Neste kamp Archive

0

Serieavslutning

No er tida komen! Fresvik sklir inn til ein historisk bra plassering i seriesamanheng, aldri før har FiS vore på topp 3 i 4.divisjon, og no er FiS garantert sølv! Med siger eller uavgjort heime mot TSI kommande laurdag vil Fresvik i Sogn vinne gull i IV.5! Dette er berre heilt villt!

Read the rest of this entry »

0

OPPRYKK!!!!

ENDELEG!!! Opprykk frå V.58 er eit faktum! Me har streva lenge i V.58, og kjempa ofta i toppen av tabellen (1.99 poeng i snitt beviser det). No gjer me oss klar for IV.divisjon spel i IV.5, og det blir ein tøff sesong i vente, men me har mål om å halde oss. Cupen blir nedprioritert og på heimebane skal me vere uslåelege. Me gler oss til å analysere laga, men me trur me har ein OK sjangs til å slå bra frå oss. Fansen er pessimistar, men det vil kanskje berre føre til meir tilskodarar når me gjer det “overraskande” bra.

Etter nokre sesongar med ballfordeling trening byrja midtbana å bli bra. Vingane er framleis ikkje ferdigtrent, men det har me tid til i framtida. Spissen vår (me har berre èin, som gjer oss veldig forutsigbare og svekka om det skulle bli suspansjonar/skadar på Myrdal.

Me måtte gjennom kvalikk kamp og det klarte me med glans, sjølv med elendig lagmoral. Så denne veka fekk me dobbel trening noko som er bra for talenta våre. Ingen treningsendring denne veka med andre ord.

Meir info kjem seinare. Me gler oss!

Det er også gledeleg at me skal feire 10 års jubileum i 4.divisjon!

0

Fresvik på veg tilbake?

Etter ei lang tørketid med svært lite aktivitet (faktisk ingen aktivitet) på Hattrick United, så vel skribenten å skrive litt om sesongavslutninga som ligg framføre oss. Dei siste 5 kampane har Fresvik i Sogn vunne samtlege kampar, og er plutseleg inni kampen om opprykk til 4.divisjon. Ingen hadde trudd at me kom til å kjempe heilt i toppen denne sesongen, og ikkje neste sesong heller. Me har fått ei ny midtbane og nye vingtalent frå junioravdelinga vår. Myrdal er i sin beste alder, men er snart ein aldrande spiss. At han har scora 10 mål så langt denne sesongen, og ligg an til å vinne toppscorar tittelen er ein stor bonus for oss, ekstra 100 000kr i klubbkassa som ikkje sto på budsjettet.

Kommande helg møter me ein lag me skal slå 99 av 100 gonger på heimebane, så me forventar ein siger, og dermed vil alt stå mellom Novair og FiS i siste runde når dei møtest i toppoppgjer. Dette blir årets tøffaste kamp ettersom me skal spele på bortebane. Formen på forsvarsspelarane våre har sunke som ein stein og me må nok angripe hardt for å vinne nøkkelkampen. Angrip er beste forsvar var det ein klok kar som sa, så får me sjå om det stemmer. Trenaren vår har trent FiS lenge og slit veldig med å oppretthalde ei god lagånd. Mykje tyder på at Novair skal ta gull i år, men kampar skal spelast først, og det blir garantert spenning til siste omgang.

For tida har ikkje Afrikanaren noko langsiktig plan, men trenar Ballfordeling for å betre midtbana. Me har ein god spiss som kan spela defansivt og vingar som kan spele inn mot midten. Så spørs det om me vil trene dei yngste vingane våre (som har fått 50/100% ballfordelings trening) i kantspel eller noko anna. Forsvarsspelarar er billige, så det er uaktuelt å trene det, men Sogndal sin nye formasjon 5-3-2 (med offansive backar) verka spennande i realiteten, så det fristar litt å legge om tid det. Men mest truleg held me på 3-5-2, evt 4-5-1 formasjon.

