Pål Nygård Archive

0

Storkamp i V.58!

Då er det klart. Kamp nr 7 og 8 skal spelast, og alle sine auger er retta mot Spurt og Todalen Goalscorers! Til helga møtast dei til det som kallast “Storkamp”. 

FK Feilpasning, som ligg på 2.plass kjem til å køyre over Shalala på heimebane, så der blir det utlevert 3 enkle poeng til heimelaget. Derfor MÅ Spurt vinne mot Todalen for å halde på 1.plassen.

Normalt sett vil eg sei Spurt vinn mot Todalen, spesielt på heimebane, men Todalen har faktisk vunne 4 av dei 6 oppgjer! Det som er kjekt er at dei aldri spelar uavgjort. Ingen har fått laget svekka av skader/suspansjonar, og møtte overkommeleg (PIC) motstand førre helg. Viss eg skal tippe, så kjem Spurt til å spele Normal denne helga, og MOTS neste helg, viss førstkommande kamp blir jamn. For så å spele PIC heime mot Shalala. Faren for å gjere dette er at med ein trenar som har elendig (2) i leiarevne, vil det ta lang til å få opp lagmoralen. Så Spurt satsar nok på ein enkel kamp heime, slik at dei føler seg trygge til å spele Normal på bortebane også (Spurt har ALDRI vunne på bortebane mot Todalen!).

Todalen har slitt denne sesongen. Dei ligg nemleg heilt nede på 5.plass, og sia Fresvik skal møte enkel motstand dei neste to vekene, så kan Todalen bli hekta av kampen om medalje etter 2×90 min mot Spurt.

I dei andre kampane, Genuine-Fresvik, Novair-Vorneset, FK Feilpasning-Shalala håpar me på ingen bomber, slik at me beheld spenningsnivået i avdelinga. Og det er nok mykje som skal til for at det ikkje blir to heime- og èin bortesiger i desse kampane.

Viss Todalen skulle klare å stele 3 poeng heime mot Spurt, og Spurt skulle slå FK Feilpasning seinare i sesongen, så blir det heilt opent om gullet, og då vil Novair og Fresvik plutseleg få kjempe om edelt metall også.

Spurt IL handla nyleg inn ein utanlandsspiss, noko som overraska oss, og me reknar med Colac (313009864) er henta inn for for “short time fix” å sikre Spurt seriegullet og opprykket dei lengtar etter. Den hovudsterke spissen scoar allereie i debyen sin, men skal no få vist seg fram for heimefansen for fyrste gong. Me vil berre sei at i Fresvik har me handla vår siste utandlandske spelar, og me vil halde Fresvik norsk! Spurt solgte nyleg sin gamle helt Rolf Holm, spelaren som vaks opp i klubben sitt hjarta, for så å bli solgt til Sverige, før Spurt kjøpte han i 2010 og lot han spele 7-8 sesongar og heile 254 kampar for Spurt! Dette var Spurts svar på Pål Nygård (48700068)! No er han borte, heilt borte, for usle 3 mill. Snakk om å selge sjela si!

Kasami, Todalens manager har vore nokre sesongar i V.58, og har blitt kjent med laga. Manageren er ganske roleg på overgansmarkedet, ettersom dei ikkje har kjøpt eller solgt ein einaste spelar på 5 månadar. Tilogmed ingen av juniorspelarane deira her blitt solgt, så det må vere ein ussel barnehage/skule dei har i Trondheim, som ikkje tilbyr ungane fotball. Juniorlaget slit såpass at dei ikkje eingong klarar å stille lag til kampene sine. Tragisk. Dette lover ikkje bra for a-laget, og kvalikk kampen dei måtte spele sist sesong for å få lov til å spele i V.58 denne sesongen, kan gjenta seg. Og denne gongen vinn dei kanskje ikkje kvalikkampen. Me rettar krass kritikk til Todalen og Kasami, på måten dei opparbeider “talent” i klubben.

 

Manager Engelskmannen tippar 3-1 til Spurt, som spelar utan sjel og lokale heltar…

0

Klar for ny sesong!

No er endeleg sesongen nære! Om ei knapp veke startar cupkampane, og om ei god veke startar 1.serierunde. Me gler oss!

