Spelarstall Archive

0

Status etter 6 serierundar

No er me kommen til midten av november, og 6 seriekampar er spelt. I Fresvik har me hatt eit styremøte for å evaluere sesongen so langt, ettersom det tydlegvis er veldig populært på vestlandet med sesongevaluering før sesongen er over. 

Fresvik starta sesongen litt tregt med berre 1 poeng på dei 2 fyrste kampane, men med 9 poeng på dei 4 siste, har me klatra på tabellen igjen. Eit ufortjent tap borte mot Spurt øydla litt, men Engelskmannen sitt trygt i sjefsstolen enn so lenge. Men klubben har gitt han eit ulitmatium: Opprykk innan juni 2013, ellers så blir det hovudet ut døra. Faktisk vil styre freda manageren, for nedrykk til VI.div vil aldri skje.

Cupen denne sesongen var ein gedigen nedtur ettersom me dei to siste sesongane har komme oss til 8. og 6. runde dei førre sesongane. I år blei det tap i den 2.runden, men dei skal nevnast at me møtte eit meget sterkt lag, og med litt flaks hadde komme oss til 3.runden. Det beste med cupen er tilskodarinntektene, PIC kampane og erfaringa me får, men ein gong iblandt kan me tåle å gå på ein smell.

Laget blir berre betre og betre framover, og me har to-tre spelarar med titanisk scoringsevne, noko me har venta lenge på. Når spelarane i tillegg har passning og innleggsevner, så ser me at det trenast godt i Fresvik. Med litt meir trening, så skal me trekke opp eit par juniorar frå vår eigen avdeling, så blir det endå fleire kanongode talent.

Jostein Smeby, 16 år 76 dagar er solid ving, men har endå ikkje nådd makspotensialet sitt, så me håpar han poppar til utmerkt (excellent) ving på fyrste treningen med a-laget som 17.0åring. Som biskill har han måteleg (inad) passning, og veik ballfordeling, begge er maksa.

Fredrik Heren, 16år 59 dagar er brukbar ving OG ballfordeler, veik på passningar og forsvar. Det beste av alt: han er [omskifteleg]! Me har tidlegare trekt opp Ovesen og Myrdal som har blitt satsa på, men ingen av desse har spesialitet, så då er det ekstra kjekt med ein spelar som kan utmerke seg noko spesielt i kampsituasjonar.

Så derfor vil me legge om til innleggstrening (ving) når desse to kjem opp i a-lagsstallen. Begge to skal få fast plass på kantane, saman med Ovesen og Myrdal, så får Søvik og 3 indreløparar/forsvarar spele på backplassane. Ingenting er heilt satt endå, for det kan hende me gir Smeby litt passningstrening før Heren blir trekt opp og me legg om til ving. Mykje kjem an på timingen, og kor me ligg an på tabellen.

Spurt og Todalen må slåast viss me skal vinne serien i år, og det var jo det som var målet denne sesongen, men slik det ser ut no, so blir det ikkje noko gull til Fresvik. Me får heller glede oss av talenta me har i junioravdelinga, og alle som poppar på a-lags treningane.

Fresvik i Sogn skal atter ein gong spele i det gode selskap! (4.divisjon)

0

Klar for ny sesong!

No er endeleg sesongen nære! Om ei knapp veke startar cupkampane, og om ei god veke startar 1.serierunde. Me gler oss!

Til forandring er cupkampane utan BOT lag denne sesongen. Det betyr at me møtar tøffare motstand tidlegare i cupen, og me lev faktisk litt farleg i 1.cuprunde viss me ikkje spelar med eit bra lag. Må me ofre trening? Me får sjå. Uansett PIC.

