Seriegull Archive

0

OPPRYKK TIL III.5!!!!

Ikkje so mykje meir å sei om det egentleg. Har vore lite aktivitet på Hattrickunited, men kanskje er det difor me klarte å rykke opp til III.div etter tre sesongar i IV.div?

Me har feira med ekstra treningsøkter!

 

No er me klar for ein ny sesong, no blir det ein kamp for tilværelsen!

0

GULLKAMP

Etter ein laber start paa sesongen med 3 poeng paa dei 4 fyrste kampane og cupexit i 2.runde var det lite som tyda paa at Fresvik ville kjempe i toppen av V.58 denne sesongen. Men etter tapet mot Spurt, gjekk det ein stor faen i spelarane og laget byrja aa prestere bra. Formen gjekk til himmels og det same gjorde angrepsspelet. Eit par playmakerar blei henta inn for aa styrke laget til neste sesong. Ni kampar etter Spurt tapet staar Fresvik men 31 poeng! Lag som Todalen, FK Feilpasning og Spurt har blitt slaatt ned i stovlane av Fresvik kjempene.

No ventar eitt siste hinder, nemleg Novair, som stal 1 poeng mot oss i 1.serierunde. Dei er eit meget farleg lag, som me ikkje skal undervurdere, og dei kan ta poeng fraa samtlege lag i serien.

Men me har vore lenge nok i denne avdelinga til aa gi fraa oss denne sjangsen, og me gjer alt for aa vinne i dag. Blir det siger, saa blir det 1.plass og kvalikk. Me kan nesten ikkje vente.

Samtidig skal det seiast at maalsetninga for denne sesongen var topp 4, so om det skulle bli poengtap i dag, so er det ingen krise i Fresvik. Det har heile tida vore neste sesong som har vore maalet. Opprykk til IV.div vaaren 2013.

Feilpasning og Spurt spelar mot to PIC lag, som er klare for kvalikk neste helg, so alt anna enn 3 heimepoeng til FKF og Spurt vil overraske meg veldig.

 

Blir det gulli  dag, so blir det iallefall ein heidundranes fest i Fresvik

0

Ståa etter 4 serierundar

ca 30% av seriekampane er spelt og ein kan no danne seg eit bilete av korleis tabellen kjem til å sjå ut etter 14 kampar.

Lofoten og Fresvik toppar tabellen med full pott (12 poeng), medan Spurt og Todalen følg etter med 7 og 6 poeng. Allereie hekta av kampen om gull og sølv. På toppscorar-lista har Lofoten 2 spelarar på topp med 6 og 5 mål, medan Fresvik har daudball “ekspert” Jimmi Mathisen på 3.plass med sine 4 mål.

Fresvik ligg 6 poeng bak Higgins Heroes på maratontabellen (HH: 273 poeng på 154 kampar, FiS: 267 poeng på 130 kampar) og 12 mål bak det mestscorande laget i V.58 (388 mål, Døckz: 400 mål (på 154 kampar))

Mykje tyder på at Fresvik kjem til å toppe begge dei statestikkande i nær framtid, men først må dei slå Lofoten på heimebane neste helg. Det blir ein formidabel test, og FiS inviterar alle Fresvikjer til å ta turen til den utvida Grasbanao i Fresvik (plass til over 70 000).

Helgas kamp mot Bjørklangen var ingen enkel kamp, sjølv om me lada mest opp til cupkampen på onsdag. Me brukte også ein debutant i dag, playmakeren Reidal Møll som kom til klubben på fredag. Han kom innpå etter ein times spel, og gjorde ein bra figur, me reknar med det blir meir speletid på onsdag. Espen Hagenlund forsvann derfor i dag for 14 mill etter nesten 6 sesongar i klubben. Lukke til i Polen Espen! Hans først utanlandseventyr.

1. Lofoten har spelt svært bra denne sesongen, og me er ikkje overraska over at dei toppar tabellen (på målskilnad). Viss dei teke poeng mot oss så trur eg dei tek gullet. Viss me vinn så er det heilt opent og 50/50 sjanse for kor gullet endar. Dei har henta inn knallgod keeper sia seriestart og han blir det vanskeleg å score på. Dei har også, noko overraskande, lagt om til 5 mann bak, noko som fører til at dei spelar mykje på kantane, og svekkar midtbana litt. Dette er gode nyhende for oss, så lenge me klarar å trenge gjennom forsvarssmuren deira.

