Jubileum Archive

0

Snart halvspelt sesong

No er me strax komme til halvspelt sesong, og det er ulideleg spanande i IV.5! Kven tek gullet? Kven tek sølvet og bronsen? Kven slår følge med FC Mighty Munich? Me har sendt ut spørsmål til tre managerar i IV.5 for å gi oss nokre av svara. Me gler oss

Read the rest of this entry »

0

Friendlycup and celebration

Today Fresvik i Sogn is 7 years old, and this morning played against Newcastle  Town in a NUFC cup. The match took place in Canada (neutral ground) late Wednesday night and ended this morning.

This was the first game in the tournament and it was important to get a win, and  Fresviks reserved did not let anyone down. The game ended 7-3 to Fresvik, after two goals by the legend Pål Nygård (48700068) ano goal each by the (3) strikers, the young local lad Warsame and the playmaker Hagenlund. This made Fresvik the top of the league after the first round.

The sad thing about the game was that Pål Nygård got a minor injury after a tackle by the opponent. He has now 393 games for Fresvik, and we all really hope he will reach the magic 400 mark. Only 7 more games and he’s there. He might play a few minutes against Spurt on Saturday.

This weekend Spurt is the team we have to beat, a more important game since we are competing for the gold in the V.58. Everything else than first place will be a disappointment. The good news is that everyone is healthy (except Nygård) and the form is getting better and better (in average).

Today we will enjoy cake and may be a beer for Fresvik i Sogn which is 7 years old. One of the old clubs in Hattrick.

0

Fresviks historie

For å fortelje litt om historia til Fresvik i Sogn vil me no gå gjennom år for år, frå klubben blei danna ein vakker dag i mai 2004.

Manager Botun gjekk i 10.klasse i Fresvik då han byrja med hattrick, og blei raskt hekta. Klubben starta med forsvarstrening og henta inn fleire 17åringar som hadde inadequate (måteleg) i skill. Den fyrste kampen blei spelt 29.mai som me skreiv om i førre post. Siger mot hamran med scoringar av målmaskina vår Gunnar Hansen og stopparkjempa Pekka Muhonen (29376540) (han har berre scora 18 seriemål i karriera, dvs over 5% blei scora i sitt 3 dagars opphald i Fresvik. Muhonen blei solgt ved ein feiltakelse, fordi me solgte han for 600 000kr meir enn me kjøpte han for.

Fyrste sesongen i VI.432 (hattricksesong 12) endte me på ein grei 3.plass. Sesongen etter kom me på ein ny 3.plass før me vann ligaen året etter, men tapte kvalikken mot Bjørnstad. Eit lag me slo på ah-poeng men me hadde stort sett berre forsvarsfiber i laget, og då blei dei 0-2 tap. Dette var Pål Nygård (48700068) sin fyrste heile sesong i klubben, (som endte med gull).

Året etterpå (hattricksesong 15/Fresviksesong 4) vinn me serien på ny og rykk opp etter å ha slege Black Hole 1-0 i kvalikken. Denne sesongen blei Pål Nygård solgt til nakkelaget for 25 millionar kr, ein overgangsrekord for Fresvik klubben. Men sia Pål spelte starten av sesongen fekk han med seg gullmedaljen frå VI.432 avdelinga.

Sesongen etter var me endeleg i 5.divisjon. Ei stor bragd for klubben med 250 innbyggjarar. Men opphaldet i 5.divisjon varte ikkje lenge. Fresvik klorte seg til ein 6.plass, men tapte kvalikken mot Enebakk Surfers.

6.divisjon (i hattricksesong 17/Fresviksesong 6) gjekk veldig bra. Det blei nytt gull på Fresvikjene. Men tapte ein ny kvalikk (3 av 4 så langt) mot Jallalag fordi me meinte me ikkje var klar for 5.divisjon igjen Pierre Dumon blei blant anna spart i den kampen. Sesongen etterpå blei det nytt gull og ei historisk cupinnsats der klubben kom til 5.runde (som eit 6.div lag!).

