Pierre Dumon Archive

0

Pierre Dumon

Dagen er kommen, Pierre Dumon at inntatt Legendeveggen. Natt til torsdag blei han nedslakta i ein treningskamp. Han blei så hardt skada at han ikkje hadde sjangs til å komme tilbake til fotballbana. Derfor blei han no plassert på Legendeveggen. Pierre Dumon fekk såvidt med seg sin 400.kamp for Fresvik. Ein imponerande karriere er over. 22 sesongar for oss, 400 kampar og over 50 serie-og cupmål.

Det er ein trist dag for Fresvik, og me hugsa endå då me kjøpte Dumon i februar 2005. Hovudspesialist, makkeren til Ron Wilatzen. 38 år blei Dumon, ein stor spelar har gått under, og me ser framover. Det lyspunktet me ser er at Pål Nygård er framleis med i gamet, han har hatt utmerkt form i det siste, sjølv om han er 39 år gammal.

No som belgiaren Dumon er ute av stallen har me berre 2 utlendingar i klubben, det er to spisstalent. Desse talenta blir ikkje lenge, og når lønningane deira stig så blir det kasta ut dørene, noko som betyr at me vil ha ein full stall med norske spelarar. Det er eit mål me har satt oss, og me gler oss til å nå det.

Laurdag ventar ein kamp mot Landro der me forventar å vinne, men ein veit aldri. Viss me vinn her så kan me vere 9 poeng foran 3.plassen, etter berre 7 kampar. Det er veldig jevnt i botn og me får berre ta dei poenga me kan ta. Me vil ikkje kjøpe inn forsterkningar før me veit at me har ein god sjangs til å vinne serien. Akkurat no er me 3 poeng og målskilnad frå 1.plassen.

Me er ute av cupen og det er få lyspunkt denne sesongen, sansynlegvis vil me berre surfe gjennom med den stallen me har og spare peng. Me har nok til å kjempe om gullet neste sesong. Denne sesongen ser Higgins svært sterke ut.

0

3 serierundar spelt og delt 1.plass, utan spissar

I går spelte me 3.serierunde i V.58. Me toppar tabellen saman med Higgins Heroes (HH) etter ein fin 4-0 siger (HH vann 1-0 borte mot Spurt). Førre veke solgte me vår beste spiss Jakobsen for nesten 40 millionar kroner. Det vil sei at me har eit stort beløp på konto, etter å ha solgt 3 spissar for over 30 mill den siste mnd, utan å henta inn nokon store namn. (Søvik (17) for 15 mill er framleis veldig ung og er ein spelar for framtida).

Så det var stor usikkerheit om me ville score mange mål i går, og etter at me hadde gått opp i leiinga etter berre 7 minutt, bytta me ut vår hittil beste spiss (Andreassen) etter 20 minutt til fordel for 17åringen Borgersen som berre er brukbar spiss. Allikevel scora me 2 mål til på slutten av kampen, utan å sleppe inn noko. Me har eit veldig sterkt forsvar for tida, og med Per Marthinsen i form så skal det bli vanskeleg å score på oss i framtida.

På onsdag ventar ein cupkamp me bør vinne, og når Borgeresen berre spelar dei første 20 minutt før Andreassen kjem innpå, så skal me klare å score på sjansane me får.

Men neste helg ventar HH på bortebane, og den kampen er verre, spesielt viss me møter tøff motstand i cupen (i 5.runde). Me vil gjerne komme så langt som mogeleg i cupen for å få erfaring/rutine/røynsle og billettinntekter. Per dags dato har HH eit betre lag enn oss, mykje grunna vårt svake og unge angrep, men me henta inn ein spelar i går kveld, som kanskje vil få speletid på slutten av kampen mot HH. Han er ein 36 år gammal playmaker som har masse rutine og middelmodig leiarevne, så kanskje er han ein framtidig trenar. Han kosta berre 1,5 mill, så me tok oss råd til å hente han inn. Helge Berthelsen er namnet og han får nr 21.

Bjørn Ovesen (18) og Rolf Myrdal (17) har fått nye draktnummer no som nr 9 og 10 blei ledige. Sia desse unggutane er Fresviks framtid og vil vere i klubben i lang tid framover har me bestemt å gi Ovesen nr 9, g Myrdal nr 10. Søvik har framleis nr 18. Backerei (18) som også er spådd ein stor framtid har framleis nr 99. Han ytra ynskje om å få nr 9, men me vil ikkje skifte nr heile tida. Backerei skal etter planen bli solgt om nokre få sesongar.

