Lagvurdering Archive

0

Halvspelt sesong

Sesongen er halvspelt og det er lite som er avklart. Det einaste som er sikkert er at Mighty Munich rykk ned, og at det blir jamnt i toppen.  Tabellen kan du sjå til venstre, der berre eit poeng skiller 1. og 3.plassen. Fresvik er i tet med 16 poeng og 20+mål, så kjem Stenfeltbakken med lik poengsum, men berre 4+mål. Underdogen Trolldalen ligg på 3.plass med 15 poeng og 8+mål.

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 3.plassen

Frå 3. til 7.plass blir det bingo, heilt garantert, og eg blir ikkje skuffa om tippinga mi blir heilt feil. Dei nye laga i IV.5 kjem til å imponere etter mi analyse. Ryktene seier at fleire lag kjem til å forsterke, bl.a. TSI (som eg skal møte til helga) og det kan gi store rokeringar i tippinga mi.

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 4.plassen

Då er me komne til øvre halvdel, og eg hadde tenkt å spare topp 4 til etter cupkampen, men eg reknar med dei fleste trenar passing eller SP, så då blir AH stats og ratingar urelevant for tippinga. Einaste er om det kjem noke volsomme skadar på nøkkelspelarar, men det er heller usansynleg. 

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 6.plassen

Kven tek den viktige 6.plassen som gjev kvaikk? Me trur som sagt det blir superjamnt i IV.5, og laget som endar på 6.plass kan fort ende på 4. 5. eller 7.plass. I våre auge er det 2-3 lag som skiljar seg ut, som vil kjempe om gull, medan 4-5 lag vil kjempe om sikker plass.

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 7.plassen

Etter ein kikk i spelarstallen til laga i IV.5, så kan eg bekrefte at det blir ein utruleg jamn sesong, og skadar/suspansjonar kan bli svært utslagsgivande. Derfor blir det også vanvittig vanskeleg å tippe tabellplassering, men me prøvar oss, og håpar ingen skyt oss om me kjem med nokre skivebommar.

Read the rest of this entry »

0

Tipping 8.plassen

Etter ein kjapp kikk på dei nye laga i avdeling IV.5 er det lett å sjå kven som får jumboplassen, nemleg det tidlegare storlaget F.C. Mighty Munich. Laget som har spelt så høgt som i 2.divisjon (II.4 i sesong 33 elleve sesongar sia) og vil nok planlegge ein ny plan for å komme i det ytterst gode selskap.

Read the rest of this entry »

0

Storkamp i V.58!

Då er det klart. Kamp nr 7 og 8 skal spelast, og alle sine auger er retta mot Spurt og Todalen Goalscorers! Til helga møtast dei til det som kallast “Storkamp”. 

FK Feilpasning, som ligg på 2.plass kjem til å køyre over Shalala på heimebane, så der blir det utlevert 3 enkle poeng til heimelaget. Derfor MÅ Spurt vinne mot Todalen for å halde på 1.plassen.

Normalt sett vil eg sei Spurt vinn mot Todalen, spesielt på heimebane, men Todalen har faktisk vunne 4 av dei 6 oppgjer! Det som er kjekt er at dei aldri spelar uavgjort. Ingen har fått laget svekka av skader/suspansjonar, og møtte overkommeleg (PIC) motstand førre helg. Viss eg skal tippe, så kjem Spurt til å spele Normal denne helga, og MOTS neste helg, viss førstkommande kamp blir jamn. For så å spele PIC heime mot Shalala. Faren for å gjere dette er at med ein trenar som har elendig (2) i leiarevne, vil det ta lang til å få opp lagmoralen. Så Spurt satsar nok på ein enkel kamp heime, slik at dei føler seg trygge til å spele Normal på bortebane også (Spurt har ALDRI vunne på bortebane mot Todalen!).

Todalen har slitt denne sesongen. Dei ligg nemleg heilt nede på 5.plass, og sia Fresvik skal møte enkel motstand dei neste to vekene, så kan Todalen bli hekta av kampen om medalje etter 2×90 min mot Spurt.