Kvalikkampen vann me 1-2 mot FK Godfoten med Pål Nygård tilbake på laget. Etter eit godt opphald i Nakkelaget der han utvikla ballfordelingsevnene hans blei han kjøpt tilbake for 40 millionar kroner. Pål hadde no 3 gullmedaljar i skapet ettersom han fekk eit gull i Nakkelaget også.

Fresvik var no i 5.divisjon fast bestemt på å kontre seg til ein sikker plass på tabellen. Og det gjekk såvidt. Dei kom på ein 6.plass der Fresvik vann 4-1 i kvalikken. Men sesongen etterpå blei det jumboplass og klar for ny sesong i 6.div.

Fresvik var sikre på at dei hadde godt nok lag for 5.divisjon, og laget vann serien i VI.714 suverent i sin fyrste sesong i den avdelinga, og rykka rett opp til 5.divisjon, utan å spele kvalikk for ein gongs skuld.

5.divisjon blei ein braksuksess med ein 2.plass. og sesongen etterpå blei det 1.plass og opprykk til 4.divisjon!

Dette var ei ny milepæl for den vetle bygda. 4.divisjon etter 13 sesongar opp og ned mellom 6. og 5.div var godt for klubben. Stadion blei utbygga til 66 000 og me hadde fått eit nytt supertalent opp frå akademiet. Jan Bolstad. Me hadde også skifta over frå forsvarstrening til ballfordeling, noko som førte til at me blei eit meir angripande lag.

4.divisjon var eit passande nivå for Fresvik som kom på 4.plass etter å ha slått rivalen sin Tuuters 3-1 på heimebane i siste serierunde. Det førte til ein ny sesong i 4.divisjon og ein ny 4.plass for Fresvik. Klubben hadde no etablert seg i 4.divisjon. Men den 3.sesongen satsa me på cup og då blei det nedrykk til 5.divisjon. Spelarar med høg løn blei solgt og det var usikkert om me ville komme tilbake til 4.divisjon innan kort tid.

I 5.divisjon igjen spelar Fresvik i toppen, og tek ein grei sølvmedalje. Året etterpå blir det gull og me kom til ein historisk 7.runde i cupen, men kvalikken tapte me 3-0 mot Hvalgutta med eit reint b-lag. Og den sesongen var sist klubben tok gull, for etter det har dei endt på 5. 4. 3.  5. og 4.plass, grinnen til dei dårlege plasseringane er at me skifta til angrepstrening og me hadde eit lite generasjonsskifte. Akkurat no er me 2 poeng bak serieleiaren med 5 kampar igjen. Vinn me resten blir det vårt første seriegull på 6 sesongar.

Etter den historiske gode sesongen med gull og 7.runde i cupen har aldri laget blitt det same, men er no på veg til å byggje eit nytt lag. Om 2-3 sesongar skal me etter planen ha nokre verdsklasse spelarar med ei vanvittig midtbane. Forhåpentlegvis er me i 4.divisjon igjen då. For det er der Fresvik høyrer heime

0

Snart klart for jubileum i Fresvik

Det er 6år og 364 dagar sia Fresvik blei grunnlagt og alle tidlegare spelarar er velkomne tilbake til Fresvik for å ete vegetarianar kake. Det vil bli mykje mimring… spesielt frå dei fyrste sesongane då me spelte mot rivalen vår Lokomotiv Senja og Gard Nordstrøm spelte på topp, Fredheim som var solid ving, Siviliusen som berre hadde veik ballfordeling men spelte som om han var sold/utmerkt. Gunnar Hansen var ein spiss med målteft og manageren hugsa endå då han gjekk i bringebærrendene å fortalte bror sin om kor god denne spissen var.
Fresviks debykamp føregjekk 29.mai på bortebane mot landås. Det endte med ein sterk bortesiger (14998852). Ove Skøien som spelte venstreback i den kampen er no 51 år og er manager for Alphyddans FF i Sverige. Pekka Muhonen som berre hadde eit kort opphald i Fresvik spelte som stoppar og er endå aktiv i Bolivia, i ein alder av 40 år. Rolf Lium som spelte høgreving er no i Fresvik som salgssjef. Han fekk ein plass på legendeveggen. Vel fortent.