Skulle det bli siger og opprykk må det drastiske endringar i klubben, og me må vurdere å erstatte Afrikanaren med Campingvogna for å campe i 4.divisjon. Afrikanaren har sagt at han seier opp den 6.juni 2014, og Bet365 sine favorittar til å ta over er: Botun 2.5 i odds, Campingvogna (viss det blir opprykk)4.1 i odds, og Sogningen 6.2. Amerikanaren og Engelskmannen som tidlegare har trent FiS har sagt at dei er uaktuelle for FiS.

0

GULLKAMP

Etter ein laber start paa sesongen med 3 poeng paa dei 4 fyrste kampane og cupexit i 2.runde var det lite som tyda paa at Fresvik ville kjempe i toppen av V.58 denne sesongen. Men etter tapet mot Spurt, gjekk det ein stor faen i spelarane og laget byrja aa prestere bra. Formen gjekk til himmels og det same gjorde angrepsspelet. Eit par playmakerar blei henta inn for aa styrke laget til neste sesong. Ni kampar etter Spurt tapet staar Fresvik men 31 poeng! Lag som Todalen, FK Feilpasning og Spurt har blitt slaatt ned i stovlane av Fresvik kjempene.

No ventar eitt siste hinder, nemleg Novair, som stal 1 poeng mot oss i 1.serierunde. Dei er eit meget farleg lag, som me ikkje skal undervurdere, og dei kan ta poeng fraa samtlege lag i serien.

Men me har vore lenge nok i denne avdelinga til aa gi fraa oss denne sjangsen, og me gjer alt for aa vinne i dag. Blir det siger, saa blir det 1.plass og kvalikk. Me kan nesten ikkje vente.

Samtidig skal det seiast at maalsetninga for denne sesongen var topp 4, so om det skulle bli poengtap i dag, so er det ingen krise i Fresvik. Det har heile tida vore neste sesong som har vore maalet. Opprykk til IV.div vaaren 2013.

Feilpasning og Spurt spelar mot to PIC lag, som er klare for kvalikk neste helg, so alt anna enn 3 heimepoeng til FKF og Spurt vil overraske meg veldig.

 

Blir det gulli  dag, so blir det iallefall ein heidundranes fest i Fresvik

0

To spanande kampar neste veke

8 rundar er ferdigspelt i V.58 og tabellen er meget jamn både i topp og botn. Geniune (4p) og Vorneset (4) kjempar om kvalikkplassen og Spurt (21p), FK Feilpasning(21p) og Novair(19) kjempar alle om gullet. Fresvik (16p) møter sognalaget Vorneset, som normal sett ville våre plankekøyring, men pga lokaloppgjer, så trur me det kan bli jamnare enn me ynsjer. Førre kamp enda i ein forrykande 3-4 siger til FiS. Faktisk er det skuffande at Vorneset berre har tatt 0.5 poeng i snitt denne sesongen, for dei har ein passle bra lag.

Vorneset:
Litt usikker på kva keeper laget stillar med, for dei har brukt to forskjellige dei to siste helgene, men mest truleg er det Flavio Borges, ein ok keeper som blei henta  inn i slutten av oktober for 16 mill. Forsvaret er brukande det, 4 mann i forsvar og jamnt bra. Midtbana er deira svakaste lagdel, men absolutt ikkje håplaust. Angrepet er meget bra, både sentralt og på kantane, så me må finne på noko lurt for å demme opp angrepa deira. For dei kan komme frå alle kantar. Eit meget bra lag sett under eitt.

Dette blir ein fest, og me håpar ekstra mange sogningar tek turen til Pål Nygård Memorial.

Den andre spanande kampen neste helg er Novair (3.plass) mot FK Feilpasning (1.plass). Novair har vist gong på gong at dei kan tukte dei beste, så her er kampen heilt open. Me gler oss til kampstart, og me personleg håpar på 0-0, men det er lite truleg. Alle dei tre førre oppgjera har faktisk endt med Novair siger, sjølv om laget ikkje har vore det beste i dei kampane, og viss Novair kan stele poeng frå Spurt seinare i sesongen, ja då blir det kniving om seriegullet.

 

Klarar FKF å bryte gjennom forsvarsmuren til Novair? Klarar Novair å kontre serieleiaren i senk på heimebane? Roter Fresvik bort poeng i lokaloppgjeret? ME GLER OSS!