Til forandring er cupkampane utan BOT lag denne sesongen. Det betyr at me møtar tøffare motstand tidlegare i cupen, og me lev faktisk litt farleg i 1.cuprunde viss me ikkje spelar med eit bra lag. Må me ofre trening? Me får sjå. Uansett PIC.

Før me tek oss til tippinga av tabellen, så vil me sei litt om målsetningane våre:

  • Medalje Me tok 4.plassen førre sesong med imponerande 8 cupkampar, no vil me høgare på tabellen
  • 3.runde i NM Cup er cup, det veit me, og me vil ikkje risikere skadar og suspansjonar, slik som i førre sesong. Me må satse serie viss me skal unngå kvalikk (til VI.div)
  • Selge den einaste utlendingen me har, Zaballos Han skal få bli litt betre i både scoring og innlegg, men så sender me han på fyrste båt ut av bygda.
  • Ingen unødvendige kjøp Me vil ikkje handle med mindre me er nøydd til. Me har masse peng på konto, men det er ikkje vits i å bruke desse pengane på spelarar som skaffar oss ein 2.plass istaden for ein 4.plass.
  • Langsiktig mål: Rykke opp til IV.div innan 3 sesongar. Om ikkje FiS er ein IV.div klubb innan 3 sesongar, så får han fyken. Enkelt og greitt. Me var ein 4.div klubb for ei tid tilbake, men det er lenge sia no, og me har bygd opp igjen laget, utan å ta det siste steget opp. Det er litt bekymrande. No må både midtbana og forsvaret erstattast før me har ein real sjangs til å rykke opp. Og det har Engelskmannen 3 sesongar på seg til å gjere noko med
Ellers så vil Pål Nygård legge skoa på hylla i nær framtid. Han står med 456.kampar for Fresvik, og det blir mest truleg ikkje fleire.
Om laget vårt:
Keeper:
Bra keeper, 24 år og med biskills som forsvar og SP
Forsvar:
Byrjar å dra på åra. Marthinsen er 33 år men held bra nivå, Flem (35) er på veg ut), Midsund (27) er heilt grei. Kristoffersen (coach, 37) er ok backup
Midtbane:
Vår eldste lagdel. Horribel kondisjon på desse spelarane. 33, 35, 35, 36, 36 år på dei fem indreløparane me har, og to av dei har snart bursdag. Ikkje bra. Men dei held vel ein sesong til. Viss det kjem skade på dei, så får dei fyken på dagen.
Me har èin ving (29) som kjem til å spele spiss når me trenar innlegg, sia han er ein framtidig trenar for oss. Har utmerkt (7) røynsle, solid leiarevne.
Angrep:
Dette er vår beste lagdel! Me har trent scoring i nokre sesongar no, og no byrjar Ovesen, Myrdal, Søvik og co å treffe mål. Me har også henta eks-Fresvik spelaren Dan Enevoldsen som veit kor målet står. to 20 åringar, to 22 åringar og ein 21 åring er dei talenta me trenar for fullt. Me har også ein 17åring som får trening når me trenar scoring. Når me legg om til innlegg vil Enevoldsen få plass på backen. Kor lenge me skal trene dei i innlegg veit me ikkje, men me reknar med å trene dei i ca 1 sesong. Deretter blir det playmaking. Då vil me spele med spissar som kan spele defansivt OG mot kanten. Får me kjøpt oss ei oppegåande midtbane, så blir me farlege
Benken:
Ikkje stort å skryte av. Me har 2 gode spissar på benken, ein ok inner, ein ok midtstoppar, ingen keeper, ingen ving. Så me er veldig utsatt for skadar, iallefall på våre gamel hestar på midtbana.
Reservar:
Har ein stall på 24 spelarar, og 8 av dei får ikkje vere med på kampdagar, desse er møkkaspelarar som berre får spele treningskampar. Skopussarar for a-laget.
0

Fresvik spelarane nyt sumarsola

Spelarane i Fresvik har ikkje treningsfri sjølv om sola steikar som mest på “Pål Nygård Memorial”

8 av spelarane blei drilla ekstra på innlegg denne veka, og me håpar å sjå resultat av det til helgas kamp mot Rykande Ørn som har overlatt leiinga av laget til assistenten.

