein ny god keeper, som berre vil prestere betre og betre (Guzman som  berre har solid lojalitet på noværande tidspunkt) og ein grei backup på 34 år. Dei har ein spelande trenar (brukbar leiarevne) som spelar spiss som presterer overaskande bra for alderen (34 år). Spisspartnaren hans er 36år (Petinga). Bakover skortar det litt meir, og det var nok viktig at dei invisterte i ein ny keeper, for deira beste forsvarar er 31 år gamle Sozmen.

Svakheita til Trolldalen er nok bakover og framover. Midtbana er bra, og eg er sikker på at dei vil skape flust med sjangsar, og det blir nok nøkkelen, å dominere kampane såpass mykje at det hindrar dei andre laga å skape noko. Det kan fort bli 3 poengarar av det. Kantane er farlege og er nok ein større trussel enn dei aldrane spissane til Trolldalen. Dette laget slo Snyder (tippa på 7.plass) 3-1 på heimebane 2 kampar før serieslutt førre sesong. 42 millionar blei brukt på ny keeper, og det er mykje peng, men det kan vise seg å vere ein av sesongens beste kjøp for manager DeepBlue78. Kor mykje peng er igjen på kontoen til Trolldalen? Er det nok til å forsterke meir før alvoret startar? Ikkje godt å sei, men dei har brukt ca 60 millionar på overgangar i mars, så me håpar det byrja å bli tomt.

Konklusjon: Laget har mange spelarar, men det er berre 13-14 stk som held nivået, så dei er utsatt for skadar, spesielt framover og bakover der dei spelar med gamlingar. Trolldalen har låge lønsutgifter (og TSI) pga dei aldrane spelarane, og dei vil nok tene gode peng på cupkampar og i medgang (mange tilskodarar på den store stadion deira som rommar over 80 000). Me trur dei endar på ein heilt grei 5.plass og det kan godt hende dei forsterkar laget gjennom sesongen når dei tenar meir peng. (Noko som betyr at 2 av dei 3 nyopprykka laga vil komme på topp 4). Dette blir garantert ein tøff sesong!

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.