Lagvurdering Archive

0

Tipping 2.plassen

Då var me komme til 2.plassen, og dette kjem kanskje som ei overrasking på dykk, men etter mykje analysering og studering av både spelarstall, taktikk, cupsatsing og coachingferdigheiter, så tippar me:

2.plass: Gekko’s

Spelarar: 27 stk
Snittalder: 25
Kondisjon: Brukbar
TSI:  1 196 850
Løn: 3 450 720
Spesialitet spelarar: 12  (Hovud 3, Omskifteleg3, Rask 2, Sterk 2, Teknisk 2)

Tidlegare har me gått ut å sagt at Gekko’s var store favorittar til å vinne serien i V.58, men etter å ha sett på dei andre laga, så trur me faktisk dei endar på ein skuffande 2.plass. Manager tommy35 har låge målsettningar med “topp 3” medan lønnsbudsjettet deira seier noko anna. Med ca 3,5 mill i veka, så er alt anna enn 1.plass og direkte opprykk ein skandale. Men så skal tommy35 satse cup, og så hissar han på seg andre managerar, slik at laget vil skuffe i dei avgjerande kampane. Det er vår spådom. Laget er veldig bra, og over 300 ah-poeng med PIC er imponerande, men kor lenge held det? Kjem det eit par skadar, f.eks på keeperen, eller på den sterke tagetman’en Elias Kranichstein, så trur me dei vil slite mot lag som FK Feilpasning, Todalen og Fresvik. Laget har heile 27 spelarar, og utan å gi speletid til alle, (sia dei satsar cup) kan det påverke formen negativt.

Før sesongen, etter opprykket frå VI.div, så brukte manageren mykje peng på å forsterke laget. Det tek sjølvsagt tid før spelarar presterar på sitt beste etter eit klubbskifte.

Dei har for øyeblikket 3 spelarar ute for salg, er dette eit tegn på trang økonomi? Ifølge tommy35 så er det ikkje det. Han seier dei kan forsterke laget ytterligare viss det trengs. Me trur det trengs.

Dei fekk ein enkel kamp i 1.serierunde, og i dei 2 første cupkampane, men det er no alvoret startar for Gekko’s. Klarar dei å halde nivået oppe? Kjem dei til å svi av ein MOTS i cupen? Kven skal dei møte i serien kampen etterpå? Viss dei kjem til 5.runde, og svir av ein MOTS der, så ventar bortekamp mot Spurt i serien nokre få dagar etterpå. Dette trur me blir fatalt for storklubben som kom frå VI.div.

Gekko’s har spelt på seg stor sjølvtillit i VI.div, men det er stoooooooooooooooor nivåforskjell på VI.div og V.div, derfor trur me laget frå Aust Agder treng meir enn berre 14 veker på å rykke rett opp til IV.div. Derfor 2.plassen.

0

Tipping 3.plassen

Då er det komme til 3.plassen. Me håpar å bli ferdige med tippinga før 2.serierunde startar. Uansett, me veit kven me tippar på 3. 2. og 1.plass, det er berre å få tid til å skrive analysen

3.plass: FK Feilpasning

Spelarar: 25 stk
Snittalder: 28
Kondisjon: måteleg
TSI: 511 370
Løn: 2 364 160
Spesialitet spelarar: 9 (Hovud 3, Sterk 3, Omskifteleg 2, Rask 1)

FK Feilpasning ligg ganske likt med Blaugrana TSI og lønnsmessig, men spelemessig er dei i ein heilt anna liga. Dette laget kjem garantert til å ta medalje, viss ikkje Todalen finn på noko lurt. Laget kom frå IV.22, og må no spele i V.div. Dette er ein divisjon som passar dei betre. Laget er heilt greit. Ikkje noko fantastisk, og ikkje noko dårleg. I serieopninga tapte dei 2-1 mot Spurt, ikkje uventa, og spelte til 280 ah-poeng, noko som ligg på same nivået som oss. Forsvaret og angrepet er ganske bra,  medan midtbana er nesten litt dårleg. Men det held såvidt.

Torgeir Bye er lokalhelten som motstandarane må passe seg for. Han er født og oppvokse rundt klubben og spelar midtspiss. Sjølv om han berre har scora fattige 6 mål i karriera si (3 sesongar, 12 veker), så er dette ein mann som gir angrepet til FKF noko ekstraordinert.

Grunnen til at FKF ikkje har så god midtbane som ein kanskje skulle ynskje er at dei spelar i ein 3-4-3 formasjon med ein offansiv ving som likar å skifte kant. Om FKF satsar på høgre eller venstre side er neimen ikkje enkelt å sei. Er bluto ein luring? Me får sjå kva han kan stelle til på laurdag når dei kjem på besøk til Fresvik.

