Endeleg er det kommen ein ny tilleggsteneste som er like fantastisk som pressemeldings-tenesta, på hattrick.
No kan ein delta i turneringar der ein kan toppe laga utan å risikere skadar eller suspansjonar, så no kan me spele mot våre største rivalar og kjempe om heider og æra. Kampane vil skje på måndagar kl 18:00 og ein kan bestemme kor stor turneringa skal vere. Julegrisen (manager for Nakkelaget FC) har oppretta ein NTK-turnering (NTK=Norsk Tappar Krefter) der 4 lag er med. IV.div laget Gullfiskane, V.div laga Fresvik, Nakkelaget og Team Taktikk.
Dette gir ekstra spenning på måndagen, der me til vanleg spelar juniorkamp kl 20:15.
Me gler oss veldig til opningskampen mot IV.div laget Gullfiskane, og me får testa korleis me ligg an til opprykkskampen me vil vere i neste sesong. Er me gode nok for 4.div? Eller bør me halde oss i 5.div litt lengre (ettersom me ikkje rykk opp denne sesongen, så har me god tid til å forbetre laget).
Denne turneringa gir oss ein ekstra grunn til å behalde stjerner som Andreassen og Bell, som begge kanskje blir solgt iløpet av kort tid.