3. Spurt IL det einaste laget som framleis er med i cupen, bortsett frå Fresvik. Dei høyrar definitivt oppi toppen av V.58, og me er glade for at me har spelt mot dei allereie (vann for 10.gong på rad). Så no ønskar me dei lukke til i cupen og mot Lofoten på bortebane om 2 veker. Viss dei spelar mot sitt beste, så kan dei ta poeng der. Dei har vore utruleg uheldige med skadar, og 30 millioners spissen dei kjøpte blei skada i sin andre kamp for klubben. Akkurat no ser det ikkje lovande ut for cupavansemang. 4 stk skada (til saman 7 veker)

4. Todalen Goalscorers 2 sigrar, 2 tap, 2 mål i snitt per kamp. Har spelt mot både Fresvik og Lofoten, så dei vil nok sanke meir poeng i nær framtid, og ein 4. 5. plass er nok ein naturleg målsettning for det nyopprykka laget. Bra lag, men litt for hissige (allereie sanka 5 gule + 1 raudt). Men eg trur dei tek 6 poeng på dei neste to kampane.

5. Motorpsycho overraska då dei tok poeng mot The Cballers, men har ein lite aktiv manager, og klarte ikkje å sette opp treningskamp tidlegare denne veka. Har endå ikje møtt Lofoten + Fresvik, så her er det fleire tap i vente, og me trur dei endar på ein 7.plass, sjølv om dei ligg på 5.plass per dags dato.

6. Bjørkelangen SF Har spelt mot Spurt (2-2), Lofoten (0-3), Cballers (0-0) og Fresvik (1-2). Dette er eit lag som kjem til å slå både motorpsycho, BOT laget og kanskje kjempe om poeng mot Todalen. Neste kamp mot Cballers trur me dei teke 3 poeng. Så dette laget vil klatre på tabellen.

7. The Cballers Har skuffa, og omlegginga av treninga har mykje av skulda for det. Også uvittige spelarkjøp har gjort at laget er meir svekka enn naudsynt. Har eit bra forsvar (framleis), ok angrep, men dårle midtbane. Og dei spelar 3-5-2… då er det noko som ikkje heilt stemmer. Klarar nok kvalikkplass, men må kanskje forsterke viss dei vil vinne den kvalikkampen.

2. Fresvik Me hadde ikkje tenkt å vurdere oss sjølv, men så gjer me det likevel. Me har starta greit. Spelt 2 av 4 kampar Play It Cool, så me er godt nøgd. Me er framleis med i cupen, har forsterka laget sia seriestart og har endå ikkje fått ein einaste skade på laget etter 8 cup/seriekampar. Fantastiske tal egentleg. Einaste som føre til at FiS snublar er vel at dei sett innpå Legenda for tidleg i kampen, og dei han blir frålaupt og motstandaren scorar mål i sluttminuttane. Men det er viktig at han når 450 kampar for FiS før han legg opp, og viss det blir opprykk, så blir det ikkje mange speleminutt på Pål. Salg av Erik Andreassen kan også føre til svikt i angrepet, men me håpar å behalde han til bortekampen mot Lofoten.

 

0

Og der var det kamp om seriegullet igjen!

Etter ein formidabel innsats frå Fresvik sine utvalgte blei det 2-0 mot Higgins, der me kunne ha scora mange fleir. Grasbanao i Fresvik var nesten utsolgt (65786) og me visste me måtte vinne med 3 mål for å ta tabelleiinga.

Ingen av laga tok kommandoen i starten, men etter halvspelt 1.omgang gjekk Fresvik i angrep, først Zaballos oppløpt av motstandaren og misbrukte sjansen sin, men Hanstesen scora med ein vingleskot etter 35 minutt. Minuttet etter scora Zaballos årets første seriescoring, han spelte istaden for ein skada Andreassen. Begge laga fekk kvar sin sjanse like før pause.

Fresvik hadde 60%ballinnhav i 1.omgang og var klart best.

Ingenting skjedde før i det 80.minutt. Då blei Jørgensen bytta ut til fordel for bursdags”barnet” Pål Nygård. Ungfolen fyllte 40 år og spelte sin Fresvikkamp nr 424! Og iløpet av dei siste 10 minutta sette Fresvik inn eit forrykande sluttspurt på jakt etter det 3.målet. Både Ovese og Midsund bomma på sjansar som dei skulle ha scora på.