Borgersen gjekk frå nr 13 til nr 19. (spissane våre har nr: 9,10, 18,19,20 og 99)

 

Me kan også melde på slutten av pressemeldinga at Pål Nygård (utmerkt form) har no 409 kampar for FiS, og Dumon er berre 4 kampar ifrå sin 400.kamp for Fresvik. Begge håpar på speletid på onsdag,men berre ein av dei vil spele ettersom den nye signeringa (Berthelsen) og Andreassen blir bytta innpå.

0

Enkel seriekamp for Pål Nygård

Denne seriekampen vil bli veldig målrik, og ville vore veldig uinteressang viss ikkje det hadde vore for Pål Nygård (39). Han får nemleg sin 400.kamp for Fresvik. Han vil ta plass i forsvar og spele så offansivt som overhode mogeleg. I det 89.minuttet vil han bli hylla av Fresvik fansen og erstatta av Pirre Dumon(38).

Pål vil ha kapteinsbindet og vil vere dødballstakar denne kampen, så håpar me at han får sitt 50.seriemål i karriera.

Stakra er laget som er på botn, og me forventar at dei legg seg bakpå, men med angrepet me har så bør det ikkje vere noko vanskeleg å trenge seg gjennom.

Når me satt opp laget så tenkte me på kva spelarar som mest truleg er i klubben neste sesong, derfor vil me vere veldig redusert i forhold til laget me stilte med mot Flankenstad (280 ah-poeng).

Gullet er tapt, og viss me tapar neste helg, så endar me på 3.plass. Me veit ikkje om me skal stille med toppa lag, eller om me skal tape den tøffe heimekampen. For oss spelar det veldig liten rolle kva plass me kjem på.

Tor Landro (ving) blir solgt i dag, men me håpar verkeleg me får meir enn 2 mill for han! Me forventar å få rundt 10 mill for han!
Adam (inner) er også på veg ut. Han har fått eit bud på 10 000kr av Eplehagen (ein gammal kjenning for Fresvik).

Når desse to spelarane (tilsaman 66år) forsvinn og Pål og Dumon (til saman 77 år) legg opp vil snittalderen synke betrakteleg. Akkurat no er den på høge 25 år, og me vil ned i 23. Me vil framleis bruke eldre midtbanespelarar fordi me snart skal ha eit generasjonsskifte i det ledded.

0

Ny sesong i V.58

Etter eit svært urettferdig bortetap blir me værande i V.58. No har me sjans til å skifte om på laget og hente inn yngre spelarar. 2 spissar kjem til å bli solgt snart, gamle midtbanespelarar blir solgt og ny litt yngre playmakera kjem til å komme inn. Nye spisstalent vil me henta frå eigen juniorstall og forhåpetlegvis frå Nakkelaget, som har ein veldig heit spelar.

Lagdelane våre som må skiftast ut:
Keeper:

  • Jørgen Lehne (25) – Langtidskontrakt

Forsvar:

  • Pierre Dumon (38) legg opp iløpet av neste sesong (spelar til 6 stjerne i god form for 20 minutt)
  • Per Marthinsen (31) blir solgt i nærmaste tid, utruleg god med PM skill, men er for dyr
  • Eirik Kristoffersen (trenar, 33) er trenar i klubben og spelar til 5 stjerne i god form
  • Øyvind Lauritsen (32) stoppar med både playmaking og passningsskill, vil bli i klubben, men usikker
  • Øyvind Midsund (24) god “ung” stoppar som blir i klubben i lang tid framover

Midtbane:

  • Pål Nygård (39) legg snart fotballskoa på hylla, men spelar framleis til 5-6 stjerne i god form, i 10-15 minutt
  • Aage Igbal (32) aldrande playmaker som spelar til 7 stjerner, vil bli i klubben ein sesong til, maks
  • Benjamin Jørgensen (30) ein spelar som kan spele både kant og inner, vil bli i klubben to sesongar til
  • Espen Hagenlund (25) Yngste playmakeren, har også brukbare passningsevner. blir i klubben
  • Lasse Hanstensen (32) kan spele både offansiv og defansiv midtbane, usikker framtid i klubben
  • Rares Adam (35) eventyrleg midtbanespelar som berre kan spele ein omgang, blir solgt. Utanlandsk