I dei andre kampane, Genuine-Fresvik, Novair-Vorneset, FK Feilpasning-Shalala håpar me på ingen bomber, slik at me beheld spenningsnivået i avdelinga. Og det er nok mykje som skal til for at det ikkje blir to heime- og èin bortesiger i desse kampane.

Viss Todalen skulle klare å stele 3 poeng heime mot Spurt, og Spurt skulle slå FK Feilpasning seinare i sesongen, så blir det heilt opent om gullet, og då vil Novair og Fresvik plutseleg få kjempe om edelt metall også.

Spurt IL handla nyleg inn ein utanlandsspiss, noko som overraska oss, og me reknar med Colac (313009864) er henta inn for for “short time fix” å sikre Spurt seriegullet og opprykket dei lengtar etter. Den hovudsterke spissen scoar allereie i debyen sin, men skal no få vist seg fram for heimefansen for fyrste gong. Me vil berre sei at i Fresvik har me handla vår siste utandlandske spelar, og me vil halde Fresvik norsk! Spurt solgte nyleg sin gamle helt Rolf Holm, spelaren som vaks opp i klubben sitt hjarta, for så å bli solgt til Sverige, før Spurt kjøpte han i 2010 og lot han spele 7-8 sesongar og heile 254 kampar for Spurt! Dette var Spurts svar på Pål Nygård (48700068)! No er han borte, heilt borte, for usle 3 mill. Snakk om å selge sjela si!

Kasami, Todalens manager har vore nokre sesongar i V.58, og har blitt kjent med laga. Manageren er ganske roleg på overgansmarkedet, ettersom dei ikkje har kjøpt eller solgt ein einaste spelar på 5 månadar. Tilogmed ingen av juniorspelarane deira her blitt solgt, så det må vere ein ussel barnehage/skule dei har i Trondheim, som ikkje tilbyr ungane fotball. Juniorlaget slit såpass at dei ikkje eingong klarar å stille lag til kampene sine. Tragisk. Dette lover ikkje bra for a-laget, og kvalikk kampen dei måtte spele sist sesong for å få lov til å spele i V.58 denne sesongen, kan gjenta seg. Og denne gongen vinn dei kanskje ikkje kvalikkampen. Me rettar krass kritikk til Todalen og Kasami, på måten dei opparbeider “talent” i klubben.

 

Manager Engelskmannen tippar 3-1 til Spurt, som spelar utan sjel og lokale heltar…

0

Lagvurdering, topp 5

1.plass
Todalen Goalscorers

Har eit vanvittig bra forsvar og midtbana er også meget imponerande. AH poengane frå 1.serierunde viser at vurderingane mine er etter punkt å prikke 😉
Angrepet er bra, men kan bli betre, og dei viser svakheiter ettersom dei er veldig forutsigbare, og tapte mot oss så seint som 15. september.  Allikvel trur me at dei vinn serien. Det kjem garantert til å bli jevnt, og alle dei 5 beste laga kan i realiteten vinne seriegull. Lite lønnsutgifter (1,7 mill) samt høg total TSI (over 600 000) gir TG overskot gjennom sesongen, og dei kan bruke peng på forsterkningar viss det måtte skje feilskjer. Har allereie tapt ein kamp denne sesongen, men me trur dei kjem sterkare tilbake.

 

2.plass 
FK Feilpasning

Eit meget bra lag som kan ta mange poeng frå alle lag, men når berre nesten opp til. Tek sølvet like bak Todalen. 2,8 mill i lønnsutgifter er heilt i toppen av V.58, viss ikkje det er mest av alle. Har to hovudsterke spelarar på a-laget som kan score mange SE mål for FKF. Manageren viser taktiske kunnskapar ved å slå Todalen i serieopninga på bortebane. MEGET sterk opning av manager bluto. Klarar han/ho å halde oppe det taktiske nivået? Manageren verkar sjølvsikker iallefall. Den neste store testen blir heime mot Fresvik.

 

3.plass 
Spurt IL

Eg tippa Spurt IL som serievinnar førre sesong, men dei skuffa “stort” med 2.plass like foran Fresvik etter siste serierunde. Dei har framleis ganske mange gode spelarar og dei alle fleste spelarane er frå Spurt sin junioravdeling. Ingen utlendingar gir lite lønsutgifter, men me trur ikkje Spurt har peng eller interesse for å forsterke laget slik at dei får betre pallplasseringen enn førre sesong. Me trur faktisk dei endar på ein fin bronseplass.