Det blei med 2-0 og 3 poeng. No er det berre èitt mål som skillar Fresvik frå Higgins. Og viss Fresvik vinn 3-1 medan Higgins vinn 1-0 så er det ingenting som skillar laga. Det hadde vore forferdeleg kjipt å tape opprykket på myntkast, men samtidig hadde det vore veldig deilig å vunne seriegullet på myntkast. Me tapte mot HH 1-0 borte, og slo dei 2-0 heime. Me håpar det blir rekna på innebyrdes oppgjer i so fall.

Det er 3 kampar att, og alle kampane må vinnast. Me må ofre alt for å score flest mål, og me veit HH har eit bra lag og kjem til å score mål, så her me må score endå meir. Eit skikkeleg rotterace!

0

Klar for seriefinale. No blir sesongen avgjort. 1 kamp. 1 sesong

Då var endeleg dagen her, heimekampen mot Higgins Heroes. Etter at me tapte bortekampen 1-0 har me lugge 3 poeng bak HH og målskilnaden har auka sakte med sikkert til 5 mål. Me har som mål å klatre forbi HH etter laurdagens kamp, dvs at me må vinne med minst 3 mål.

Me har henta inn ein spelar som skal skape fleire sjansar for oss i denne viktige kampen, Rune Lande (120887948), blei kjøpt for knappe 8,6mill sundags kveld. Han er ein god playmaker som kan bidra med sitt passningsspel. 34 år gjer at han ikkje held heile kampen, men me nok av gode innbyttarar. Forhåpentlegvis held han formen sin (brukbar/passable) til helga.

Så etter 9 lette sigrar og 1 jamn kamp får me endeleg hard motstand igjen. Her kan alt bli avgjort. Me må vinne for å ha sjangs på gullet. Samtidig som me kan slå Higgins veit me at me kanskje ikkje er gode nok til å rykke opp til 4.div. Me har ca 60-70 mill på bok, men me er usikre på om det er nok til å forsterke laget. Samtidig er det ufatteleg keisamt å spele i V.58 (me har dobbelt så mange poeng som 3.plassen). Me har vore der veldig veldig lenge, og me er lyste på pokal.

Nakkelaget FC (20614) ser ut til å vinne serien sin i 6.divisjon, noko som førar til at dei får ein pokal i samlinga si. Viss me vinn serien vår vil me ha like mange pokalar som dei, men me vil ha ein 5.div pokal meir enn NFC.

Me vurderar å gå over til ving trening etter å ha treng spissane våre, istaden for playmaking som den orginale planen var. Me har tilfeldigvis fått mange spisstalent med kant skills, men det er noko me må sjå an når dagen kjem. Me blir å trene spissar eit par sesongar til. Søvik som spelar fast a-lags fotball på topp er endå berre 17år.

Tilbake til kampen mot HH. Me har spelt mot kvarandre heile 17 gonger. 8 gonger har laga vunne, 1 gong har det endt uavgjort. Og sia eit av laga vilrykke opp denne sesongen vil det bli det beste laget som rykk opp (håpar me).

Den kjipaste scenarioet er at me vinn 1-0 og tapar gullet på målskilnad. Men me må berre vere offansive og gi alt.

Me vil ikkje røpe for mykje av taktikken her, for det kan fort bli sjebnesvangert om HH-manageren plutseleg skal bli litt aktiv og lese det.

Me kan sei såpass mykje at me går for siger og satsar “alt” på å ta gull i år. Me er villige til å ofre 10mill på å ta gullet. Men me vil ikkje bruke heile budsjettet på nye spelarar. Èin spelar held. Me har såpass godt lag at me kan slå dei.

Kan også nevne at Erik Andreassen blei skada sist helg, vår beste spiss, ute i 2 veker. Utruleg kjipt, men me har heldigvis ein god utlending i bakhånd. Dvs at me vil starte med 2 utlendingar denne kampen, og eg kan seriøst ikkje hugse sist me starta med så mange utlendingar. Dei einaste utlendingane i stallen får spele på topp.Det er ikkje kvardagskost i Fresvik.

Sia dette er heimekamp så forventa me fullsatt stadion, og me håpar på godt vær som gjer at spelarane våre presterar over evne.
Måtte det beste laget vinne.
Go Fresvik!