Men ein som halta litt under treninga var Rolf Myrdal, som berre kunne gjennomføre 1/3 av økta. Dette er frykteleg leit, sia Myrdal er ein av 3 spelarar me verkeleg satsar på. Han skal bli i Fresvik i lang tid, så då vil me ha han så god som mogeleg. 20åringen er har nettopp skreve langtidskontrakt, og lønna hans vil stige jamnt og trutt for kvart år.

No ventar sesongens siste seriekamp. Rykende Ørn kjem på besøk, me håpar sola held seg i Fresvik og får mange innbyggarar til å ta turen på stadion. Pål “Legenda” Nygård blir også heidra dei siste 10 minutta, og me ønsker at alle som er på kampen skal synge og hoie konstant til Pål. Det vert hans 456. og siste kamp for Fresvik før han legg skoa på hylla.

Stallen tel 26 spelarar no, og me har råd til å la Pål få meir tid med familien. Ei større pressemelding vis sjølvsagt komme når dagen kjem

0

Medgangen tok slutt, og sesongen er snart over

11.april spelte me vår siste cupkamp for sesongen, og me tapte der 3-1 framfor eit fullsatt stadion.

Sia då har det skjedd ein del:

  • Me skifta namn på stadion til “Pål Nygård Memorial”
  • Vunne to seriekampar, ein uavgjort og eit tap.
  • Me ligg på ein heilt grei 4.plass
  • Me har solgt Reiner Backerei for 45 millionar kroner(!)
  • Me solgte Tom Bell for 22,5 mill
  • Henta inn ein 17årig talent som skal erstatte Backerei ut sesongen, og kanskje starten av neste
  • Ovesen blei skada i 4 veker førre helg
  • Lønnsutgiftene har gått frå 2,5 til 1,9 mill i veka
  • Pål Nygård har fått sin 450.kamp for Fresvik
No er det 3 kampar igjen, og me spelar mot Spurt til heila heime. Sjølvsagt har me lyst å vinne, men samtidig er det ikje farleg å tape poeng her. Med tap vil me få tidleg heimekamp i cupen neste sesong, og det er alltid kjekt med minimum 4 mill i billettinntekter i starten av sesongen. Med siger tek me mest truleg sølvet.
Neste sesong vil uansett bli meir spanande (seriemessig) for oss enn det har vore denne sesongen. Me har ikkje jakta gull, og har solgt det meste av gode spelarar. Zabellos er vår einaste utlending, og vil bli solgt iløpet av neste sesong når me har fått treng til ving. Når me legg om til vingtrening (ca midt i sesongen) bør me ha mange poeng, for me kjem til å tape mange kampar med 4 spissar på kantane+backane. Kanskje blir det kvalikk på oss?
Uansett, engelskmannen sitt trygt. 
Me har mykje peng på konto, men det vil ikkje bli brukt ei krone på overgangar før me legg om på treninga. Me forventar at Zabellos forsvinn for ca 30-40 mill neste sesong. Dvs at me kan hente inn 3-4 kvalitetsspelarar når tida er inne for det.
Framtida ser ljus ut for Fresvik, medan Søvik (20), Ovesen (21), Myrdal (19) sparkar ball på treningsfeltet. 
0

Den store veka er over

Med 7 skadar gjekk me inn i sesongens tøffaste veke, og alt tyda på at me kom til å stå igjen med lua i handa, men Engelskmannen ville det anleis. 

Fyrst spelte me seriekamp mot overaskelselaget Novair, som til slutt endte 3-3, der Fresvik stillte med ein lur 4-3-3 formasjon, med berre ein inner. Med dette tapte Fresvik midten marginalt, mot eit kontringslag. Og taktikken funka bra, for Fresvik skapte mykje framover med sine kontringssjangsar og leia kampen 3-0 halvveges i 1.omgang, men rota bort sigeren pga dårleg forsvarsspel (hadde berre èin frisk forsvarsspelar, så spelte med to vingar og ein inner i den bakerste rekkja).

På måndag kom Nakkelaget FC på besøk, og dei var meir på hogget for å vinne kampen, og me var sikre på at dette kom til å bli eit flaut tap for oss. Me MÅTTE unngå tap i denne kampen. Med tap her hadde me også meir eller midre “sikra” nedfrykk frå NTK-turneringa. Her spelte me i ein 3-4-3 formasjon, med ein offansiv stoppar (som egentle er midtbanespelar) og ein offansiv ving. Me klarte på merkeleg vis å spele 2-2 mot Nakkelaget. Eit resultat me er godt nøgde med.