Konklusjon: Sia dei rykka ned frå IV.div, så må målsettinga deira vere å rykke opp igjen, men me trur ikkje dei har nok kvalitet til å kjempe om edelt metall. Dei klarar nok mest sannsynleg å ta bronse, men ikkje  noko betre enn det. Manageren (bluto) ser ut til å vere ein luring, og kanskje har han eit ess i ermet? Me får sjå. Lukke til!

0

Tipping 4.plassen

Me såg at FC Blaugrana handla mykje i sesongpausen, og brukte tilsaman 75-80 mill på nye spelarar. Me trudde dei handla inn kvalitet, men etter 1.serierunde ser det ikkje slik ut. Me trur faktisk Todalen kan klatre forbi Blaugrana. Men uansett skal me analysere laget før me dømmer dei nedover på tabellen. 

4.plass: FC Blaugrana

Spelarar: 22 stk
Snittalder: 25
Kondisjon: Utmerkt (høg!)
TSI: 495 860
Løn: 2 307 530
Spesialitet spelarar: 11  (Hovud 4, Sterk 3, Rask 2, Teknisk 2)

Laget rykka opp frå VI.div, og kom med eit dårleg lag, men handla mange spelarar i sesongpausen. Me trudde dei hadde brukt i underkant av 80 mill på gode spelarar, men det ser ikkje slik ut. Ein dårleg 1.runde frå laget frå Nordland, men dei klarte å vinne 3-0 mot divisjonens dårlegaste lag.  Grunnen til den dårlege prestasjonen til Blaugrana er også pga at dei ikkje har keeper og den dårlege formen dei har etter å ha trent mykje kondisjon i sesongpausen. Kondisjonssnitt på utmerkt er rett og slett imponerande, men så er formen i snitt måteleg (svært låg!)

Dei er også i fare for å tape i cupkampen på onsdag, sia angrepet er skrekkeleg dårleg (spelar med berre ein spiss). Me er faktisk spente på om dei klarar å få kvalikk plass, eller om dei rykk rett ned.  Men ein formboost kan skaffe laget mykje poeng mot dei jamngode laga. Midtbana er veldig sterk viss dei får opp formen. 2 innerar med [hovud] og ein [rask] kan score/skape mange mål.

Svenske Søren Davidsson (292444898) er spelaren som skal styre midtbana til Blaugrana, men for øyeblikket har han måteleg form, men når formen stig blir han ein viktig mann for laget sitt.

4-5-1 med to offansive vingar scorar for få mål, og det ser ut til at dei trenar ballfordeling, men gamle vingar (begge 36 år) gjer at me lurar litt på kva manageren driv med…

Konklusjon: Pga den sterke midtbana til Blaugrana trur me dei kan fort ende på 4.plass, men viss formen forblir dårleg så kan dei fort ende lengre ned på tabellen. Eg trur det var ein tabbe av dei å trene så mykje kondisjon, men kanskje vil dei score mange mål på slutten av kampane? Tida får vise, dei tek nok uansett ikkje mange poeng i starten av sesongen. 3.cuprunde er i fare også, for det kan fort bli tap på onsdag. 4.plass, og ikkje noko høgare plassering.

0

Tipping 5.plassen

No byrjar det å bli jamnt, og kven som tek 3. 4. og 5.plassen er utruleg åpent. So åpent at me må gjette her. Me har sett på laga sine TSI, AH poeng, Lønn, overgangar, lojalitetsbonusar etc, og komme fram til at 5.plassen mest truleg vil gå til:

Todalen Goalscorers

Spelarar: 20 stk
Snittalder: 27
Kondisjon: Brukbar
TSI: 495 550
Løn: 1 880 340
Spesialitet spelarar: 5  (Omskifteleg 2, Sterk 1, Hovud 1, Teknisk 1)

Laget som førre sesong stal 3.plassen frå Fresvik trur me stel 5.plassen foran same lag denne sesongen. Todalen er eit veldig bra lag, og etter at dei forsterka midtbana over sesongpausen, so kan desse sanke mange poeng. Dei har også eit enormt forsvar, og Olav Nilsen (259686185) med TSI på  132 600 er ein mann som blir viktig for Todalen.

Siste runde i fjor spelte dei mot Spurt (som endte på 2.plass) og tapte 3-0. Og sjølv om dei har forsterka over sesongpausen, så trur me dei vil slite med å slå superlaget Spurt. No når sterkare motstand kjem opp/ned til V.58 so vil ikkje Todalen unngå kvalikk.  Todalen med sin 3-5-2 formasjon er mektig gode framover på bana, og forsvaret er bra. Midtbana er så som så, men godkjent for eit middelmodig lag i V.div.