0

Pierre Dumon

Dagen er kommen, Pierre Dumon at inntatt Legendeveggen. Natt til torsdag blei han nedslakta i ein treningskamp. Han blei så hardt skada at han ikkje hadde sjangs til å komme tilbake til fotballbana. Derfor blei han no plassert på Legendeveggen. Pierre Dumon fekk såvidt med seg sin 400.kamp for Fresvik. Ein imponerande karriere er over. 22 sesongar for oss, 400 kampar og over 50 serie-og cupmål.

Det er ein trist dag for Fresvik, og me hugsa endå då me kjøpte Dumon i februar 2005. Hovudspesialist, makkeren til Ron Wilatzen. 38 år blei Dumon, ein stor spelar har gått under, og me ser framover. Det lyspunktet me ser er at Pål Nygård er framleis med i gamet, han har hatt utmerkt form i det siste, sjølv om han er 39 år gammal.

No som belgiaren Dumon er ute av stallen har me berre 2 utlendingar i klubben, det er to spisstalent. Desse talenta blir ikkje lenge, og når lønningane deira stig så blir det kasta ut dørene, noko som betyr at me vil ha ein full stall med norske spelarar. Det er eit mål me har satt oss, og me gler oss til å nå det.

Laurdag ventar ein kamp mot Landro der me forventar å vinne, men ein veit aldri. Viss me vinn her så kan me vere 9 poeng foran 3.plassen, etter berre 7 kampar. Det er veldig jevnt i botn og me får berre ta dei poenga me kan ta. Me vil ikkje kjøpe inn forsterkningar før me veit at me har ein god sjangs til å vinne serien. Akkurat no er me 3 poeng og målskilnad frå 1.plassen.

Me er ute av cupen og det er få lyspunkt denne sesongen, sansynlegvis vil me berre surfe gjennom med den stallen me har og spare peng. Me har nok til å kjempe om gullet neste sesong. Denne sesongen ser Higgins svært sterke ut.

0

3 serierundar spelt og delt 1.plass, utan spissar

I går spelte me 3.serierunde i V.58. Me toppar tabellen saman med Higgins Heroes (HH) etter ein fin 4-0 siger (HH vann 1-0 borte mot Spurt). Førre veke solgte me vår beste spiss Jakobsen for nesten 40 millionar kroner. Det vil sei at me har eit stort beløp på konto, etter å ha solgt 3 spissar for over 30 mill den siste mnd, utan å henta inn nokon store namn. (Søvik (17) for 15 mill er framleis veldig ung og er ein spelar for framtida).

Så det var stor usikkerheit om me ville score mange mål i går, og etter at me hadde gått opp i leiinga etter berre 7 minutt, bytta me ut vår hittil beste spiss (Andreassen) etter 20 minutt til fordel for 17åringen Borgersen som berre er brukbar spiss. Allikevel scora me 2 mål til på slutten av kampen, utan å sleppe inn noko. Me har eit veldig sterkt forsvar for tida, og med Per Marthinsen i form så skal det bli vanskeleg å score på oss i framtida.

På onsdag ventar ein cupkamp me bør vinne, og når Borgeresen berre spelar dei første 20 minutt før Andreassen kjem innpå, så skal me klare å score på sjansane me får.

Men neste helg ventar HH på bortebane, og den kampen er verre, spesielt viss me møter tøff motstand i cupen (i 5.runde). Me vil gjerne komme så langt som mogeleg i cupen for å få erfaring/rutine/røynsle og billettinntekter. Per dags dato har HH eit betre lag enn oss, mykje grunna vårt svake og unge angrep, men me henta inn ein spelar i går kveld, som kanskje vil få speletid på slutten av kampen mot HH. Han er ein 36 år gammal playmaker som har masse rutine og middelmodig leiarevne, så kanskje er han ein framtidig trenar. Han kosta berre 1,5 mill, så me tok oss råd til å hente han inn. Helge Berthelsen er namnet og han får nr 21.

Bjørn Ovesen (18) og Rolf Myrdal (17) har fått nye draktnummer no som nr 9 og 10 blei ledige. Sia desse unggutane er Fresviks framtid og vil vere i klubben i lang tid framover har me bestemt å gi Ovesen nr 9, g Myrdal nr 10. Søvik har framleis nr 18. Backerei (18) som også er spådd ein stor framtid har framleis nr 99. Han ytra ynskje om å få nr 9, men me vil ikkje skifte nr heile tida. Backerei skal etter planen bli solgt om nokre få sesongar.