Før me tek oss til tippinga av tabellen, så vil me sei litt om målsetningane våre:

  • Medalje Me tok 4.plassen førre sesong med imponerande 8 cupkampar, no vil me høgare på tabellen
  • 3.runde i NM Cup er cup, det veit me, og me vil ikkje risikere skadar og suspansjonar, slik som i førre sesong. Me må satse serie viss me skal unngå kvalikk (til VI.div)
  • Selge den einaste utlendingen me har, Zaballos Han skal få bli litt betre i både scoring og innlegg, men så sender me han på fyrste båt ut av bygda.
  • Ingen unødvendige kjøp Me vil ikkje handle med mindre me er nøydd til. Me har masse peng på konto, men det er ikkje vits i å bruke desse pengane på spelarar som skaffar oss ein 2.plass istaden for ein 4.plass.
  • Langsiktig mål: Rykke opp til IV.div innan 3 sesongar. Om ikkje FiS er ein IV.div klubb innan 3 sesongar, så får han fyken. Enkelt og greitt. Me var ein 4.div klubb for ei tid tilbake, men det er lenge sia no, og me har bygd opp igjen laget, utan å ta det siste steget opp. Det er litt bekymrande. No må både midtbana og forsvaret erstattast før me har ein real sjangs til å rykke opp. Og det har Engelskmannen 3 sesongar på seg til å gjere noko med
Ellers så vil Pål Nygård legge skoa på hylla i nær framtid. Han står med 456.kampar for Fresvik, og det blir mest truleg ikkje fleire.
Om laget vårt:
Keeper:
Bra keeper, 24 år og med biskills som forsvar og SP
Forsvar:
Byrjar å dra på åra. Marthinsen er 33 år men held bra nivå, Flem (35) er på veg ut), Midsund (27) er heilt grei. Kristoffersen (coach, 37) er ok backup
Midtbane:
Vår eldste lagdel. Horribel kondisjon på desse spelarane. 33, 35, 35, 36, 36 år på dei fem indreløparane me har, og to av dei har snart bursdag. Ikkje bra. Men dei held vel ein sesong til. Viss det kjem skade på dei, så får dei fyken på dagen.
Me har èin ving (29) som kjem til å spele spiss når me trenar innlegg, sia han er ein framtidig trenar for oss. Har utmerkt (7) røynsle, solid leiarevne.
Angrep:
Dette er vår beste lagdel! Me har trent scoring i nokre sesongar no, og no byrjar Ovesen, Myrdal, Søvik og co å treffe mål. Me har også henta eks-Fresvik spelaren Dan Enevoldsen som veit kor målet står. to 20 åringar, to 22 åringar og ein 21 åring er dei talenta me trenar for fullt. Me har også ein 17åring som får trening når me trenar scoring. Når me legg om til innlegg vil Enevoldsen få plass på backen. Kor lenge me skal trene dei i innlegg veit me ikkje, men me reknar med å trene dei i ca 1 sesong. Deretter blir det playmaking. Då vil me spele med spissar som kan spele defansivt OG mot kanten. Får me kjøpt oss ei oppegåande midtbane, så blir me farlege
Benken:
Ikkje stort å skryte av. Me har 2 gode spissar på benken, ein ok inner, ein ok midtstoppar, ingen keeper, ingen ving. Så me er veldig utsatt for skadar, iallefall på våre gamel hestar på midtbana.
Reservar:
Har ein stall på 24 spelarar, og 8 av dei får ikkje vere med på kampdagar, desse er møkkaspelarar som berre får spele treningskampar. Skopussarar for a-laget.
0

Cup”eventyret” over

Der var årets siste cupkamp spelt. Me møtte eit svært bra lag på bortebane, og det var 50/50 sjangse for gå vidare, det endte som det ofte gjer på bortebane i 50/50 kampar- heimelaget vant.

Dermed blei det berre 5.runde på oss, slik som førre sesong. No ventar Lofoten på laurdag, og sjølv om me vann 18 kampar på rad, og ubesigra i 16 veker, før me tapte på bortebane mot eit godt lag, så er sjølvtillitta sørgeleg låg. Me må ha trua viss me skal slå eit lag som Lofoten.