Manager Kasami er sånn passe aktiv på forumet, og me ser på han som ein god taktikkar, når han har dagen. Han har haldt koken sia 2005, og er nesten den mest rutinerte manageren i V.58. At han spelar med 4-5-1 formasjon i treningskampane gjer at laget har fleir streng å spele på. Kanskje kan det komme uvante formasjonar frå Kasami og co?

Det ser ut til at Todalen har lyst å score på kantane neste sesong, for dei trenar innlegg/ving. Dei har eit bra talent i oppfostra Jon Martinsen, men ein alder av 17 er kanskje litt for ungt for å utgjere forskjell i ein tøff liga som V.58.

Dei skal ut i elden mot Fresvik i Sogn, og blir det tap her kan FiS og Todalen fort byte plassering på tabellen etter endt sesong, men Todalen er vanlegvis sterke på heimebane.

Konklusjon: Todalen fekk berre 1 poeng på heimebane mot Novair førre sesong, og det er slike resultat Todalen må unngå. Dei må vinne alle heimkampane mot dårlegare lag viss dei skal halde Fresvik bak seg på tabellen, og det trur me dei gjer. Dermed 5.plassen

0

Tipping: 7.plassen

Laga handlar framleis heftig, og det kan fort komme korreksjonar av tippinga, men laget me trur endar på…

7.plass: Novair

Spelarar: 16 stk
Snittalder: 25
Kondisjon: Brukbar
TSI: 342 150
Løn: 1 355 960
Spesialtiet spelarar: 6  (Omskifteleg/teknisk2, hovud 1, sterk 1) 

Novair imponerte meg førre sesong, og berga plassen ved å stela poeng frå alle topplaga utanom serievinnaren, og vinna kvalikk-kampen på straffespark. No ventar mykje tøffare motstand, og me trur ikkje Novair er klar for motstanden som kjem. Denne sesongen har me meir kjennskap til Novair, og dei bør ikkje overraske dei andre laga. TSI og Lønnsmessig er ikkje Novair så langt bak Fresvik/Spurt, men ein tynn stall gjer desse veldig utsatt for skadar og suspansjonar.

Spelaren ein bør passe seg for er Miahly Nagy (267910526). Den ungarske spissen kan slå uventa og geniale passningar framfor mål, som kan skape mange “ufortjente” sjangsar til Novair. Han scora heile 5 mål mot oss førre sesong.

Trenaren er ikkje spesielt aktiv (sjølv om han har logga inn 5 gonger på 1,5 døgn) og spelar med ein keisam 4-4-2 formasjon utan å spele treningskampar på onsdagane. Den beste lagdelen til Novair er forsvaret. Dei spelar med ein defansive ving, og backane spelar inn mot midten. Dette gjer at dei er vanskelege å score mot. Angrepsmessig er dei heilt greie, Nagy er som sagt ein trussel, og med ein god ving på høgresida kan dei skape sjangsar på kantane også. Men problemet til Novair er når dei ikkje vinn midten, det er då dei slit. Midtbana er ikkje all verden. To indreløparar som byrjar å dra på åra, men desse er begge to i bra form (solid/utmerkt) så ein skal ikkje sjå bort frå at Novair ligg litt høgare på tabellen enn 7.plass etter halvspelt sesong. Solid leiarevne på trenaren kan hjelpe på lagånda i starten når dei spelar cupkampar.

Kva trenar Novair? Vel, etter det me kan sjå har den 29år gamle keeperen deira blitt ufatteleg mykje betre sia dei kjøpte han for nokre år sia, men han er no 29 år, og me still spørsmålstegn til manageren. Er det egentleg helsemessig forsvarleg å trene ein så gammal mann?

Konklusjon: Med same formasjon, same lagoppstilling, same keisame taktikk er det lett å sjå kva Novair stiller med, men uansett så skal ein ikkje undervurdere dei. Me tapte 6-0 og spelte 3-3 mot dei førre sesong, og me trur både me og andre lag har tatt lærdom frå det. Neste sesong trur eg Novair rykk ned til VI.div, for denne avdelinga byrjar å bli temmeleg bra.


7.plass: Novair
8.plass: Toten Spurs

 

0

Tipping av kommande tabell

Neste sesong står for døra, og me har ein vane for å tippe korleis tabellen vil sjå ut etter 14 serierundara. Denne sesongen er intet unntak. Sia det er hektisk på overgangsmarkedet, så ventar me endå litt med å tippe alle laga. Men me skal starte med jumboplassen i dag. For me trur dei er fortapte, og det ser ikkje ut til at dei kan investere mange millionar i eit nytt lag.

