Tipping: 4.plassen

Då er me komne til øvre halvdel, og eg hadde tenkt å spare topp 4 til etter cupkampen, men eg reknar med dei fleste trenar passing eller SP, så då blir AH stats og ratingar urelevant for tippinga. Einaste er om det kjem noke volsomme skadar på nøkkelspelarar, men det er heller usansynleg. 

4.plass: Fagforeninga

Spelarar: 22 stk
Snittalder: 25
Kondisjon: Solid (svært høg, så reknar med det er beste i IV.5)
TSI: 753 100
Løn: 2 499 600
Spesialitet: 11 (5 tekniske, 3 omskiftelege, 2 raske, 1 hovud)

Fagforeninga rykka rett opp frå 5.divisjon, og med god grunn, dei har eit godt lag og vil slå bra frå seg i IV.5. Laget er i rett alder og klar for 4.divisjon for andre gong i klubb historia (førre gong var i IV.7 som endte med jumboplass 3 sesongar sia). Manager brautus har gjort sakene sine bra, og laget ser balansert ut, bortsett frå bakerste mann (keeper), men eg blir ikkje overraska om den lagdelen blir forsterka innan kort tid. Laget har ein imponerande murvegg i forsvar, og gode kantangrep.

Vingbacken Anders Karrbeck tenar over ein halv million i vekeløn(!) som tilsvarar over 20% av den totale lønnsutgiftene til Fagforeninga, Det er noko spesielt at den beste/dyraste spelaren er ein back, for i fotball er det ofte dei dåregaste spelarane som spelar på den lite involverte posisjonen. Men den framtidige trenaren Jan Mika Wehinger er også meget solid bakover, og det kan bli spanande å sjå kor mange gonger laget held nullen i IV.5. Laget spelar med 2 gode indreløparar, 2 gode vingar og 2 gode spissar, og det er ein god miks mellom “gamal” og “ung” (24-30 år).

Svakheiten til Fagforeninga er utan tvil keeperen, men det hemmar ikkje laget så vanvittig mykje, ettersom dei spelar med 4 i forsvar og alle er meget gode. Midtbana kan også bli litt for svak når ein spelar med berre 2 indreløparar (mange andre lag velg å spele med 3) så viss dei ikkje er gode nok på kontringar (som dei mest truleg vil spele ein del av) så kan det bli tap. I backup har dei heilt greie spelarar som Bjarne Bengen (spiss) og Viktor Stang (forsvarar, kjem frå junioravd).

Konklusjon: Litt over gjennomsnittet bra lag, men slit på keeperplassen. Med berre 2 indreløparar kan også midtbana bli svakare enn motstandarens, så då blir det mindre sjangsar for Fagforeninga. Med skadar på nøkkelspelarar kan laget fort sleppe inn for mange mål og ende lenger ned på tabellen (tilogmed på 7.plassen). Laget vil kjempe med nebb og klør for å halde seg i avdelinga og me trur dei klarar det, etter 14 tøffe seriekampar.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.