Snart halvspelt sesong

No er me strax komme til halvspelt sesong, og det er ulideleg spanande i IV.5! Kven tek gullet? Kven tek sølvet og bronsen? Kven slår følge med FC Mighty Munich? Me har sendt ut spørsmål til tre managerar i IV.5 for å gi oss nokre av svara. Me gler oss

Fresvik i Sogn leiar ligaen med målskilnad over Stenfeltbakken FK og TSI og Trolldalen følg like bak med berre eitt poeng mindre enn FiS og SFK. Det var få, utanom TSIs manager, som hadde spådd FiS på toppen, men no er ståa slik.

Spørsmålet er no når manageren reiser heim til Noreg etter 10 mnd i Afrika. Det er ingen tvil om at all fritiden han hadde i Zambia var utslagsgivande for suksessen klubben har hatt. Vil klubben styrte rett nedover no etter heimreisa? Ikkje godt å sei, men laurdag den 7.juni landar iallefall manageren trygt på Gardermoen, og etter nokre dagar i Tigerstaden reiser han til si fagre heimbygd, Fresvik (i Sogn og Fjordane).

Me har hatt litt flaks denne sesongen, men me har også hatt uflaks. Skaden på Rolf Myrdal var utruleg seig, og det kosta oss 2 poeng borte mot Fagforeninga, samt minst ein cuprunde til. Uansett, no har FiS full fokus på ligaen og det blir nok spanande, uansett kva som skjer med klubben.

 

Fresvik i Sogn er no 10 år gammal, og me feirar med bollar og brus på måndag.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.