 

8.plass: Toten Spurs

Spelarar: 28 stk
Snittalder: 27
Kondisjon: Brukbar
TSI: 98 650
Løn: 435 640 
Spesialtiet spelarar: 13 (Sterk 4, omskifteleg/rask 3, hovud 2, teknisk 1) 

Toten Spurs ser ut til å bli sendt rett ned til VI.div. Dei har eit svakt lag, der den totale lønna er ein brøkdel av mange andre klubbars lønnsbudsjett. Dei har mange gamle spelarar, men det er tydleg at Toten Spurs er glad i spesialitet spelarar. Heile 13 stk er ekstremt gode på eit eller anna.
Toten rykka opp frå den 810. beste VI.div (av 1024) i landet, og det er ikkje spesielt imponerande. Dei har ei bra midtbane, men resten er søppel for å sei det pent.
Kva dei trenar? Nei, neimen om me veit det, pga den sterke midtbana, ville me tippa ballfordeling, men når dei spelar med ein 37åring som indreløpar, så er jo det hol i hovudet. Vingane er 32, og 29 år og ikkje noko gode heller. Keeperen er ein 29 årig spanjol som er meir interessert i eigne ballar, enn dei som blir brukt på treningsfeltet, skal me tru speidaren vår som tok ein kikk på laget frå Toten.
Den farlegaste spelaren deira må vere Morten Sandanger (273395570) som tek ein tidel av den totale lønna til Toten.

Toten skal ut i ein tøff cupkamp på bortebane mot eit lag frå VI.div. Denne  kampen er heilt open, men viss manageren til heimelaget er litt meir aktiv enn totengutten, så vil Toten få ein tidleg cupexit denne sesongen. Miserabel sesong med andre ord.

Ein så forutsigbar manager som totengutten, så vil det bli enkelt å ta 3 poeng mot dette laget. Midtbana er som sagt bra, men resten kunne aldri vore verre. Ingen av spelarane på laget til Toten ville fått startplass på Fresvik’s lag.

Toten Spurs 0 poeng etter 14 kampar!

1

Onsdag 21.mars

Onsdag 21.mars var ein lang og stor dag for Fresvik. 

Tidleg på dagen var siste meldingane frå legane at ingen av dei 4 skadde spelarane blei speleklare, dermed måtte me stille redusert, og med berre 2 forsvarsspelarar. Når kampen starta gjekk me rett i angrep, og me stoppa ikkje før det sto 7-0 i målprotokollen. Men undervegs i kampen fekk me BEGGE forsvarsspelarane våre skada. I tillegg til ein playmaker. På toppen av det heile så fekk ein av våre beste midtbanespelarar ein kakk i hælen og måtte halta rundt på bana resten av kampen.

Dermed hadde me 7 spelarar som var skada, i tillegg til ein halvskada på onsdag kveld. Det såg mørkt ut foran kampen mot Novair på laurdag, i tillegg til rival-kampen mot Nakkelaget på måndag. No var gode råd dyre. Det positive var at det var nesten 50 000 som kom på cupkampen. Litt skuffande ettersom dette skulle vere ein jamn kamp.

Ein av dei skadde spelarane var den 36 år gamle trenaren vår Eirik Kristoffersen, som no mest truleg ikkje kjem tilbake til fotballbana, han var ein god backup, men er no ute resten av sesongen, og snart er det på tide å gi ansvaret til nokon andre.

Medan me venta på at vår neste cupmotstandar skulle dukke opp, var me innpå laga me held eit auge med, som Nakkelaget, Eplehagen, Modig, Gullfiskane, Team Taktikk. Og når me klikka innpå Flata Champions (som var rivalen vår i 7 sesongar) så såg me at dei framleis var med i cupen, då me klikka inn på “kampar” såg me at dei skulle møte oss!!! Dermed blir det to rivaliseringskampar neste veke!

Nakkelaget FC på måndag (NTK-Turnering)
Flata Champions på onsdag (CUP)

Fantastiske nyhender!

Men med 4 skadde forsvarsspelarar ligg me dårleg an, og det kan fort bli 3 tap på rappen viss me ikkje gjer nokre drastiske endringar

Fresvik-Novair:
Laurdagens seriekamp. Me trudde ikkje Novair skulle vere SÅ gode som dei har vist dei siste kampane, og me må faktisk kjempe hardt for å vinne denne kampen. Litt keisamt sia me har lyst å komme langt i cupen. Me henta inn ein kantspelar til denna kampen, men usikker på kor mykje speletid han vil få, ettersom Bell kanskje er tilbake etter skade. Formoppdateringa i kveld vil avsløre det meste.