Onsdag kom Flata Champions på besøk, eit lag me kjenner godt frå V.58. Historisk sett hadde me ein bra grep på Flata på heimebane, men me hadde Pål Nygård på benken for å gi han sin 450.kamp for Fresvik viss me låg under etter 89 minutt. Men lagkameratane hans ville ikkje ha han innpå og scora på den eine sjangsen dei fekk i kampen, samtidig som keeperen vår storspela mellom stengene.  Her spelte me 2-5-3 der me ga alt for å vinne midten. Flata scora på ein av sjangsane sine og det var 1-1 etter 90 minutt. Ekstraomgangar. Her hadde Engelskmannen eit ess i ermet, og bytta ut Myrdal til fordel for Zaballos. Og med ein frisk og kvikk spiss på topp styrka det angrepet til heimelaget. Me storma fram og scora på den eine sjangsen me fekk i ekstraomgangen, og dermed var me klar for 7.cuprunde og endå ein heimekamp i cupen. Den 3. i rekka. No ventar eit bra III.div lag. Snipp snapp snute, no er me ute. Me håpar på ein bra kamp på laurdag, slik at me får mange tilskodarar på heimekampen på onsdag, og for guds skuld, la det bli sol, har berre vore overskya dei siste kampane.

Erik Andreassen blei i går solgt etter cuptriumfen over Flata (scora 1-0 målet), så me er betydleg svekka i angrep gjennom resten av sesongen, men det var kampen mot Flata me verkeleg ville vinne. Resten får bli som det blir. 30 mill for mannen var eit bra nok tilbod til å godta.

2 Uavgjort og 1 siger er me svært godt nøgde med, der me har slitt med mange skadar. Tilskodarinntektene har ikkje vore så bra på lenge, og me gler oss til cupkampen, kanskje når me 60 000 tilskodarar slik som i glansdagane i IV.div?

1

Onsdag 21.mars

Onsdag 21.mars var ein lang og stor dag for Fresvik. 

Tidleg på dagen var siste meldingane frå legane at ingen av dei 4 skadde spelarane blei speleklare, dermed måtte me stille redusert, og med berre 2 forsvarsspelarar. Når kampen starta gjekk me rett i angrep, og me stoppa ikkje før det sto 7-0 i målprotokollen. Men undervegs i kampen fekk me BEGGE forsvarsspelarane våre skada. I tillegg til ein playmaker. På toppen av det heile så fekk ein av våre beste midtbanespelarar ein kakk i hælen og måtte halta rundt på bana resten av kampen.

Dermed hadde me 7 spelarar som var skada, i tillegg til ein halvskada på onsdag kveld. Det såg mørkt ut foran kampen mot Novair på laurdag, i tillegg til rival-kampen mot Nakkelaget på måndag. No var gode råd dyre. Det positive var at det var nesten 50 000 som kom på cupkampen. Litt skuffande ettersom dette skulle vere ein jamn kamp.

Ein av dei skadde spelarane var den 36 år gamle trenaren vår Eirik Kristoffersen, som no mest truleg ikkje kjem tilbake til fotballbana, han var ein god backup, men er no ute resten av sesongen, og snart er det på tide å gi ansvaret til nokon andre.

Medan me venta på at vår neste cupmotstandar skulle dukke opp, var me innpå laga me held eit auge med, som Nakkelaget, Eplehagen, Modig, Gullfiskane, Team Taktikk. Og når me klikka innpå Flata Champions (som var rivalen vår i 7 sesongar) så såg me at dei framleis var med i cupen, då me klikka inn på “kampar” såg me at dei skulle møte oss!!! Dermed blir det to rivaliseringskampar neste veke!

Nakkelaget FC på måndag (NTK-Turnering)
Flata Champions på onsdag (CUP)

Fantastiske nyhender!

Men med 4 skadde forsvarsspelarar ligg me dårleg an, og det kan fort bli 3 tap på rappen viss me ikkje gjer nokre drastiske endringar

Fresvik-Novair:
Laurdagens seriekamp. Me trudde ikkje Novair skulle vere SÅ gode som dei har vist dei siste kampane, og me må faktisk kjempe hardt for å vinne denne kampen. Litt keisamt sia me har lyst å komme langt i cupen. Me henta inn ein kantspelar til denna kampen, men usikker på kor mykje speletid han vil få, ettersom Bell kanskje er tilbake etter skade. Formoppdateringa i kveld vil avsløre det meste.