 

4.plass 
Fresvik i Sogn

Har det verste kampoppsettet, der me spelar mot alle dei dårlegaste laga etter kvarandre (6 PIC kampar), og det hadde vore mykje meir fordelsaktig å spredd PIC kampane litt rundt. Me må slå dei beste for å vinne denne serien, og det gjer me nok ikkje denne sesongen. Forsvaret blir berre dårlegare og dårlegare grunna alderdom, men angrepet blir berre betre og betre. Midtbana har delevis blitt yngre, men me har framleis mange gamlingar. Dei nye midtbanespelarane er langt frå å vere like god med ballfordelinga som dei gamle, men dei held i det minste ut 90 minutt utan å dø av hjerteinfarkt. Blir nok ein variabel og spanande sesong for sogningane. Ingen utlendingar. Endeleg.

5.plass 
Novair FC

Må sei eg alltid har sett ned på dette laget, kanskje fordi dei sleit mykje når dei rykka opp for nokre sesongar sia? Har mykje i TSI og lønn, men me trur dei ikkje er smarte og kyniske nok for ta nok poeng til å sikre ein sikker plass. Me har spelt mot dette laget 5 gonger og berre tapt 1 gong, (2 U, 2 sigrar). Novair vinn nok mot dei beste, men tapar mot dei beste (bortsett frå enkelte kampar, dei var bl.a. utruleg heldige som tok eit poeng i Fresvik).
Har elendig midtbane og må nok satse på kontringar.


0

Lagvurdering, botn 3

6.plass
Vorneset United

Eit av dei nyopprykka laga som faktisk vil vinne kampar denne sesongen. Dei kjem garantert til å slå dei andre nye laga i avdelingen. Men me trur dei ikkje er gode nok for å kjempe om poeng mot storlaga som Spurt, Fresvik, Todalen, FKF og Novair. Dei har ein meget god forsvarar, Poeter Piringer, 25år  strax og  blir som oftast brukt på backen pga sin gode innleggsfot (bra ving-skill). Han blei henta for ein mnd sia for ca 20 mill, ein stiv pris for ein forsvarar no til dags, men han har starta med å spele seg inn i hjartene til Vornes fansen. Med sine 200 000kr i vekelønn tek Piringer nesten 15% av lønnsbudsettet til heile laget. No spørs det om Vorneset hentar inn fleire spelarar av same kaliber, men me trur ikkje dei har peng til det.
Resten av laget er så som så. Dei har eit par skadar som kanskje vil hemme dei litt i seriestarten, men uansett, med eller utan dei største stjernene vil dei vinne mot dei “nedrykksklare” laga, og tape med dei 5 gullkandidatane.

212 ah poeng heime mot Shalala i 1.serierunde er heilt greitt, men langt bak storlaga. Reknar med dei må kjøpe til seg 70-80 ah-poeng for å kjempe om poeng (og ein betre tabell plassering enn 6.plass)

 

7.plass 
Shalala FK

Opna borte mot Vorneset på bortebane, fekk juling og tapte 3-1. Smått utruleg at dei berre tapte med 2 mål.
Midtbana er dårleg, forsvaret er elendig og angrepet er ok sentralt, men på kantane sug dei balle. Og med ei samla lønn på 365 000kr i veka så vil dei i det minste gå i pluss denne sesongen. Keeperen deira ser ut til å vere meir bak mål enn foran, for han spelar så dårleg at laget vil sleppe inn maaange mål denne sesongen. Lukke til i VI. neste sesong. Kanskje rykk de opp viss de endar i ein BOT-liga…

178 ah poeng imponerar ingen. Rett ned til VI.div. Kanskje blir det poengdeling i begge kampane dei spelar mot Genuine? For begge lag er møkk iallefall!