Vingar:

  • Jimmi Matthiesen (26) ikkje den beste vingen i klubben, men framtidig trenar og ok biskills
  • Tor Landro (31) svært god ving med både dødballevner og ein utmerkt innleggsfot. Blir solgt

Spissar:

  • Bjørn Ovesen (18) framifrå spiss som er oppvaksen i Fresvik. blir
  • Daniel Hidle (20) fantastisk spiss med solide passningsevner. omskifteleg. blir
  • Erik Andreassen (20) storveges sterk spiss. fått spelt overraskande mykje a-lagsfotball denne sesongen. blir
  • Reiner Backerei (18) glitrande teknisk spiss med playmaker skills. blir
  • Marcus Jakobsen (21) Eventyrleg spiss med utmerkt passningsevner som kjem til å stige før han blir solgt. Solgt før neste sesong startar
  • Roy Engebakken (21) Eventyrleg spiss med utmerkt passningsevner som kjem til å stige før han blir solgt. Solgt før neste sesong startar

Inn:

  • 1 playmaker — ca 30år, 10 mill
  • 1 spisstalent — Søvik 20-30 mill
  • 1 spisstalent frå eigen juniorstall — 20 000kr

Sum ca 40 mill

Ut:

  • Midtstopparar – 15 mill
  • Midtbanespelarar: 1 mill
  • Vingar: 10 mill
  • Spissar: 80 mill

Sum: ca 100 mill

Resten blir spart til slutten av sesongen, når me har vunne serien, og nye talent blir kjøpt inn saman med midtbanespelarar, unge midtbanespelarar

0

Nærmar seg seriefinale

I dag vant me greit 3-1 på bortebane mot Spurt. Ein fortjent siger der me spelte PIC. Laget vårt er solid og me har ein bra benk.

Neste helg spelar me mot Deuce, noko som skal vere plankekøyring. Me vant såvidt på bortebane, men no spelar me heime med sjølvtillit og god lagånd. Spenninga neste helg står Flankenstad, Higgins, Spurt og Det Norske Gymnasium for.
Viss Higgins skal ha noko sjans til å ta gull MÅ dei vinne denne kampen, så dette blir ein nøkkelkamp for 3.plassen. Flankenstad er framleis på 1.plass etter ein ny siger i helga, men no møter dei tøffare motstand i Higgins, på bortebane, så dei kan ikkje ligge på latsia her. Eg spår ein uavgjort, men håpar på heimesiger.

Spurt mot DNG blir nok også jamn. Kven som unngår kvalikkplassen blir avgjort her også. Spanande!

 

Pål Nygård fekk også sin 394. kamp for Fresvik i dag, og han styrka midtbana bra dei siste minutta. 7 kampar igjen til 400 talet er nådd
Pierre Dumon fekk sin 390.kamp i trøya. Dette er ein stor milepæl som håpar å nå 400 kampar før han legg opp…

0

Fresviks historie

For å fortelje litt om historia til Fresvik i Sogn vil me no gå gjennom år for år, frå klubben blei danna ein vakker dag i mai 2004.

Manager Botun gjekk i 10.klasse i Fresvik då han byrja med hattrick, og blei raskt hekta. Klubben starta med forsvarstrening og henta inn fleire 17åringar som hadde inadequate (måteleg) i skill. Den fyrste kampen blei spelt 29.mai som me skreiv om i førre post. Siger mot hamran med scoringar av målmaskina vår Gunnar Hansen og stopparkjempa Pekka Muhonen (29376540) (han har berre scora 18 seriemål i karriera, dvs over 5% blei scora i sitt 3 dagars opphald i Fresvik. Muhonen blei solgt ved ein feiltakelse, fordi me solgte han for 600 000kr meir enn me kjøpte han for.

Fyrste sesongen i VI.432 (hattricksesong 12) endte me på ein grei 3.plass. Sesongen etter kom me på ein ny 3.plass før me vann ligaen året etter, men tapte kvalikken mot Bjørnstad. Eit lag me slo på ah-poeng men me hadde stort sett berre forsvarsfiber i laget, og då blei dei 0-2 tap. Dette var Pål Nygård (48700068) sin fyrste heile sesong i klubben, (som endte med gull).

