Salg Archive

0

Den store veka er over

Med 7 skadar gjekk me inn i sesongens tøffaste veke, og alt tyda på at me kom til å stå igjen med lua i handa, men Engelskmannen ville det anleis. 

Fyrst spelte me seriekamp mot overaskelselaget Novair, som til slutt endte 3-3, der Fresvik stillte med ein lur 4-3-3 formasjon, med berre ein inner. Med dette tapte Fresvik midten marginalt, mot eit kontringslag. Og taktikken funka bra, for Fresvik skapte mykje framover med sine kontringssjangsar og leia kampen 3-0 halvveges i 1.omgang, men rota bort sigeren pga dårleg forsvarsspel (hadde berre èin frisk forsvarsspelar, så spelte med to vingar og ein inner i den bakerste rekkja).

På måndag kom Nakkelaget FC på besøk, og dei var meir på hogget for å vinne kampen, og me var sikre på at dette kom til å bli eit flaut tap for oss. Me MÅTTE unngå tap i denne kampen. Med tap her hadde me også meir eller midre “sikra” nedfrykk frå NTK-turneringa. Her spelte me i ein 3-4-3 formasjon, med ein offansiv stoppar (som egentle er midtbanespelar) og ein offansiv ving. Me klarte på merkeleg vis å spele 2-2 mot Nakkelaget. Eit resultat me er godt nøgde med.

Onsdag kom Flata Champions på besøk, eit lag me kjenner godt frå V.58. Historisk sett hadde me ein bra grep på Flata på heimebane, men me hadde Pål Nygård på benken for å gi han sin 450.kamp for Fresvik viss me låg under etter 89 minutt. Men lagkameratane hans ville ikkje ha han innpå og scora på den eine sjangsen dei fekk i kampen, samtidig som keeperen vår storspela mellom stengene.  Her spelte me 2-5-3 der me ga alt for å vinne midten. Flata scora på ein av sjangsane sine og det var 1-1 etter 90 minutt. Ekstraomgangar. Her hadde Engelskmannen eit ess i ermet, og bytta ut Myrdal til fordel for Zaballos. Og med ein frisk og kvikk spiss på topp styrka det angrepet til heimelaget. Me storma fram og scora på den eine sjangsen me fekk i ekstraomgangen, og dermed var me klar for 7.cuprunde og endå ein heimekamp i cupen. Den 3. i rekka. No ventar eit bra III.div lag. Snipp snapp snute, no er me ute. Me håpar på ein bra kamp på laurdag, slik at me får mange tilskodarar på heimekampen på onsdag, og for guds skuld, la det bli sol, har berre vore overskya dei siste kampane.

Erik Andreassen blei i går solgt etter cuptriumfen over Flata (scora 1-0 målet), så me er betydleg svekka i angrep gjennom resten av sesongen, men det var kampen mot Flata me verkeleg ville vinne. Resten får bli som det blir. 30 mill for mannen var eit bra nok tilbod til å godta.

2 Uavgjort og 1 siger er me svært godt nøgde med, der me har slitt med mange skadar. Tilskodarinntektene har ikkje vore så bra på lenge, og me gler oss til cupkampen, kanskje når me 60 000 tilskodarar slik som i glansdagane i IV.div?

0

Spelarar til sals

Først ut på transferlista er Roy Engebakken (274562319). Han er ein spelar som me kunne solgt for 40 mill tidleg på sesongen, men pga nye innkjøp den kommande veka må me selge no. Derfor ligg han ute til 35 millionar. Deadlinen er i kveld.

Roy er ein spiss utan spesielle ferdigheiter, men har eventyrlege scoringsevner (world class) og eineståande passningsevner (formidable).  Om ein knapp mnd vil løna hans halde seg på 120 000 i veka, noko som er veldig ok for ein 4. eller 5.div klubb.

Han scora 9 mål denne sesongen, så målteften er det ingenting å sei på. Aldri vore skada heller.
21 år og norsk, ingen tvil om at dette vil vere eit godt kjøp

 

Marcus Jakobsen er ein spelar som kom på samme dag som Engebakken, og ligg på omtrent samme ferdigheitsnivå, men han vil få passningstrening i sesongpausen slik at kan bli endå betre og endå dyrare når me sel han på starten av sesongen.
[Hovud] sterk er han også, 12 mål denne sesongen (på ca 14 kampar)
21 år og norsk

Daniel Hidle er endå ein norsk talentfull spelar som kom til klubben dagen etter Jakobsen og Engebakken. Er eit år yngre og endå meir talentfull. Har solid form om dagen men diverre berre spelt treningskampar denne sesongen, bortsett frå 2-3 seriekampar der han scora 4 mål.  Er [omskifteleg/unpredictable] og når han når formidable passningsevner blir han garantert solgt for underkant av 40 mill. Han er endå ikkje fyllt 21 år, og viss lønna hans synk nok, så kan det hende me held på han ein sesong til. Men mest sannsynleg vil han bli solgt i starten av neste sesong.

 

Her er det mogeleg for kjempekjøp. Me håpar spelarane vil bli utvikla i andre klubbar, helst i utlandet eller norske klubbar høgt oppe i systemet.
Lukke til vidare på ferden gutar!