Gledelege nyhende:

  • 301 ah-poeng i ein “uviktig” cupkamp. Rekord for Fresvik
  • Grei form på a-lagsspelarar
  • Meldt regn til helga, det kan bikke i vårt favør (FiS: 4 sterke vs Lofoten 1 sterk. FiS: 1 teknisk vs Lofoten 4 tekniske)
  • Keeperen vår steig i røynsle på onsdag, sin 3.kamp for Fresvik
  • Kim Stensbøl blir trekt opp om 11 dagar, og vil bli eit nytt Fresvik talent i FiS-stallen
Dårlege nyhende:
  • Skade på beste forsvarsspelaren
  • Formnedgang på Pål Nygård
  • Regn= låge tilskodartal, dette var kampen me skulle fylle stadion
  • Lofoten har brukbar form i snitt, vs oss som har måteleg
  • Den einaste vingen me har falt i form
  • Snittalderen er farleg høg (26.89)
  • Lagmoralen sank kraftig etter sesongens første tap
  • Sjølvtillitta falt, sjølv etter at me tilsette psykologar
  • Bankkontoen er tom
Dermed ser det ikkje så altfor lyst ut for Fresvik før kampen mot Lofoten. Klarar me ein knepen siger, så vil me vere nøgde. Det vil seie at viss me toppar tabellen på laurdag kveld, så blir det liv i klubbhuset, men skulle det bli poengtap på heimebane, så er sesongen over, og me må vente nye 10-12 veker før neste sesong i V.58 startar.
0

Klar for seriefinale. No blir sesongen avgjort. 1 kamp. 1 sesong

Då var endeleg dagen her, heimekampen mot Higgins Heroes. Etter at me tapte bortekampen 1-0 har me lugge 3 poeng bak HH og målskilnaden har auka sakte med sikkert til 5 mål. Me har som mål å klatre forbi HH etter laurdagens kamp, dvs at me må vinne med minst 3 mål.

Me har henta inn ein spelar som skal skape fleire sjansar for oss i denne viktige kampen, Rune Lande (120887948), blei kjøpt for knappe 8,6mill sundags kveld. Han er ein god playmaker som kan bidra med sitt passningsspel. 34 år gjer at han ikkje held heile kampen, men me nok av gode innbyttarar. Forhåpentlegvis held han formen sin (brukbar/passable) til helga.

Så etter 9 lette sigrar og 1 jamn kamp får me endeleg hard motstand igjen. Her kan alt bli avgjort. Me må vinne for å ha sjangs på gullet. Samtidig som me kan slå Higgins veit me at me kanskje ikkje er gode nok til å rykke opp til 4.div. Me har ca 60-70 mill på bok, men me er usikre på om det er nok til å forsterke laget. Samtidig er det ufatteleg keisamt å spele i V.58 (me har dobbelt så mange poeng som 3.plassen). Me har vore der veldig veldig lenge, og me er lyste på pokal.

Nakkelaget FC (20614) ser ut til å vinne serien sin i 6.divisjon, noko som førar til at dei får ein pokal i samlinga si. Viss me vinn serien vår vil me ha like mange pokalar som dei, men me vil ha ein 5.div pokal meir enn NFC.

Me vurderar å gå over til ving trening etter å ha treng spissane våre, istaden for playmaking som den orginale planen var. Me har tilfeldigvis fått mange spisstalent med kant skills, men det er noko me må sjå an når dagen kjem. Me blir å trene spissar eit par sesongar til. Søvik som spelar fast a-lags fotball på topp er endå berre 17år.

Tilbake til kampen mot HH. Me har spelt mot kvarandre heile 17 gonger. 8 gonger har laga vunne, 1 gong har det endt uavgjort. Og sia eit av laga vilrykke opp denne sesongen vil det bli det beste laget som rykk opp (håpar me).

Den kjipaste scenarioet er at me vinn 1-0 og tapar gullet på målskilnad. Men me må berre vere offansive og gi alt.

Me vil ikkje røpe for mykje av taktikken her, for det kan fort bli sjebnesvangert om HH-manageren plutseleg skal bli litt aktiv og lese det.

