Tipping: 1. og 2.plass

No viser det seg at det er langfredag i morgon, og det er helligdag her i Zambia. Det vil sei at eg kjem ikkje til å sitte på PCn og kjede meg, men vere heime med den zambiske familien min. Det finst ingen internett heime i Kabwata kor eg bur, så då måtte det bli internettkafè, og istaden for å flytte på meg gjennom stappfulle minibussar for 5-6kr, så velg eg å skrive om 1. og 2.plassen allereie i dag! Stenfeltbakken FK og TSI er igjen å evaluere (TSI serieopnar mot FiS på laurdag) og her er kor me tippar dei:

2.plass: Stenfeltbakken FK

Spelarar: 32 spelarar
Snittalder: 33år (eldst i IV.5)
Kondisjon: måteleg (svært låg)
TSI: 1 397 880
Løn: 3 047 960
Spesialitet: 17 (5 tekniske, 4 omskiftelege, 3 hovud, 3 sterke, 2 raske)

Stenfeltbakken endte på ein bra 2.plass førre sesong, og me trur dei vil kjempe om gull til siste slutt i år, men må diverre trekke det kortaste strået igjen. Dei har eit vanvittig bra lag, spesielt på midtbana, men stallen byrja å bli skummelt gammal (heile 33år i snitt). Dei har fleire lokale spelarar i startoppstillinga som får dei til å prestere ekstra bra. Dei har ein meget solid keeper (beste i IV.5?) og spissen deira Krzystof Wrzesniewski (steike for ein namn) blir meeeget farleg framover for SFK (spissen tenar over 550 000kr i veka, som er nest best betalt i IV.5).

Formen på nøkkelspelarane til SFK er over gjennomsnittet, så det verkar som om dei er klar for å sparke serien i gang. Sjølv med så mange ekstremt gode spelarar er den totale lønna såvidt over 3 millionar i veka så viss SFK vinn mange nok kampar kan dette gi store inntekter og profitt for klubben.

Svakheitane er ikkje mange, men manageren er ikkje like aktiv som TSI sin manager eie022 som vil koste seg i den taktiske delen. Manager Joppzter har ikkje vore innlogga sia 1.april og spelar aldri treningskampar. Spelar alltid med same formasjon og taktikk. TSI bør slå dette laget og endar derfor framfor SFK. Laget er aldrane, men det er berre spissane som er over 30 år på førsteelvaren. Resten av a-laget er så og seie i “perfekt” alder (26-28). Spissane blir ofte brukt ut mot kantane (mykje Attack On Wings på dette laget ja). Spelte uavgjort borte mot opprykkslaget HIL/AIL  like før sesongen slutta for nokre veker sia.

Konklusjon: Dette laget vil/bør slå alle laga eg allereie har evaluert, og det med god margin. Ikkje eingong kontringslag har ein sjangs mot dette superlaget som har ei god midtbane, men endå viktigare: Forsvaret (med keeper) er det beste i IV.5, utan tvil(!), og stoppar det meste av sjangsar imot. Framover har dei ein vanvittig god spiss og det blir spanande å sjå kor mange mål den utlendingen kan banke inn i år (eg vil ikkje uttale namnet hans igjen). Kantane er farlege, men om dei legg for mykje fokus på kantangrep, blir midtbana noko svekka. Inaktiviteten til manageren vil gjere at dei ikkje når heilt opp i år, diverre.

No er me komme til 1.plassen, og det er sjølvsagt deg, eie022 (reknar med du les dette nøye), som kjem til å leie laget ditt til topps i IV.5. Grunngjevinga kjem her:

1.plass: TSI

Spelarar: 20 stk (tynnaste stallen i IV.5?)
Snittalder: 26
Kondisjon: solid
TSI: 1 539  160 (høgste i IV.5)
Løn: 3 829 420 (høgste i IV.5)
Spesialitet: 13 (7 hovud, 5 raske, 1 sterk)

Manager eie022 har imponert oss, men me undrar oss over den svake sesongen deira førre sesong, der dei måtte spele kvalikk for å overleve IV.5. Dei avslutta med ein sterk avslutning og me trur den gode trenden vil fortsette. Manageren satsar tungt på suksess (vanvittig lønsbudsjett og TSI verdiar på troppen) og me trur det vil gi resultatar. Dei har spelaren som tenar mest i heile IV.5, Daniel Palmans med 587 040 kroner i veka (nesten 9.4 mill over ein sesong), og fansen vil forlange at han presterar som ein Roy Keane i den defansive midtbanerolla. Laget er vanvittig sterkt over heile fjøla, og før dei kjøpte ein ny keeper i dag var det den einaste svakheita eg kunne sjå. Dei har allereie fått seg ein suspandert spelar og 1.keeperen blei skada (men erstatta) i cupkampen.

Manageren er aktiv, som vil tippe seriegullet i favør TSI. Forsvaret er bra, men det er midtbana eg fryktar mest, og eg trur TSI vil vinne midten i samtlege kampar dei spelar denne sesongen (med mindre eit bra lag dei møtar spelar MOTS).

TSI likar å spele 4-5-1 eller 5-4-1, men dei har såpass gode kantangrep at dei vil score mange mål der. Men dei fokuserer aldri kun på kantane, noko som fører til at motstandarlaga må passe på å dekke opp i midtforsvaret og ikkje berre på backane.

Konklusjon: TSI imponerar oss, og laurdag ventar det oss ein vanvittig tøff bortekamp. Faktisk kunne me ikkje fått ein verre motstandar i serieopninga. TSI brukar mykje peng på lønsutgifter, noko som fører til at dei ikkje har råd til å handle inn 40 millioners spelarar, men strengt tatt treng dei ikkje det. Dei har eit såpass bra lag, og me reknar med dei gjer seg klar for III.div spel om 16 veker. Lukke til, og eg håpar me gir deg litt motstand til helga, og i serieavslutninga. 

 

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.