Fresvik-Nakkelaget
NTK-Turneringa vart sparka igang førre måndag, og me starta med eit knepent tap mot 4.div laget Gullfiskane. Nakkelaget spelte 3-3 mot Team Taktikk (begge er i 5.div). Fresvik har aldri kunne toppa laget heilt mot Nakkelaget, og det vil no bli veldig spanande å sjå kven som er best i Sogn. Me er sjølvsagt veldig svekka bakover, medan NFC har handla inn superkeeper. Her er me store underdogs, og det er bra dette er ein treningskamp der sjølvtillitta/lagånda ikkje blir endra. Viss me hadde kunna, hadde me spelt MOTS her…

Fresvik-Flata Champions
6.runde i Cupen. Gammal rival frå V.58, og endeleg skal me møtast i cupen. Me gledar oss til å få besøk av telemarkslaget, og me bygg sjølvtillitt av at laget aldri har vunne i Fresvik.  7 kampar har blitt spelt der, 3 sigrar og heile 4 uavgjort, med ein imponerande 3,4 mål i snitt når desse laga møtes (over 14 kampar). Veteranen Pål Nygård kan få ein rolle her på trenarbenken, for å gi tips om motstandaren. Dette er altså 6.runde i cupen, noko me er fornøgd med. Me bestemte oss for å ikkje handle spontant, og det skal me ikkje gjere før denne kampen heller. Me skal ikkje svi av budsjettet for èin kamp der me tapar på uflaks. Det har me gjort før. Me håpar uansett på fullsatt stadion (iallefall over 70 000) og ein spanande kamp (kanskje uavgjort?)

0

Cupen i full gong

2.runde av cupen blei spelt i går, og nesten samtlege lag i V.58 gjekk viare til 3.runde. The Cballers skuffa på bortebane og tapte 1-0 på bortebane med eit relativt toppa lag. Dei har fått ein tøff start på sesongen med tap i 1.serierunde og 2.cuprunde. Vil dei reise seg til helga mon tru? (mest truleg sia dei møtar Motorpsycho)

Me derimot har fått ein bra start på sesongen. 9-0 mot to BOT lag og 10-1 i cupen i går tyder på at det meste er i orden. No spørs det om me kan oppretthalde den gode formen, og det blir ein tøff test i Todalen Goalscorers på laurdag. Dei vann også cupkampen sin, og møter enkel/ok motstand på onsdag, så det blir nok ein bra lag som ventar på oss i årets første heimekamp.

I går starta me i ein 3-4-3 formasjon med Pål Nygård (C) i midtforsvaret, for så å byte han ut for vingen vår Jørgensen i pausen og skifte til 2-5-3. 

Kampen starta forrykande då me tok leiinga etter berre 4 minutt og 10 sekund. Pål Nygård skar gjennom midtforsvaret og kippa ballen over keeperen. Nydeleg mål av kapteinen/legenda/veteranen.
Etter 18 minutt auka ein ny Fresvikje til 2-0. Bjørn Ovesen som berre er 19år (kunne vore son til Pål) scora årets 4.cupmål denne sesongen.
Etter ein halv time fekk me ein daudball imot og slapp inn eit mål, men me svarte raskt ved Backerei. To mål på eit par minutt før stjernespiss Erik Andreassen scora like før pause. 5-1 og einvegskøyring.

Etter pause gjor me det planlagde bytte, fortsatte å køyre på framover og Backerei scora to nye mål i tillegg til at Andreassen, Marthinsen, Igbal scora kvar sitt. 10-1 slutt.

No ventar som sagt Todalen, og det blir ein hard kamp. Heldigvis er lagmoralen høg i Fresvik, og optimismen skyhøg! Aldri før har Fresvik spelarane leika seg så mykje som dei gjer no på trening. Me kan spele 4-3-3, 2-5-3 og 3-4-3. Me har ikkje heilt bestemt oss endå, men me reknar med manageren gjer alt rett og sett opp eit lag som kan slå Todalen.

Cupmotstanden vår neste onsdag er betre enn først venta, og me kan ikkje spele med noko b-lag, det er sikkert. 196 AH poeng er bra for eit VI.lag.