Borgersen gjekk frå nr 13 til nr 19. (spissane våre har nr: 9,10, 18,19,20 og 99)

 

Me kan også melde på slutten av pressemeldinga at Pål Nygård (utmerkt form) har no 409 kampar for FiS, og Dumon er berre 4 kampar ifrå sin 400.kamp for Fresvik. Begge håpar på speletid på onsdag,men berre ein av dei vil spele ettersom den nye signeringa (Berthelsen) og Andreassen blir bytta innpå.

0

Laurdag 4.juni 2011

I dag visste me at det ville bli ein enkel siger. 7-0 med PIC (Play it cool) og 2-5-3 formasjon med alle i angrep mot Deuce som slit på nedre halvdel av tabellen. Men den spanande kampen i dag var Higgins mot Flankenstad. Flankenstad har våre på 1.plass over ei lengre periode, medan Higgins ligg på ein fin 3.plass. Med ein heimesiger til Higgins i dag ville me gå forbi Flankenstad på 1.plass. Viss det endre uavgjort  ville Flankenstad framleis halde på 1.plassen grunna god målskilnad.

Higgins spelte ein god 1.omgang med var veldig uheldige som låg under 1-0. I 2.omgang var det lite som skjedde, men Higgins fekk sin utligning i det 81.minutt. Og dermed endte det med poengdeling. På noværande tidspunktt er gullkampen slik:

  1. Flankenstad 28 poeng (+40 mål)
  2. Fresvik 28 poeng (+30 mål)
  3. Higgins 23 poeng

Higgins er hekta av, medan det er heilt opent mellom Fresvik og Flankenstad. Med 3 kampar igjen, der Flankenstad møter Fresvik på heimebane i neste kamp kan alt bli avgjort i den kampen. Seriefinalen.

Me spelte til 250 AH-poeng, noko som er veldig bra med PIC. Og formen på laget blir betre og betre. Heile 54123 tilskodarar såg kampen, noko som resulterte i 5 sårt trengte millionar. Klubbkassa vår er tom, og før dagens kamp såg det ut til at me måtte låne over 3 millionar av banken. Heldigvis er me redda til neste helg mot Flankenstad.

Det er litt keisamt å tenke på at uavgjortkampen borte mot Dogbay kan vere utslagsgivande viss me tapar poeng i neste kamp. Men me er såpass sikre på oss sjølv at me vil vinne borte mot Flankenstad. Viss me ikkje kan slå dei, så er me rett og slett ikkje gode nok for 4.divisjon.

Me gratulerar Pål Nygård med 39 årsdagen og med sin 396.kamp i Fresvik trøya. Det ligg an til at han får sin 400.kamp mot Higgins i siste serierunde. Me gler oss.

 

ps. statestikken over Higgins-Flankenstad kom opp no, og det viser seg at Flankenstad var svært heldige som tok med seg poeng. 78% sannsynlegheit til at Higgins skulle vinne den kampen, og det endte med uavgjort (12%) seier sitt. I tillegg spelte Flanskenstad til berre 114 ah-poeng (PIC?) og dei spelte kontringsfotball. Ikkje rart kampen var keisam!

 

0

Fresvik planen

I dag møter me Spurt som allereie er kobla av gullkampen, og me må sei me er litt bekymra foran kampen. Me var sjølvsikre for ei veke sia, men no kjeme tvilen. Men me kan ikkje bruka ein MOTS på ein kamp mot 4.plassen. Har me litt flaks bør det bli ein bortesiger i dag.

Det me tenkar mest på no i dag er planen til Fresvik, for me er ein klubb som tenker langsiktig, og måler er å spele i 3.div i framtida. Akkurat no kjempar me i toppen av 5.divisjon.

Me har ein ok stall no, heilt bakerst i laget har me ein “ung” keeper som vil vere i klubben i lang tid framover. Foran han har me 4 gamle midtstopparar og ein ung, der to av dei har ballfordelingsevner på minst solid(7). Desse må skiftast ut om få sesongar. (2 legg opp innan 1-2 sesongar).