Fresvik-Nakkelaget
NTK-Turneringa vart sparka igang førre måndag, og me starta med eit knepent tap mot 4.div laget Gullfiskane. Nakkelaget spelte 3-3 mot Team Taktikk (begge er i 5.div). Fresvik har aldri kunne toppa laget heilt mot Nakkelaget, og det vil no bli veldig spanande å sjå kven som er best i Sogn. Me er sjølvsagt veldig svekka bakover, medan NFC har handla inn superkeeper. Her er me store underdogs, og det er bra dette er ein treningskamp der sjølvtillitta/lagånda ikkje blir endra. Viss me hadde kunna, hadde me spelt MOTS her…

Fresvik-Flata Champions
6.runde i Cupen. Gammal rival frå V.58, og endeleg skal me møtast i cupen. Me gledar oss til å få besøk av telemarkslaget, og me bygg sjølvtillitt av at laget aldri har vunne i Fresvik.  7 kampar har blitt spelt der, 3 sigrar og heile 4 uavgjort, med ein imponerande 3,4 mål i snitt når desse laga møtes (over 14 kampar). Veteranen Pål Nygård kan få ein rolle her på trenarbenken, for å gi tips om motstandaren. Dette er altså 6.runde i cupen, noko me er fornøgd med. Me bestemte oss for å ikkje handle spontant, og det skal me ikkje gjere før denne kampen heller. Me skal ikkje svi av budsjettet for èin kamp der me tapar på uflaks. Det har me gjort før. Me håpar uansett på fullsatt stadion (iallefall over 70 000) og ein spanande kamp (kanskje uavgjort?)

0

Analyse av laga i V.58

Etter fyrste serierunde er det no mogeleg å ta ein kikk på dei andre laga, for å analysere nivået litt. Nokre av laga handla i siste liten før sesongen starta så det var kanskje greitt at me ikkje tok den grundige analysen i sesongpausen.

1.Rykende Ørn

Laget som rykka ned frå IV.div er storfavoritt til å ta gullet i år. Me trur dei kan gå ubesigra gjennom heile sesongen. 4-0 sigeren i 1.serierunde viser at dei blir vanskelege å slå, uansett bane. Deira totale TSI er ca 830 000 og har eit lønnsbudsjett på ca 2,8mill i veka. Nesten samtlege spelarar scorar høgt på lojalitetsskalaen også. Forsvaret er bra, angrepet er bra, midtbana kan bli betre, men er framleis veldig bra. Overall: nok til å ta gull i V.58. 308 ah-poeng er godkjent på heimebane.

2. Fresvik i Sogn

Me trur FiS tek sin 3.sølvmedalje på rad denne sesongen, tidlegare har me satsa på gull, men denne sesongen gjer me ikkje det, me skal campe i V.58 og det kan bety at me kan ende litt lengre ned på tabellen enn 2.plass. Serieopninga starta ikkje så alt for bra, men me hadde forventa og tape den kampen. Me var litt uheldige med utvisning og dårleg utteljng på sjangsestatestikken. Me har bra forsvar, bra angrep med vingangrep, men midtbana er vår svakheit. Mange gamlingar som kan forsvinne iløpet av sesongen. Me henta inn ein ung midtbanespelar men me veit ikkje kor lenge han blir i klubben heller. Kjem det eit godt tilbod så er han ut portane. Me har lønsutgifter som egentleg er litt for høgt, men når me selg Andreassen så vil det det synke 280 000kr. Totale TSI’en er 557 000, men når vår beste spiss forsvinn, så kjem me på under 500 000. Ikkje bra med andre ord. 275 ah-poeng på bortebane er bra, men er taktikaren god nok?

3. Todalen Goalscorers

Imponerte i fjor, og vil nok kjempe i toppen denne sesongen, dei klatra opp på 3.plass etter siger i siste serierunde førre sesonge. No starta dei sesongen med ein imponerande 2-0 siger mot veteranen Spurt IL. Dei har ei omtrent like god midtbane som Rykende Ørn og har imponerande forsvar og angrep, men me trur ikkje dei er taktiske kloke nok til å ta sølvet framfor oss. Dei fekk nokre skadar, men sia dei berre var 1-2 veker så vil det nok gå bra. Totale TSI’en er 430 000 og løna ligg på 1,4 mill i veka, men med berre 17 spelarar i stallen er ikje det så gale tal. Dei har lagt ut ein av vingbackane ut for salg, men for ein høøøg pris, så det kan fort at dei gode spelarane blir i klubben. Har bevist at dei er betre enn Spurt og vil nok kjempe om sølvet til siste serierunde.