0

1.serierunde over

Der var den første av 14 serierundar over. Og det kom vel ingen overraskingar i dag. Lofoten imponerte dog med ein sterk 3-0 borte (med berre 10 mann i over ein time) mot Cballers, 252 AH poeng er god indikasjon på at eg har gjort ein god jobb med å analysere laget. Verre blir det å slå dette superlaget.

Me spelte PIC borte mot eit BOT lag, og ga mange spelarar (med dårleg form) speletid. Eks-Nakkelag spelar Søvik scora hattrick og Fresvikjen Myrdal scora to.  Det som skuffa oss er at me berre har 75-77% ballinnhav, men det får den svake formen + ein teknikar på midtbana som ikkje likte den gjørmete bana, ta skulda for. Me skapte iallefall 10 brukbare sjansar, og me scora på 9 av dei. Pål Nygård fekk sin kamp nr. 432 når han blei bytta inn i det 75. min. Han held framleis nivået i V.58. Det kan bli spanande å sjå om han når sin Fresvik kamp nr. 450 iløpet av sesongen.

Me kan også melde om god lagånd etter dagens siger. Og betre vil den bli. For på onsdag ventar lett motstand i cupen som møtar eit toppa Fresvik lag. Me forventar mange mål av Backerei, Ovesen og Andreassen.

Elles gjekk treninga på torsdag heilt ok. Me hadde forventa ca 5 popp, men fekk berre to. Men det var dei to viktigaste som poppa, så då er me passe nøgde.

Etter dagens fine 9-0 siger ligg me på 1.plass 

ps. pga utruleg tregt internett, så får me ikkje sett så mykje på dei andre laga, men me skal ta oss ein kikk ved eit seinare høve.

0

Lagvurdering: Fresvik og Lofoten

Då har me analysert alle laga i avdelinga vår bortsett frå Fresvik og Lofoten. Me trur desse to laga kjem på topp 2, og det vil bli jamnt.

Me trur nemnleg det vil bli svært tett mellom 1. 2. og 3.plass i V.58 denne sesongen. Førre sesong kunne me gå inn i den nye sesongen å vite at me ville vinne kvar kamp. Slik blir det ikkje i år. Og det kan hende det blir målskilnaden som skiljer medaljane igjen?

Me startar med å analysere Lofoten, og deretter Fresvik.

———

Lofoten United

5 sigrar på rad

18 spelarar+trenar:

  • TSI: 597 380
  • Løn: 1 268 240
  • Snittalder: 22
Stjernespelar:
Sven Ingvaldsen, 21år, TSI: 58 040, Løn: 127 700kr [rask] LOKAL
Sven er ein av Lofoten sine oppfostra spelarar, det vil sei at han vil få +0.75 på alle skillsa sine når sesongen startar, og derfor trur me Sven vil bli ein frykteleg god spelar gjennom sesongen. Me er litt usikre på kvifor han spelar stoppar kvar treningskamp, for Lofoten kan ikkje trene forsvar når dei berre brukar 2-3 stk bak der….?
Uansett så er og blir Sven veldig viktig for laget. Midtbane ankeret som skal lede Lofoten til medalje i V.58. Lofoten har faktisk mange gode spelarar, og nesten samtlege av spelarane deira har spesialtetar! Det er ikkje ofte ein ser. Så spørs det om dei får meir positive hendelsar enn negative
——
Som lag:
Lofoten har eit veldig sterkt lag, og det er ingen i V.58 som har meir TSI enn nettopp laget frå nord. Snittalderen er også skremmande låg. Dei fleste er 21 år, og i sin beste alder. Dette er eit lag som fort kan vinne (for) mange kampar denne sesongen og rykke rett opp. Kondisjonen er dog ikkje så imponerande, og røynsla er sjølvsagt låg med så mange unggutar.
Keeperen til LU er ein veldig solid skotstoppar, Vetle, fyllar 27år neste veke har utmerkt røynsle og er eldstemann på laget.
Stopparane er ok, utan eg skal skryte for mykje, men dei får også trening i playmaking, så dette er eit lag som vil spele Barca-fotball, men blir dei like dårlege som Barca bakover med å spele med midtbanespelarar som stopparar?
Midtbana til Lofoten er V58’s beste, utan tvil. Dei vil vinne midtbanekrigane i 9 av 10 kampar, det er me sikre på. Dei har også gode vingar som spelar offansivt, noko som tilfører bra kantangrep.
Spissane er bra gode og den einaste utlendingen dei har spelar som defansiv spiss.
Etter ein grundig analyse av Lofoten så blir me faktisk litt skremt. Dette laget erstatta Largo, og det er som natt og dag, Lofoten blir utan tvil den sterkaste utfordrare til seriegullet i år. Om me trur dei tek gullet til slutt? vel, fyrst må me analysere oss sjølve…
———–
———-
Fresvik i Sogn
—-
10 sigrar på rad
—-
24 spelarar+trenar:
  • TSI: 475 900
  • Løn: 2 380 860
  • Snittalder: 25
Stjernespelar:
Per Marthinsen, 31 år, TSI: 65 000, Løn: 409 000
Sjølv om lønna er nesten ein halv million i veka (reknar med den synk når Per fyller 32 år om 10 dagar. Så er ikkje Per nokon superspelar. Men han er ein solid stoppar som byrjar å bli rutinert og kan spele offansivt for å styrke midtbana. Med dei rette værforhalda kan Per spele seg opptil 10 stjerner, noko han gjor førre veke (rekord i Fresvik). Per kom til klubben for 2 sesongar sia, etter at Fresvik sleit med å halde nullen i avgjerande kampar, og etter at han blei henta inn, så har måla imot blitt redusert kraftig. Me håpar Per held koken nokre sesongar til.
—–
Som lag:
Me vil ikkje røpe så alt for mykje om oss sjølv, men ein rask kikk på dei siste seriekampane ser ein at angrepet byrjar å bli bra. FiS har også ein god keeper, og med 3-4 jamngode stopparar kan dei koste på seg ein skade i ny og ne, i akkurat den lagdelen.
På midtbana er det verre med, det som ein gong var FiS’ beste lagdel har kanskje blitt den verste, men eit kjøp i sesongpausen ser ut til å styrke det, men det skal også seiast at det kjøpet kan vere på veg ut igjen (lagt uf for salg). Fresvik har 1,5 ving (kva det no enn meinast med) som ikkje er all verden. Men angrepet er det klasse over, og når Ovesen og Myrdal får bonusskill, så kan dei bli endå farlegare. Så spørs det om midtbana kan skape sjansar for angrepet…
Ein stadion som rommar 66 000 kan skape store inntekter til Fresvik laget, og dermed kan det også komme nye forsterkningar iløpet av sesongen.
På grunn av eldre spelarar som vil slite med å halde 90 minutt (som f.eks Pål Nygård) så trur me at det kan bli mange poengtap dei siste 10 minutta. 
——————-
1. Lofoten united
2. Fresvik i Sogn
3. Bjørkelangen SF
4. Todalen Goalscorers
5. Spurt IL
6. The Cballers
7. Motorpsycho:
8. FF Børtveit/BOT-lag
Me trur Lofoten blir for sterke, og det vil nok vere passleg jamnt, og viss ikkje BSF og FiS kjem med nokre geni-taktiske strek, så endar nok gullet opp i Lofoten. 
0

Sesong oppsummering

Me hadde ikkje store forventningar til denne sesongen, etter at me solgte våre 3 beste spissar (Daniel Hidle endte opp i Ørnene, som vann cupsølv).  Men eg syntes laget viste stor lagmoral gjennom heile sesongen, og styrke bakover når me vinne 13 av 14 seriekampar. Og i tillegg berre tapar èin cupkamp.

I serien vinn me 5 kampar med 1 mål, hadde me hatt våre beste spissar, så hadde me vunne mykje meir, og dermed fått seriegullet. Pål Nygård spelte 26 kampar totalt og er no oppe i 430 kampar for Fresvik. Imponerande tal for gamlefar.

Me vil ikkje sei så alt for mykje om sesongen som er spelt, for no ser me framover mot neste sesong. Me har fått 5 nye lag, (1 BOT lag) og alle skal vurderast.

Må sei eg er imponert over Reiner Backerei sin sesong, han blei toppscorar i V.58 med sine 11 seriemål. Sterkt av ungguten som berre er 19år. Han har tatt store steg denne sesongen, og det er synd han ikkje er norsk, ellers så kunne han hatt ei lang framtid i klubben.

Grattis HH med gullet, og peppar til dei som rykte ned.