Me kan sei såpass mykje at me går for siger og satsar “alt” på å ta gull i år. Me er villige til å ofre 10mill på å ta gullet. Men me vil ikkje bruke heile budsjettet på nye spelarar. Èin spelar held. Me har såpass godt lag at me kan slå dei.

Kan også nevne at Erik Andreassen blei skada sist helg, vår beste spiss, ute i 2 veker. Utruleg kjipt, men me har heldigvis ein god utlending i bakhånd. Dvs at me vil starte med 2 utlendingar denne kampen, og eg kan seriøst ikkje hugse sist me starta med så mange utlendingar. Dei einaste utlendingane i stallen får spele på topp.Det er ikkje kvardagskost i Fresvik.

Sia dette er heimekamp så forventa me fullsatt stadion, og me håpar på godt vær som gjer at spelarane våre presterar over evne.
Måtte det beste laget vinne.
Go Fresvik!

0

Tap i seriefinalen

I dag spelte me mot Higgins, som me visste før kampen ville vere seriefinalen i V.58. Det var spådd ein tøff bortekamp for Fresvikjene, og det blei det. Me tapte midtbana, og spelte kontringar. 3-4-3 med ein offansiv ving. Ingen av laga skapte det heilt store, men Higgins scora på den eine av dei to sjansane dei hadde i 1.omgang. Me hadde forventa å halde nullen mot Higgins, så det var skuffande å ligge under etter berre få minutt.

I pausen bytta me ut daudballspesialisten vår med ein playmaker som spelte ut mot vingen, slik at me kunne bli farligare i angrep. Det hjalp ikkje stort, for absolutt ingenting skjedde før me ba den eine stopparen vår vere meir offansiv. Det førte til at me slapp HH til og dei skapte fleire sjansar. Dei bomma og bomma. Og i det 80.minutt fekk Fresvik den sjansen dei visste ville komme. Kontring med Backerei aleine gjennom var sjansen som skulle få Fresvik til å kapre eit poeng, men sjølv med god sjølvtillit, lagmoral, uthaldenheit scora ikkje Backerei aleine med keeper. Han blei fort stempla som syndebukk, om det er fordi han er einaste utlending eller om det er fordi han bomma på den einaste sjansen me hadde, er uvisst.

Han fekk ein hjerneskaking og måtte byttast ut etter 85.minutt for Søvik. Det er forventa at Backerei er ute i 2 veker. Og kampen ebba ut i 1-0 siger til HH. Ein grei siger med tanke på sjansar og statestikk. Me får heller satse på cup denne sesongen.

På onsdag møtar me veldig overkommeleg motstand og me garanterar at midtbana vil vere betre enn det den var i dag. Me gler oss til folkefest i Fresvik og viss me vinn på onsdag så kan det komme svært mange på kampen heime neste helg. Me vurderar om me skal satse på vår passable/brukbare spiss som er 17år, eller om me skal kjøpe eit talent som er utmerkt/excellent. Me har speida oss ut eit talent i IL Modig, men det er usikkert når dei selg han. Me håpar sjølvsagt å kjøpe han så snart som mogeleg, men tida får vise.

Først skal me nå 6.runde i cupen

0

Nye reglar på hattrick og ny stjernetalent inn i stallen!

Dei nye reglane på hattrick seier at spelarar som har blitt oppfostra i junioravdelinga vil ha ein fordel ved å spele “med hjarta utapå drakta”. Dette er svært gode nyhende for Fresvik, og det vil sei at me må endre litt på planane me har lagt fram. For før i tida lønnte det seg å selge eigne spelarar (95% av overgangssummen, istaden for maks 93%). So no kjem me til å trene Borgersen, Ovesen og Myrdal leeenge, dei skal bli knallgode. Backerei, Søvik (ny mann) og Andreassen vil bli trent ei stund, men vil bli solgt etter nokre sesongar. Engebakken og Jakobsen vil bli solgt i sesongstarten med mindre me ikkje får det me forlangar for dei. Løna deira er ikkje så skremmande høg, så me har ingen problem med å halde på dei, men då vil me ha for mange talent i klubben.

