Halvspelt sesong

Sesongen er halvspelt og det er lite som er avklart. Det einaste som er sikkert er at Mighty Munich rykk ned, og at det blir jamnt i toppen.  Tabellen kan du sjå til venstre, der berre eit poeng skiller 1. og 3.plassen. Fresvik er i tet med 16 poeng og 20+mål, så kjem Stenfeltbakken med lik poengsum, men berre 4+mål. Underdogen Trolldalen ligg på 3.plass med 15 poeng og 8+mål.

Neste helg skal TSI (4.plass med 12 poeng) ta imot Stenfeltbakken, og den kampen avgjer om TSI blir å kjempe om gullet eller ikkje. Dei er nøydd til å vinne resten av kampane om dei skal ha ein realistisk mogelegheit til å vinne IV.5 denne sesongen. TSI har tapt mot alle topp 3 laga, men skal spele mot Trolldalen og Stenfeltbakken på heimebane iløpet av dei resterande 7, så alt er mogeleg (i begge bortekampane tapte dei med berre 1 mål). Me har slått av ein prat med manageren deira, eie022, og her er noko av det han fortalte oss:

Eie022 er ein mann på 31.5 år og bur i ei lita bygd, slik som Fresvik, men ikkje fullt så vakker. TSI-manageren kan bli litt hissig av å tape jamne kampar, men ein grunn til det kan vere mangelen på søvn, ettersom han nettopp har fått ei lita datter (gratulera!).
Speidarane til Fresvik har inspisert treningsfeltet til TSI, og her finn dei alt frå rundingsbøyler, frisparkmur, innleggsbaner og stor/liten bane. Det tyder på at i TSI trenar dei det meste, gjerne ikkje mykje over tid, så laget kan vere så gode som mogeleg i alt.

Eie022 hadde som mål om å kjempe om opprykk, men førre helgs tap var nok ein stor strek i rekninga, og eie022 har innsett at opprykkstoget har gått, ettersom Fresvik må avgi mange poeng iløpet av dei siste 7 kampane. Overall: Ein skuffande start på sesongen for TSI sin del.

Ganske mykje lengre sør, på austlandet, fann me manager DeepBlue78 som også var villig til å sei nokre ord om laget sitt. Trolldalen har overraska både seg sjølv og andre ettersom dei ligg berre eitt poeng bak serieleiaren. For å kjempe i toppen har laget trent midtbana si så god som mogeleg over lang tid. Det blir konstant trena 4-kant øvelsar på treningsbana til Trolldalen og manageren har eit klart mål om å vinne serien, og nøkkelen er, ifølge DeepBlue78, å spele med ei betre midtbane enn motstandaren.

Trolldalen er ein av dei rikaste klubbane i IV.5, og med over ein halv milliard (!) i klubbkassa kan dei forsterke om dei vil, men per dags dato har dei fokus på å auke formua samtidig som å vinne det meste. Manageren vart svært skuffa over den tidlege cup-exiten, men satsar hardt på å få mindre uflaks i serien, slik at dei kan hente heim gullet.

Trolldalen er det einaste laget som har slått Stenfeltbakken, og det på bortebane, noko som er svært imponerande. Trolldalen med ambisjonar + eit Stenfeltbakke-lag med ein auka ht-aktivitet er ikkje akkurat drøymesituasjonen for eit lag som Fresvik i Sogn.

Stenfeltbakken har vore svært inaktiv denne sesongen, men klarte å komme imponerande langt i cupen, og framleis er dei for fullt med i kampen om seriegullet. Manageren arbeidar som IT utviklar og dermed blir det ikkje so vanskeleg å kombinere Hattrick med jobben 😉 Elles prøver manager Joppzter å imponere damene på Vasaloppet, samtidig som han elskar å konkurrera i all slags idrett.

Laget som kan øydlegge gullhåpet til TSI kommande helg trenar “shooting” (avslutningar og daudballar), men har planar om å trene på “flo-passningar” i nær framtid. Ein kombinasjon av dette kan bli eit farleg kontringslag, spesielt med den forsvarsmuren som Joppzter har utvikla.

Joppzter er svært stolt over sigrane over TSI og Fresvik, og skal gjere alt han kan for å slå dei på bortebane også. Manageren seier sjølv han har såpass dårleg tid og er så lite aktiv på hattrick at han ikkje “fortenar” å vinne serien, men om det skulle bli 6 poeng mot TSI og FiS, så seier det seg sjølv at dei fortenar å vinne gull.

Manageren til FiS har budd i Afrika i 10 mnd no, og på onsdag ventar South African flyet på å ta han heilt heim til Fresvik (i Sogn). Det vanvittige (fri)tida på kontoret og utafor arbeidstida har ført til at manageren har vore svært aktiv på Hattrick, så det blir svært spanande å sjå om dei lange sommarsnetta vil bli prioritert til andre ting. Norske blondiner er ein mangelvare i Afrika, men kanskje ikkje i småbygder i Sogn. Om manageren klarar å halde koken, så har han tru på seriegull, men det blir utruleg vanskeleg. Mykje må klaffe, og litt flaks må me ha. Siger mot Trolldalen og Stenfeltbakken er heilt naudsynt. OM det blir det, så trur me gullet endar i Fresvik. Det er også viktig å vinne dei neste to bortekampane som ikkje kjem til å bli enkelt. Fansen forventar sigrar mot Mighty Munich og Fagforeninga (klarte berre 1 poeng borte mot dei tidlegare i sesongen), og det same gjer styret i FiS. Viss me skulle slå 2. og 3.plassen, så har me råd til å tape mot eit av dei andre laga, så det er ingen krise om me snublar på vegen .

Målet til Fresvik før sesongen var å halde seg i IV.5, men no tyder alt på at det blir ein historisk bra plassering for FiS, og ein ny pokal i premieskapet er svært realistisk.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.