Året etterpå (hattricksesong 15/Fresviksesong 4) vinn me serien på ny og rykk opp etter å ha slege Black Hole 1-0 i kvalikken. Denne sesongen blei Pål Nygård solgt til nakkelaget for 25 millionar kr, ein overgangsrekord for Fresvik klubben. Men sia Pål spelte starten av sesongen fekk han med seg gullmedaljen frå VI.432 avdelinga.

Sesongen etter var me endeleg i 5.divisjon. Ei stor bragd for klubben med 250 innbyggjarar. Men opphaldet i 5.divisjon varte ikkje lenge. Fresvik klorte seg til ein 6.plass, men tapte kvalikken mot Enebakk Surfers.

6.divisjon (i hattricksesong 17/Fresviksesong 6) gjekk veldig bra. Det blei nytt gull på Fresvikjene. Men tapte ein ny kvalikk (3 av 4 så langt) mot Jallalag fordi me meinte me ikkje var klar for 5.divisjon igjen Pierre Dumon blei blant anna spart i den kampen. Sesongen etterpå blei det nytt gull og ei historisk cupinnsats der klubben kom til 5.runde (som eit 6.div lag!).

Kvalikkampen vann me 1-2 mot FK Godfoten med Pål Nygård tilbake på laget. Etter eit godt opphald i Nakkelaget der han utvikla ballfordelingsevnene hans blei han kjøpt tilbake for 40 millionar kroner. Pål hadde no 3 gullmedaljar i skapet ettersom han fekk eit gull i Nakkelaget også.

Fresvik var no i 5.divisjon fast bestemt på å kontre seg til ein sikker plass på tabellen. Og det gjekk såvidt. Dei kom på ein 6.plass der Fresvik vann 4-1 i kvalikken. Men sesongen etterpå blei det jumboplass og klar for ny sesong i 6.div.

Fresvik var sikre på at dei hadde godt nok lag for 5.divisjon, og laget vann serien i VI.714 suverent i sin fyrste sesong i den avdelinga, og rykka rett opp til 5.divisjon, utan å spele kvalikk for ein gongs skuld.

5.divisjon blei ein braksuksess med ein 2.plass. og sesongen etterpå blei det 1.plass og opprykk til 4.divisjon!

Dette var ei ny milepæl for den vetle bygda. 4.divisjon etter 13 sesongar opp og ned mellom 6. og 5.div var godt for klubben. Stadion blei utbygga til 66 000 og me hadde fått eit nytt supertalent opp frå akademiet. Jan Bolstad. Me hadde også skifta over frå forsvarstrening til ballfordeling, noko som førte til at me blei eit meir angripande lag.

4.divisjon var eit passande nivå for Fresvik som kom på 4.plass etter å ha slått rivalen sin Tuuters 3-1 på heimebane i siste serierunde. Det førte til ein ny sesong i 4.divisjon og ein ny 4.plass for Fresvik. Klubben hadde no etablert seg i 4.divisjon. Men den 3.sesongen satsa me på cup og då blei det nedrykk til 5.divisjon. Spelarar med høg løn blei solgt og det var usikkert om me ville komme tilbake til 4.divisjon innan kort tid.

I 5.divisjon igjen spelar Fresvik i toppen, og tek ein grei sølvmedalje. Året etterpå blir det gull og me kom til ein historisk 7.runde i cupen, men kvalikken tapte me 3-0 mot Hvalgutta med eit reint b-lag. Og den sesongen var sist klubben tok gull, for etter det har dei endt på 5. 4. 3.  5. og 4.plass, grinnen til dei dårlege plasseringane er at me skifta til angrepstrening og me hadde eit lite generasjonsskifte. Akkurat no er me 2 poeng bak serieleiaren med 5 kampar igjen. Vinn me resten blir det vårt første seriegull på 6 sesongar.

Etter den historiske gode sesongen med gull og 7.runde i cupen har aldri laget blitt det same, men er no på veg til å byggje eit nytt lag. Om 2-3 sesongar skal me etter planen ha nokre verdsklasse spelarar med ei vanvittig midtbane. Forhåpentlegvis er me i 4.divisjon igjen då. For det er der Fresvik høyrer heime