4. Spurt IL

Har spelt 84 kampar i V.58 og byrjar å bli ein av dei etablerte laga i avdelinga. Men dei har alltid slitt mot dei beste laga, så dei vil nok ende på ein akseptabel 4.plass. Dei har fleire spelarar som er fostra opp i junioravdelinga, noko som betyr at dei får ekstra lojalitetsrating. Dei hadde imponerande ratingar i serieopninga, men me trur ikkje manager Jardarrike er kunnskapsrik eller har nok kløkt til å vinne dei jamne kampane. Dei to neste kampane er mot Rykende Ørn og Fresvik, så dei kan fort stå med 0 poeng etter 3 kampar, noko som vil bety ein tøff start. Men begge kampane er på heimebane, så alt er mogeleg. Totale TSI’en 400 000, løn: 1,5mill.
Dei er nok gode for ein sikker plass, men ikkje for medalje. Igjen

5. Techno Flyers

Laget rykka opp frå VI.div etter kvalikkamp. Har eit ok lag, men vann litt heldig mot Novair FC i serieopninga. Denne sigeren var veldig viktig får å ta den uviktige 5.plassen foran 6.plassen. Angrepet er bra, forsvaret er dårleg og midtbana er ok. Kan bli mange baklengsmål, men viss dei vinn midtbana og møter lag som slit bakover kan det bli enkle kampar for Techno laget. Heilt grei 5.plass, men langt bak topp 4

6. Novair FC

252 ah poeng i serieopninga på bortebane er ikkej så værst for eit nyopprkka lag. Men midtbana og angrepet er ikkje godt nok. Har dei eit så dårleg lag, så bør dei spele kontringsfotball, noko dei ikkje gjer. Dei handla inn nokre nye spelarar foran starten på sesongen. Løna ligg på berre 1,1 mill i veka og TSI’en er på 240 000. Med fleire nye spelarar vil ikkje få lojalitetsbonusen som dei andre laga i V.58 har. Dei er klart betre enn dei to dårlegaste laga, men me er spente på den taktiske eigenskapen til manager marbyz. Ein lite kunnskapsrik manager kan gjere mykje skade på eit lag.

7. Awesomeness!

Eit av dei to laga som rykka direkte opp, har eit håplaust lag og er dødsdømt. Dei kjem til å rykka direkte ned igjen. Dei får satse på cupen, kanskje kjem dei til 3.runde? Men kult namn då

8. Storøya Kickers

Tapte 4-0 mot Awesomeness! som spelte med 10 mann i ein time. Det seier sitt… Over og ut. 0 poeng etter 14 kampar? jepp, i think so

0

Ståa etter 4 serierundar

ca 30% av seriekampane er spelt og ein kan no danne seg eit bilete av korleis tabellen kjem til å sjå ut etter 14 kampar.

Lofoten og Fresvik toppar tabellen med full pott (12 poeng), medan Spurt og Todalen følg etter med 7 og 6 poeng. Allereie hekta av kampen om gull og sølv. På toppscorar-lista har Lofoten 2 spelarar på topp med 6 og 5 mål, medan Fresvik har daudball “ekspert” Jimmi Mathisen på 3.plass med sine 4 mål.

Fresvik ligg 6 poeng bak Higgins Heroes på maratontabellen (HH: 273 poeng på 154 kampar, FiS: 267 poeng på 130 kampar) og 12 mål bak det mestscorande laget i V.58 (388 mål, Døckz: 400 mål (på 154 kampar))

Mykje tyder på at Fresvik kjem til å toppe begge dei statestikkande i nær framtid, men først må dei slå Lofoten på heimebane neste helg. Det blir ein formidabel test, og FiS inviterar alle Fresvikjer til å ta turen til den utvida Grasbanao i Fresvik (plass til over 70 000).

Helgas kamp mot Bjørklangen var ingen enkel kamp, sjølv om me lada mest opp til cupkampen på onsdag. Me brukte også ein debutant i dag, playmakeren Reidal Møll som kom til klubben på fredag. Han kom innpå etter ein times spel, og gjorde ein bra figur, me reknar med det blir meir speletid på onsdag. Espen Hagenlund forsvann derfor i dag for 14 mill etter nesten 6 sesongar i klubben. Lukke til i Polen Espen! Hans først utanlandseventyr.