På midtbana har me god breidde i laget. Tidleg i sesongen spelte me med 2 vingar (stogveges(12) og fantastisk(13) ving med solid(7)/utmerkt(8) passning), dei sleit begge med formen ei stund og me gjekk over til å spele med 4 på midtbana (ein ving mot midten). For det har me spelarar til. Me har ein 30åring som har eineståande(9) ving og titanisk(15) ballfordeling. Han er ypparleg til å bruke på kanten mot midten. Ellers har me 2 andre som har titanisk(15) ballfordeling. Begge to er 32 år og må nok snart bytast ut. Ellers har me ein 25åring som har fantastisk(13) ballfordeling.
I tillegg har me Pål Nygård som er 38år (105 dagar) med framifrå(10) ballfordeling og solid(7) forsvar, som kan spele 10-15 minutt og få 5-6 stjerner.

Spissane våre er svært gode, og det er her me er best, i mine auger. Me har 3 fantastiske (13) spissar (alder 20-21) med solid(7) eller utmerkt (8) passning. 2 av dei har også [head] og [unpredictable] som spesialitetar. Bak dei kjem Andreassen som har spelt mykje denne sesongen grunna god form (og elendig form av Hidle). Andreassen (20år) er ein [sterk] spelar med storveges (12) scoringsevner.  Han har også pasningsferdigheiter.
Det er dei 4 beste spissane me har akkurat no, men bak dei har me to svært gode talent. Reiner Backerei (18år) er vår første utanlandske talentkjøp på mange år. Han er [teknisk] med ballfordelingsevner i tillegg til at han no er oppe i framifra (10) scoringsevner. Me håpar å bygge laget vårt rundt han i framtida. For istaden for å kjøpe eit liknande talent som han henta me opp ein spelar frå vår eigen juniorstall. Bjørn Ovesen (17) som er framifrå (10) scoring med biskills på ving.

Med denne stallen har me ein plan om å trene dei to yngste spelarane 5-6 hakk, (til titanisk(15), utanomjordisk(16)) for så å skifte til ballfordeling. Då har me solgt våre 4 beste spissar for rundt  150 mill, for desse pengane hentar me inn ballfordelingstalent (tre 20 åringar og tre 20 år gammle stopparar).

 

Desse trenar me i ballfordeling til spissane våre er framifrå/glitrande i ballfordeling for så å bruke dei som defansive spissar. Nye 17åringar vil bli då henta inn. Stopparen som me trenar i bf (på vingplassane) og vil bruke som offansive stopparar i seriekampane. Me reknar med å spele 3-5-2. med offansive stopparar og defansive spissar.

Sportslege mål blir då å rykke opp til 4.div denne sesongen, for så å halde seg i 4.div til me har skifta til ballfordeling, når me då har fått til generasjonsskifta siktar me etter 3.divisjon.

Om 6 sesongar:

Keeper: Lehne (31 år) Titanisk

Forsvar: 3 stoggarar, Titansik def. minst passable pm. 22år i gjennomsnitt

Midtbane: 3 titansike, 2 vingar med pm skill, 3 utmerkt 17åringar

Spissar: Backerei (kan bli skifta ut med ein nordmann) og Ovesen titanisk scoring med utmerkt++ ballfordeling

0

Treningspopps

Ei ny veke med popps. I Fresvik poppar fleire og fleire spelarar kvar veke i scoring. I dag var det blandt anna Fresvikjen Bjørn Ovesen, 17åringen som blei trukke opp frå eigen juniorstall tidlegare denne sesongen. Ovesen er ikkje verdens beste talent, men me kan trene han til å bli mektig god. Men for tida slit klubben med økonomien, og det luktar eit salg i nær framtid. Så spørs det om det er Hidle som har slitt veldig med formen denne sesongen, Ovesen eller Andreassen som må flytte ut frå den vakra bygda Fresvik.

Ellers så poppa to midtbanespelarar i scoring utan at det har mykje å sei for klubben. Når me skiftar trening kan me bruke dei som defansive spissar, men til då får det berre vere ein TSI-boost.

Me har den siste veka prøvd å manipulere Spurt til å stille med eit svakare lag enn dei kan, sia dei skal spele ein veldig viktig kamp neste helg. Dette forsøket blei lukta av rivalen vår Flankenstad som kom ut med ein pressemelding om dette. Det er alltid gledeleg å sjå det er liv i gjengen me spelar mot.

Så spørs det om Spurt vil spare dei beste spelarane sine før kampen om 4.plassen blir spelt neste helg. Dei vil uansett tape mot oss denne helga, for me har lagt ned taktikken og me er sikre på at Pål Nygård kjem innpå på slutten for å sikre sigeren istaden for å jage utligning.