Serieavslutning

No er tida komen! Fresvik sklir inn til ein historisk bra plassering i seriesamanheng, aldri før har FiS vore på topp 3 i 4.divisjon, og no er FiS garantert sølv! Med siger eller uavgjort heime mot TSI kommande laurdag vil Fresvik i Sogn vinne gull i IV.5! Dette er berre heilt villt!

Når me ser tilbake på kva som blei skreve etter halvspelt sesong, så er det ein del som har endra seg. Fresvik har tatt 16 poeng på siste 6 kampar, medan Stenfeltbakken har skuffa stort og tok berre 6 poeng på like mange kampar(!). Trolldalen har plukka 8 poeng, noko som har gjort at dei er blitt hekta av gullkampen. TSI har imponert, dei hang 4 poeng bak FiS etter 7 seriekampar, men no har dei tatt innpå, og er berre 2 poeng bak. Me sa at dei måtte vinne samtlege kampar etter halvspelt sesong for å vinne gull, og det vil dei, om dei vinn mot FiS kommande helg.

Litt statestikk foran kampen:
Spelarstall
Antal: FiS: 21 stk, TSI: 23 stk
TSI: FiS 1 752 110, TSI 1 481 700
Løn: FiS 3 199 300, TSI 3 494 62
Nasjonalitetar: FiS 1, TSI 9
Form: FiS Solid (låg), TSI Brukbar (svært høg)
Kondisjon: FiS Solid (høg), TSI Solid (låg)

Sist lagoppstilling
Spesialitet
: TSI: 7 (3 hovud) FiS: 6 (2 tekniske)
Beste spelar: TSI: Eugen Gurau (295305229), FiS: Rolf Myrdal (sjå til høgre)

Litt frå managerane
eie022 seier at han har gitt opp å vinne midten, men etter ein PIC kamp så kan det godt hende laget har bra lagånd. Me veit eie022 er ein luring. Ein MOTS kamp frå bortelaget kan iallefall gi tøff kamp om midten! Me håpar dattera til manageren skrik ekstra mykje denne veka, slik at eie022 ikkje får den søvnen han treng for å prestere bra.

Botun, som er kommen frå Afrika, har gjort det bra, og berre avgitt poeng i èin kamp etter midtsesongen. Førre veke blei det henta inn ein ny stjernespelar, Einar Hammer (nr 99, 26år). Hammer viste sine tekniske ferdigheiter i sin debut kamp mot Trolldalen. No gler FiS fansen seg til å sjå han spele på heimebane! Han vil garantert få ei nøkkelrolla i helgas kamp, og vil avlaste Myrdal for litt av presset og trykket rundt kravet om scoringar.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.