1. Lofoten har spelt svært bra denne sesongen, og me er ikkje overraska over at dei toppar tabellen (på målskilnad). Viss dei teke poeng mot oss så trur eg dei tek gullet. Viss me vinn så er det heilt opent og 50/50 sjanse for kor gullet endar. Dei har henta inn knallgod keeper sia seriestart og han blir det vanskeleg å score på. Dei har også, noko overraskande, lagt om til 5 mann bak, noko som fører til at dei spelar mykje på kantane, og svekkar midtbana litt. Dette er gode nyhende for oss, så lenge me klarar å trenge gjennom forsvarssmuren deira.

3. Spurt IL det einaste laget som framleis er med i cupen, bortsett frå Fresvik. Dei høyrar definitivt oppi toppen av V.58, og me er glade for at me har spelt mot dei allereie (vann for 10.gong på rad). Så no ønskar me dei lukke til i cupen og mot Lofoten på bortebane om 2 veker. Viss dei spelar mot sitt beste, så kan dei ta poeng der. Dei har vore utruleg uheldige med skadar, og 30 millioners spissen dei kjøpte blei skada i sin andre kamp for klubben. Akkurat no ser det ikkje lovande ut for cupavansemang. 4 stk skada (til saman 7 veker)

4. Todalen Goalscorers 2 sigrar, 2 tap, 2 mål i snitt per kamp. Har spelt mot både Fresvik og Lofoten, så dei vil nok sanke meir poeng i nær framtid, og ein 4. 5. plass er nok ein naturleg målsettning for det nyopprykka laget. Bra lag, men litt for hissige (allereie sanka 5 gule + 1 raudt). Men eg trur dei tek 6 poeng på dei neste to kampane.

5. Motorpsycho overraska då dei tok poeng mot The Cballers, men har ein lite aktiv manager, og klarte ikkje å sette opp treningskamp tidlegare denne veka. Har endå ikje møtt Lofoten + Fresvik, så her er det fleire tap i vente, og me trur dei endar på ein 7.plass, sjølv om dei ligg på 5.plass per dags dato.

6. Bjørkelangen SF Har spelt mot Spurt (2-2), Lofoten (0-3), Cballers (0-0) og Fresvik (1-2). Dette er eit lag som kjem til å slå både motorpsycho, BOT laget og kanskje kjempe om poeng mot Todalen. Neste kamp mot Cballers trur me dei teke 3 poeng. Så dette laget vil klatre på tabellen.

7. The Cballers Har skuffa, og omlegginga av treninga har mykje av skulda for det. Også uvittige spelarkjøp har gjort at laget er meir svekka enn naudsynt. Har eit bra forsvar (framleis), ok angrep, men dårle midtbane. Og dei spelar 3-5-2… då er det noko som ikkje heilt stemmer. Klarar nok kvalikkplass, men må kanskje forsterke viss dei vil vinne den kvalikkampen.

2. Fresvik Me hadde ikkje tenkt å vurdere oss sjølv, men så gjer me det likevel. Me har starta greit. Spelt 2 av 4 kampar Play It Cool, så me er godt nøgd. Me er framleis med i cupen, har forsterka laget sia seriestart og har endå ikkje fått ein einaste skade på laget etter 8 cup/seriekampar. Fantastiske tal egentleg. Einaste som føre til at FiS snublar er vel at dei sett innpå Legenda for tidleg i kampen, og dei han blir frålaupt og motstandaren scorar mål i sluttminuttane. Men det er viktig at han når 450 kampar for FiS før han legg opp, og viss det blir opprykk, så blir det ikkje mange speleminutt på Pål. Salg av Erik Andreassen kan også føre til svikt i angrepet, men me håpar å behalde han til bortekampen mot Lofoten.

 

0

Lagvurdering: Fresvik og Lofoten

Då har me analysert alle laga i avdelinga vår bortsett frå Fresvik og Lofoten. Me trur desse to laga kjem på topp 2, og det vil bli jamnt.

Me trur nemnleg det vil bli svært tett mellom 1. 2. og 3.plass i V.58 denne sesongen. Førre sesong kunne me gå inn i den nye sesongen å vite at me ville vinne kvar kamp. Slik blir det ikkje i år. Og det kan hende det blir målskilnaden som skiljer medaljane igjen?

Me startar med å analysere Lofoten, og deretter Fresvik.