 

0

Storkamp i V.58!

Då er det klart. Kamp nr 7 og 8 skal spelast, og alle sine auger er retta mot Spurt og Todalen Goalscorers! Til helga møtast dei til det som kallast “Storkamp”. 

FK Feilpasning, som ligg på 2.plass kjem til å køyre over Shalala på heimebane, så der blir det utlevert 3 enkle poeng til heimelaget. Derfor MÅ Spurt vinne mot Todalen for å halde på 1.plassen.

Normalt sett vil eg sei Spurt vinn mot Todalen, spesielt på heimebane, men Todalen har faktisk vunne 4 av dei 6 oppgjer! Det som er kjekt er at dei aldri spelar uavgjort. Ingen har fått laget svekka av skader/suspansjonar, og møtte overkommeleg (PIC) motstand førre helg. Viss eg skal tippe, så kjem Spurt til å spele Normal denne helga, og MOTS neste helg, viss førstkommande kamp blir jamn. For så å spele PIC heime mot Shalala. Faren for å gjere dette er at med ein trenar som har elendig (2) i leiarevne, vil det ta lang til å få opp lagmoralen. Så Spurt satsar nok på ein enkel kamp heime, slik at dei føler seg trygge til å spele Normal på bortebane også (Spurt har ALDRI vunne på bortebane mot Todalen!).

Todalen har slitt denne sesongen. Dei ligg nemleg heilt nede på 5.plass, og sia Fresvik skal møte enkel motstand dei neste to vekene, så kan Todalen bli hekta av kampen om medalje etter 2×90 min mot Spurt.

I dei andre kampane, Genuine-Fresvik, Novair-Vorneset, FK Feilpasning-Shalala håpar me på ingen bomber, slik at me beheld spenningsnivået i avdelinga. Og det er nok mykje som skal til for at det ikkje blir to heime- og èin bortesiger i desse kampane.

Viss Todalen skulle klare å stele 3 poeng heime mot Spurt, og Spurt skulle slå FK Feilpasning seinare i sesongen, så blir det heilt opent om gullet, og då vil Novair og Fresvik plutseleg få kjempe om edelt metall også.

Spurt IL handla nyleg inn ein utanlandsspiss, noko som overraska oss, og me reknar med Colac (313009864) er henta inn for for “short time fix” å sikre Spurt seriegullet og opprykket dei lengtar etter. Den hovudsterke spissen scoar allereie i debyen sin, men skal no få vist seg fram for heimefansen for fyrste gong. Me vil berre sei at i Fresvik har me handla vår siste utandlandske spelar, og me vil halde Fresvik norsk! Spurt solgte nyleg sin gamle helt Rolf Holm, spelaren som vaks opp i klubben sitt hjarta, for så å bli solgt til Sverige, før Spurt kjøpte han i 2010 og lot han spele 7-8 sesongar og heile 254 kampar for Spurt! Dette var Spurts svar på Pål Nygård (48700068)! No er han borte, heilt borte, for usle 3 mill. Snakk om å selge sjela si!

Kasami, Todalens manager har vore nokre sesongar i V.58, og har blitt kjent med laga. Manageren er ganske roleg på overgansmarkedet, ettersom dei ikkje har kjøpt eller solgt ein einaste spelar på 5 månadar. Tilogmed ingen av juniorspelarane deira her blitt solgt, så det må vere ein ussel barnehage/skule dei har i Trondheim, som ikkje tilbyr ungane fotball. Juniorlaget slit såpass at dei ikkje eingong klarar å stille lag til kampene sine. Tragisk. Dette lover ikkje bra for a-laget, og kvalikk kampen dei måtte spele sist sesong for å få lov til å spele i V.58 denne sesongen, kan gjenta seg. Og denne gongen vinn dei kanskje ikkje kvalikkampen. Me rettar krass kritikk til Todalen og Kasami, på måten dei opparbeider “talent” i klubben.

