1 veke til del II

Då var endå ein sesong over, og denne gongen har mykje skjedd. Manageren har nemleg tatt over U20-landslaget! I tillegg har spelarane fått jamnt og trutt med scoring trening. Det har blitt kjøpt inn ein ving og ein keeper. Totalkostnad på ca 220 millionar. Innkjøpa kom seint, og forsvaret byrjar å bli ekstremt gamalt og dårleg, difor endte me på ein 6.plass førre sesong og måtte spele kvalikk mot BOT lag for å overleve. Det gjekk greit, og no kan me oppsummere ein sesong der det sportslege har blitt lagt vekk på grunn av U20-landslaget vårt.

Rolf Myrdal (41) held koken endå.Unngjekk skadar og har no 501 kampar, 384 serie- og cupkampar, 234 obligatoriske mål.

Guldbrandsen (24) titanic scoring

Njærheim (19) titanic scoring på torsdag

Sørensen (18) 3 veker frå nivå 14 i scoring

Har totalt 206 millionar (40 mill cash)

Det laget treng no er:

Forsvarar:

3×60-70 mill

Korleis me skal hente ut pengane frå sparekontoen er vanskeleg å seie. Me går såvidt i pluss i vekene, og får tatt ut 500 000 kr i veka, så det går seint.

Ettersom U20-landslaget var 1 poeng unna å kvalifisere seg til VM, så er ikkje formen til Njærheim så viktig lengre, og me kan gi formtrenaren fyken, og tilsette ein økonom.

Målet er å vinne serien denne sesongen, men om det ikkje skulle gå, så er ikkje det krise. Me bør kunne kjøpe ein meget god stoppar før sesongen er over, og då bør me kunne slå dei fleste laga i avdelinga vår.

About campingvogna

A 26 year old Norwegian personal trainer who lives in Zambia and enjoys Hattrick as a hobby. Started Hattrick in 2004 and is still going strong.