———

Lofoten United

5 sigrar på rad

18 spelarar+trenar:

  • TSI: 597 380
  • Løn: 1 268 240
  • Snittalder: 22
Stjernespelar:
Sven Ingvaldsen, 21år, TSI: 58 040, Løn: 127 700kr [rask] LOKAL
Sven er ein av Lofoten sine oppfostra spelarar, det vil sei at han vil få +0.75 på alle skillsa sine når sesongen startar, og derfor trur me Sven vil bli ein frykteleg god spelar gjennom sesongen. Me er litt usikre på kvifor han spelar stoppar kvar treningskamp, for Lofoten kan ikkje trene forsvar når dei berre brukar 2-3 stk bak der….?
Uansett så er og blir Sven veldig viktig for laget. Midtbane ankeret som skal lede Lofoten til medalje i V.58. Lofoten har faktisk mange gode spelarar, og nesten samtlege av spelarane deira har spesialtetar! Det er ikkje ofte ein ser. Så spørs det om dei får meir positive hendelsar enn negative
——
Som lag:
Lofoten har eit veldig sterkt lag, og det er ingen i V.58 som har meir TSI enn nettopp laget frå nord. Snittalderen er også skremmande låg. Dei fleste er 21 år, og i sin beste alder. Dette er eit lag som fort kan vinne (for) mange kampar denne sesongen og rykke rett opp. Kondisjonen er dog ikkje så imponerande, og røynsla er sjølvsagt låg med så mange unggutar.
Keeperen til LU er ein veldig solid skotstoppar, Vetle, fyllar 27år neste veke har utmerkt røynsle og er eldstemann på laget.
Stopparane er ok, utan eg skal skryte for mykje, men dei får også trening i playmaking, så dette er eit lag som vil spele Barca-fotball, men blir dei like dårlege som Barca bakover med å spele med midtbanespelarar som stopparar?
Midtbana til Lofoten er V58’s beste, utan tvil. Dei vil vinne midtbanekrigane i 9 av 10 kampar, det er me sikre på. Dei har også gode vingar som spelar offansivt, noko som tilfører bra kantangrep.
Spissane er bra gode og den einaste utlendingen dei har spelar som defansiv spiss.
Etter ein grundig analyse av Lofoten så blir me faktisk litt skremt. Dette laget erstatta Largo, og det er som natt og dag, Lofoten blir utan tvil den sterkaste utfordrare til seriegullet i år. Om me trur dei tek gullet til slutt? vel, fyrst må me analysere oss sjølve…
———–
———-
Fresvik i Sogn
—-
10 sigrar på rad
—-
24 spelarar+trenar:
  • TSI: 475 900
  • Løn: 2 380 860
  • Snittalder: 25
Stjernespelar:
Per Marthinsen, 31 år, TSI: 65 000, Løn: 409 000
Sjølv om lønna er nesten ein halv million i veka (reknar med den synk når Per fyller 32 år om 10 dagar. Så er ikkje Per nokon superspelar. Men han er ein solid stoppar som byrjar å bli rutinert og kan spele offansivt for å styrke midtbana. Med dei rette værforhalda kan Per spele seg opptil 10 stjerner, noko han gjor førre veke (rekord i Fresvik). Per kom til klubben for 2 sesongar sia, etter at Fresvik sleit med å halde nullen i avgjerande kampar, og etter at han blei henta inn, så har måla imot blitt redusert kraftig. Me håpar Per held koken nokre sesongar til.
—–
Som lag:
Me vil ikkje røpe så alt for mykje om oss sjølv, men ein rask kikk på dei siste seriekampane ser ein at angrepet byrjar å bli bra. FiS har også ein god keeper, og med 3-4 jamngode stopparar kan dei koste på seg ein skade i ny og ne, i akkurat den lagdelen.
På midtbana er det verre med, det som ein gong var FiS’ beste lagdel har kanskje blitt den verste, men eit kjøp i sesongpausen ser ut til å styrke det, men det skal også seiast at det kjøpet kan vere på veg ut igjen (lagt uf for salg). Fresvik har 1,5 ving (kva det no enn meinast med) som ikkje er all verden. Men angrepet er det klasse over, og når Ovesen og Myrdal får bonusskill, så kan dei bli endå farlegare. Så spørs det om midtbana kan skape sjansar for angrepet…
Ein stadion som rommar 66 000 kan skape store inntekter til Fresvik laget, og dermed kan det også komme nye forsterkningar iløpet av sesongen.
På grunn av eldre spelarar som vil slite med å halde 90 minutt (som f.eks Pål Nygård) så trur me at det kan bli mange poengtap dei siste 10 minutta. 
——————-
1. Lofoten united
2. Fresvik i Sogn
3. Bjørkelangen SF
4. Todalen Goalscorers
5. Spurt IL
6. The Cballers
7. Motorpsycho:
8. FF Børtveit/BOT-lag
Me trur Lofoten blir for sterke, og det vil nok vere passleg jamnt, og viss ikkje BSF og FiS kjem med nokre geni-taktiske strek, så endar nok gullet opp i Lofoten.