32 veker til DEL 2

Etter ein svært spanande innspurt på førre sesong, klarte me å vinne 2.plassen, og dermed mange millionar i premiepeng. Me endte på 28 poeng, 4 poeng over MonkeyRovers. No nærmar me oss 150 mill i kontantar igjen.

I sesongpausen gjorde me blemma med å ikkje arrangere treningskamp eine helga, og dermed gjekk 3 spelarar glipp av spisstrening. Men heldigivis fekk dei største talenta trening.

Me starta den nye sesongen med siger i cupen, og det var gledeleg ettersom det gir verdifull røynsle og billettinntekter. I første serierunde møtte me eit knallbra lag, som etter alt og dømme vil vinne alle seriekampane. Men dei stilte ikkje med 11 mann på bana, og Fresvik vann dermed kampen 5-0 utan å ha spelt eit minutt. Heldigvis hadde me satt opp PIC og spart dei beste til cupkampen. No ventar ein tøff cupkamp, men med oppspart TS bør me vinne midten ganske greit, så spørs det kva lag motstandaren stiller med. Det kan fort hende dei stiller med ein forsvarmur sterkare enn Berlinmuren. Me spår ein spanande cupkamp! Deilig med litt konkurranse igjen!

 

Me gi ein kjapp oppsummering:
Guldbrandsen (22) vil nå Titanic scoring før me endrar til passing

Njærheim (straks 18). Spelar no cupkampane for å få ekstra røynsle. Outstanding scoring, solid passing.

Sørensen (17). Excellent scoring, solid passing, passable passing

Lauten (18) Brilliant scoring, Excellent PM, (wretched passing og SP). Teknisk. Selger etter å ha trent i passing.

 

Så i dag ser framtidslaget vårt slik ut:
Keeper: Ny (15-16 keeper, 10 def, 10 SP)

Forsvar 3 Nye, (15 def, 10-13 i PM, 6-10 i ving)

Vingar: 2 nye vinger (15 ving, 12-14 PM)

Indreløparar: Juul, Schei, Ramfeldt, Tønnessen (Guldbrandsen)

Spissar: Guldbrandesen (def), Njærheim, Sørensen

Trene passing om 1,5 sesongar. Trene i minst 2 sesongar, Deretter SP i ein sesong. Bør vere i III.div då.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.