Tipping: 3.plassen

Frå 3. til 7.plass blir det bingo, heilt garantert, og eg blir ikkje skuffa om tippinga mi blir heilt feil. Dei nye laga i IV.5 kjem til å imponere etter mi analyse. Ryktene seier at fleire lag kjem til å forsterke, bl.a. TSI (som eg skal møte til helga) og det kan gi store rokeringar i tippinga mi.

3.plass: mortee FC

Spelarar: 27 stk
Snittalder: 30 (nesten 31)
Kondisjon: Brukbar
TSI: 696 780
Løn: 2 256 160
Spesialitet: 13 (5 omskifteleg, 4 hovud, 4 tekniske)

mortee er eit anna lag som rykka direkte opp frå V.divisjon, og sjølv om laget er relativt nytt (litt over 2 år/6sesongar) så er dei no klar for IV.5. Manager mortee starta så tidleg som i 2005, men ga seg etter berre 2 mnd, før han gjor comeback i 2012. Manageren har skjønt at det er viktig med ei god midtbane i dette spelet.

Laget er bra, midtbana er fyllt med 5 kapable spelarar som har blitt trent over lengre tid (mortee FC spelar 3-5-2) og Knut Tjøstheim er verdt å halde eit auge med, han er oppvaksen i Oslo (lokal spelar) og er flink til å bruke hovudet. Både foran og bak er det kvalitet i laget, men laget blir aldrane og det kan koste på slutten av kampane og kondis trening er ikkje noko som har blitt prioritet hjå mortee. Dei har ein god keeper som blei skada for ca ein mnd sia, men det ventast at han er snart tilbake i startoppstillinga til mortee (viss dei ikkje bestem seg for å hente ein ny). Angrepet er bra (reknar med pasningsskillsa til midtbana hjelp til der), men eg er ikkje så alt for imponert over forsvaret som for alvor byrja å bli gamalt, bl.a. Michael Murray som nesten er 36 år. Trenaren til mortee har berre veik leiarevne, som kan koste ein del lagmoral

Konklusjon: Laget er bra, bra nok for å overleve i IV.5, svakheitane kan vere den urutinerte trenaren mortee og det skraltande forsvaret. Angrep er beste forsvar var det nokon som fortalte meg, stemmer det? Det blir spanande å sjå kva mortee kan få til med dette laget og me har trua. Dei siste 4 sesongane har dei spelt i V.divisjon med plasseringane: 4.3.2. og 1. plass, noko som betyr at dei har hatt ein stabil og jamn framgang med laget. Er det godt nok for å kjempe i toppen av IV.5? Nei, men dei kan komme på ein heldig 3.plass. Eit stykke bak 2.plassen.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.