 

Manager Engelskmannen tippar 3-1 til Spurt, som spelar utan sjel og lokale heltar…

0

Ny cupsesong

Førre sesong kom me til ein sensasjonell 8.runde i cupen. Denne sesongen, med ein tynnare stall og dårlegare spelarar, er me komme til 6.runde. Sia cupen i år er ein kamp mindre enn førre sesong, så er 6.runde denne sesongen like bra som 7.runde førre sesong. Ein fantastisk prestasjon av eit skadeskot Fresvik lag som byrjar å dra på åra. Angrepet er blitt betre, men midtbana og forsvaret er blitt dårlegare.  No skal me spele mot ein av gigantane i Noreg.

No møtar me legendariske MOD-Niero på onsdag, i ein ny heimekamp. Dei siste 3 heimekampane har det regna i store flaumar, så no håpar me på solskinn i Fresvik.

4 heimekampar i cupen er me svært nøgd med, som også betyr mange millionar i billettintekter som me ikkje hadde budsjettert med. Faktisk hadde me 4 heimekampar i cupen førre sesong også. Blir det siger i helga, og sol på onsdag kan det bli mange fresvikjer på kampen på onsdag. Me inviterer til folkefest og håpar alle som kan komme kjem.

Kva taktikk og lagoppstilling me stiller med veit me ikkje endå. Det kjem heilt an på treninga i kveld. Ein popp kan vere nok til at me stiller med ein heilt ny formasjon. Det kan fort hende det kjem ein debutant på 17år inn mot Niero Tigers. Tida får vise kva som skjer. Men me skal ikkje bruke mange millionar på å prøve å få 2 ekstra millionar inn. Det er heilt bak mål

0

Tipping 5.plassen

No byrjar det å bli jamnt, og kven som tek 3. 4. og 5.plassen er utruleg åpent. So åpent at me må gjette her. Me har sett på laga sine TSI, AH poeng, Lønn, overgangar, lojalitetsbonusar etc, og komme fram til at 5.plassen mest truleg vil gå til:

Todalen Goalscorers

Spelarar: 20 stk
Snittalder: 27
Kondisjon: Brukbar
TSI: 495 550
Løn: 1 880 340
Spesialitet spelarar: 5  (Omskifteleg 2, Sterk 1, Hovud 1, Teknisk 1)

Laget som førre sesong stal 3.plassen frå Fresvik trur me stel 5.plassen foran same lag denne sesongen. Todalen er eit veldig bra lag, og etter at dei forsterka midtbana over sesongpausen, so kan desse sanke mange poeng. Dei har også eit enormt forsvar, og Olav Nilsen (259686185) med TSI på  132 600 er ein mann som blir viktig for Todalen.

Siste runde i fjor spelte dei mot Spurt (som endte på 2.plass) og tapte 3-0. Og sjølv om dei har forsterka over sesongpausen, så trur me dei vil slite med å slå superlaget Spurt. No når sterkare motstand kjem opp/ned til V.58 so vil ikkje Todalen unngå kvalikk.  Todalen med sin 3-5-2 formasjon er mektig gode framover på bana, og forsvaret er bra. Midtbana er så som så, men godkjent for eit middelmodig lag i V.div.

Manager Kasami er sånn passe aktiv på forumet, og me ser på han som ein god taktikkar, når han har dagen. Han har haldt koken sia 2005, og er nesten den mest rutinerte manageren i V.58. At han spelar med 4-5-1 formasjon i treningskampane gjer at laget har fleir streng å spele på. Kanskje kan det komme uvante formasjonar frå Kasami og co?

Det ser ut til at Todalen har lyst å score på kantane neste sesong, for dei trenar innlegg/ving. Dei har eit bra talent i oppfostra Jon Martinsen, men ein alder av 17 er kanskje litt for ungt for å utgjere forskjell i ein tøff liga som V.58.

Dei skal ut i elden mot Fresvik i Sogn, og blir det tap her kan FiS og Todalen fort byte plassering på tabellen etter endt sesong, men Todalen er vanlegvis sterke på heimebane.

Konklusjon: Todalen fekk berre 1 poeng på heimebane mot Novair førre sesong, og det er slike resultat Todalen må unngå. Dei må vinne alle heimkampane mot dårlegare lag viss dei skal halde Fresvik bak seg på tabellen, og det trur me dei gjer. Dermed 5.plassen

0

Medgangen tok slutt, og sesongen er snart over

11.april spelte me vår siste cupkamp for sesongen, og me tapte der 3-1 framfor eit fullsatt stadion.

