Ei ny storheitstid for Fresvik i vente?

Etter førre post på HattrickUnited har Fresvik spelt 2 sesongar i andre divisjon (nest høgaste nivå, slutten av 2015), for så å selje ut laget og “starte på nytt” etter nedrykket var eit faktum på målskilnad. Etter nedrykket blei det 2 nedrykk til og så 3 sjetteplassar i V.div.

Etter nedrykket frå II.div, så blei to-tre talent frå junioravdelinga trukke opp, Bjørn Tønnessen og Kim Guldbrandsen, i tillegg til den mindre talentfulle Terje Hagen (som blei solgt i fjor), og så blei Ramfeldt, Schei, Juul kjøpt inn. Det blei trent mykje ballfordeling, med minst mogeleg kondisjon. Dette resulterte i gode playmakere, men berre i starten av kampen, før spelarane blei slitne.

Planen var då å legge desse spelarane om til defansive spissar/offansive midtbanespelarar som ville vere dødelege på langskot. Den planen har blitt litt endra på.

Etter kvart blei Stig Lauten trukke opp og fekk litt trening i playmaking før me la om til spisstrening. Rundt årskifte 2017/2018 kjøpte me inn Luis Moberg som tilfeldigvis var U20-aktuell, og trakk opp Magne Sørensen og Åge Njærheim. Då hadde me 4 reine spisstalent, og så har Guldbrandsen fått fast plass som defansiv spiss, og den siste plassen rullerast på Tønnessen, Schei, Juul og Ramfeldt.

No er planen å framleis behalde dei gode playmakarane, men å trene opp spissane til Titanic scoring, og +++ passing. Både Njærheim og Moberg er U20 aktuelle til VM-finalen 10.mars 2019. Når me legg om til passing vil også midtbanespelarane få opp biskillsa sine, og angrepet vårt vil vere udødeleg.

Då gjenstår det berre å finne eit par forsvarsspelarar, ein keeper og eit par vingar på overgangsmarkedet. Vingane blir iallefall kjøpt inn før passningstreninga startar.

Rolf Myrdal held framleis koken og er i dag den mestspelande Fresvik spelaren gjennom tidene. I tillegg har han eit scoringssnitt på 0,6 mål pr kamp, og det etter spel i både III og II.div!

Me gler oss

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.