 

8.plass
Genuine

Nok eit nedrykksdømt lag som teknisk sett ikkje har noko å spele for. midtbana er middelmodig i beste fall, forsvaret rotar sikkert ballen bort meir enn ungane i Fresvik Barnehage rotar vekk leikene sine. Angrepet skremmer ingen. Fasit: Lite mål, mange baklengsmål. Einaste sjangsen Genuine har, er å spele MOTS for å prøve å styre kampen. Men det er vel ikje stort hjelp i når dei ikkje scorar på sjangsane sine? Og med ein gong forsvaret gir vekk ballen  blir det ball i nettet å hente for Frøyland (318307234)

230 000 i vekeløn og 180 ah poeng i serieopninga på heimebane. Det positive er at dei har 27 nordmenn, så det pressar lønningane ned, men midtbanetalenta er alt for unge og den beste spelaren deira er 18 år. Helge vil ikkje klare å styre laget til mange poeng. kanskje 2 eller 3? Viss manageren er god nok, så kan dei kanskje vinne to kampar mot Shalala?

0

Tipping 1.plassen

Då var den her. 1.plassen, og det er kanskje vår største rival me tippar på toppen av tabellen. Grunnen skal du få lese her:

1.plass: Spurt IL

Spelarar: 20 stk
Snittalder: 23
Kondisjon: Utmerkt
TSI: 424 900
Løn: 1 518 500
Spesialitet spelarar: 8  (Rask 3,  Hovud 2, Omskifteleg 2, Sterk 1)

I sju heile sesongar har me spelt mot Spurt, og dei 11 fyrste kampane tapte Fresvik berre èin gong! Men dei 4 siste oppgjera har Spurt slått på turboen og tatt rotta på oss 4 gonger. (i tillegg har dei slått oss i ein treningskamp).

Hovudgrunnen til at me tippar Spurt på 1.plass er den fantastiske måten dei driv klubben. Heile 75% av laget er oppfostra i klubben, dvs at nesten alle overpresterar når dei spelar kamp. I tillegg har dei ein samla TSI på nesten 500 000. Dette MÅ bli gull! Å ha trent opp både forsvar, angrep og midtbanespelarar til det nivået dei er på no, er rett og slett imponerande. Dette er langsiktig jobbing, og dei får endeleg betalt for det. Førre sesong kom dei på 2.plass, denne sesongen, etter å ha slått FK Feilpasning 2-1 i ein tøff bortekamp, trur me dei tekk edelt metall. Forskjellen mellom Spurt og Gekko er nemleg lojalitetsbonusen, og når dei skal møtast på Spurt si storstove den 5.serierunden, trur eg me vil sjå eit offansivt Spurt lag som tek alle 3 poenga. tommy35 kan fort sjå ut som tommy12 etter den kampen.

Laget har mange stjerner, men den største av dei er kanskje Jarle Skjeldstad som er keeper for Spurt. Han har vore i klubben i over 8 sesongar, og står som ein vekk bak forsvaret.

Spurt kan spele med både 3 mann bak, eller 5 mann bak (som i cupkampen). Spurt trenar forsvar for øyeblikket, og ein skal ikkje sjå bort frå at dei legg om til 5 mann bak når dei møter hard motstand som Todalen og Gekko, men samtidig kan dei spele med berre 3 mann bak, og satse alt framover. Ein manager som bytar på takikken er naudsynt for suksess i V.58.

Den største svakheita til Spurt er den tynne stallen. Med berre 20 spelarar og 4 spelarar med TSI under 1000, kan det slå negativ ut viss det skulle komme skadar/suspansjonar. Spesielt på midtbane er det tynt. Og om midtbanemotoren Hattestad skulle bli satt ut av ein aggresiv motstandar, så kan det fort bli 0 poeng i kampar der ein vanlegvis vil få 3 poeng.

På grunn av mange oppforstra stjernespelarar, trur me Spurt vil klatre heilt til topps i år! Me trur ikkje dei rykk rett opp, men må ut i kvalikk for spel i IV.div. Om dei vinn ein eventuell kvalikk er vanskeleg å seie, men dei fortenar å spele om ein plass i ein høgare divisjon

 

Dei siste 3 tippingane, har eg ikkje sett over skrivefeil, og pga engelsk datamaskin, så har eg ikkje retteprogram. Beklagar viss det er skrivefeil her og der.

-Engelskmannen