Sia då har det skjedd ein del:

  • Me skifta namn på stadion til “Pål Nygård Memorial”
  • Vunne to seriekampar, ein uavgjort og eit tap.
  • Me ligg på ein heilt grei 4.plass
  • Me har solgt Reiner Backerei for 45 millionar kroner(!)
  • Me solgte Tom Bell for 22,5 mill
  • Henta inn ein 17årig talent som skal erstatte Backerei ut sesongen, og kanskje starten av neste
  • Ovesen blei skada i 4 veker førre helg
  • Lønnsutgiftene har gått frå 2,5 til 1,9 mill i veka
  • Pål Nygård har fått sin 450.kamp for Fresvik
No er det 3 kampar igjen, og me spelar mot Spurt til heila heime. Sjølvsagt har me lyst å vinne, men samtidig er det ikje farleg å tape poeng her. Med tap vil me få tidleg heimekamp i cupen neste sesong, og det er alltid kjekt med minimum 4 mill i billettinntekter i starten av sesongen. Med siger tek me mest truleg sølvet.
Neste sesong vil uansett bli meir spanande (seriemessig) for oss enn det har vore denne sesongen. Me har ikkje jakta gull, og har solgt det meste av gode spelarar. Zabellos er vår einaste utlending, og vil bli solgt iløpet av neste sesong når me har fått treng til ving. Når me legg om til vingtrening (ca midt i sesongen) bør me ha mange poeng, for me kjem til å tape mange kampar med 4 spissar på kantane+backane. Kanskje blir det kvalikk på oss?
Uansett, engelskmannen sitt trygt. 
Me har mykje peng på konto, men det vil ikkje bli brukt ei krone på overgangar før me legg om på treninga. Me forventar at Zabellos forsvinn for ca 30-40 mill neste sesong. Dvs at me kan hente inn 3-4 kvalitetsspelarar når tida er inne for det.
Framtida ser ljus ut for Fresvik, medan Søvik (20), Ovesen (21), Myrdal (19) sparkar ball på treningsfeltet. 
0

Cupsiger og ny stor kamp til helga

Datoen er 4.april 2012. Denne dagen fyller ikkje berre manageren heile 24 år, men Fresvik i Sogn spelar seg til 8.runde i NM!

For fyrste gong i Fresvik si historie (snart 8 år), er me framleis i cupen etter halvspelt sesong. Me får heile 4 heimekampar i cupen, noko som også er rekord. For ei fantastisk kjensle eg fekk då eg såg me leda 3-0 etter 45 minutt og me hadde overtaket på midten. Me var veldig effektive og hadde kanskje litt flaks, samtidig som motstandaren spelte PIC og me spelte MOTS.

No skal me altså i ein ny cuprunde, denne gongen er det ein av dei beste laga i Noreg som kjem på besøk i Fresvik. Rudolf Rovers endte på 4.plass i 2.div førre sesong, og toppar tabellen i noverande stund. Dei skal spele mot 2.plassen til helga, og me håpar dei ikkje drep spelarane våre, eller sjølvtilitta vår neste onsdag. Dei er so mykje betre enn oss, og me har allereie svidd av to MOTS denne sesongen, så her må me sleppe litt på gassen. Me har også ein 17 åring som må få litt trening, og sølvkampen på laurdag er ikkje kampen å tape poeng i.

Me er spente på kor mange 5.div lag som er igjen i cupen, men me reknar med at det er rundt 30-40 lag igjen. Men me er svært imponert over oss sjølve når me har eit lønnsbudsjepp på berre 2 mill i veka. Sjølv etter at me har solgt stjernespissen vår for 30 mill, klarar me å score mål mot gode lag som Vossafår.

I dag fekk me også tilskodarrekord, på over 73 000, det betyr millioninntekt som kjem til å bli investert i nye spelarar neste sesong. Så langt denne sesongen har me kanskje tent rundt 10 mill på cupinntekter, og me reknar med å få nye 4-5 mill neste onsdag.

Dette er ein dag å skåle for Pål, “Skål for Pål!”