Som nevnt tidlegare så er Halstein Søvik kjøpt. Han kosta oss i underkant av 15 mill kroner, noko som er ein akseptabel sum for ein sogning som har utmerkt scoringsferdigheiter, og biskills på passning og vingangrep. I tillegg er han ein svært snill gut som er veldig rask! Han elskar å stikke i bakrom, og me håpar å hente inn nokre midtbanespelarar som kan tre gjennombrots passningar til han i dei viktige kampane. Viss me selg Engebakken og Jakobsen so blir me svært svekka (har solgt Hidle for 35 mill).

Litt on Nakkelaget og Fresvik i Sogn:
Desse to laga har spelt hattrick i ein mannsalder, Nakkelaget litt lengre enn Fresvik, men det som er spesielt med desse to laga at det har skjedd nokre store overgangar. Då Pål Nygård var ung og ferdigtrent som midtstoppar så solgte Fresvik han til Nakkelaget for 25 mill, der han blei trent i playmaking, og han blei etterkvart ein svært god defansiv midtbanespelar. Når då Fresvik kjøpte han tilbake, etter eit år i NFC for 40 mill blei Pål berre betre og betre, og hjalp klubben opp til ein plass i 4.div. Han spelte opp til 8-9 stjerner og var fantastisk med ein anna Fresvikje, Jan Bolstad. Sjølv om Fresvik rykka ned etter 3 sesongar i 4.div blei Pål værande i klubben, og no, i ein alder av 39 er han framleis i klubben. Ei fantastisk karriere er nesten over.

Nakkelaget og Fresvik har spelt mot kvarandre 17 gangar i treningskamp samanheng, og 8 gonger har Fresvik vunne, medan 9 gongar har NFC vunne. (seinast i går). Laget har etterkvart blitt bitre rivalar (på grunn av mangel på lokale ht-spelarar). Både Engelskmannen og Julegrisen har haldt koken sia 2004, og vil nok halde på med Hattrick ei langt tid framover.

Det har skjedd nokre små overgangar sia Pål Nygård sagaen, men ingenting å skrive stort om. Men no blei altså Halstein Søvik kjøpt frå Nakkelaget og kanskje ein dag vil han bli solgt tilbake til klubben, kven veit.

Neste veke ventar cupmotstand, og me møtar eit BOT lag i 1.runde, slik som alle andre lag her i Noreg. Me kjem til å halde fram med å trene passning ei veke til, sia me møtar så lett motstand.

Me forventar også fleire popps under treninga i kveld. Engebakken vil stige, Søvik vil stige, og fleire andre. Me gler oss

0

Nye motstandarar og mange Fresvikjer i stallen

Largo United (kom frå 4.div)
Bjørkeslangen SF !
Bergensrånerene
Joga Bonito
Mysthical Kickers (alle frå 6.div)
…er klare for V.58. Dette er 5 lag der 4 av dei er søppel (iallefall no) medan det er eit ok lag (Bergensrånerne). Ingen av dei vil kjempe i toppen av tabellen, så det ligg an til å bli eit rotterace mot Higgins for oss neste år. Me må vinne kampane mot Higgins, og sist me møtte dei blei det tap (siste serierunde førre sesong).

Me skal trene passning i sesongpausen for å få opp biskillsa på talenta våre, og så skal me selge dei beste spissane. Dermed blir det innkjøp av indreløparar, noko som kan ta litt tid, og derfor er det ein fordel å møte dei svakare laga i starten. I cupen satsar me ikje stort. Me vil gi talenta erfaring så det er ein fin arena å vise seg fram på, men me vil ikkje gå i same fella som i fjor, då Lehne blei skada og måtte stå over mot Flankenstad (der me tapte 4-5).

Me har også tenkt litt på talentutviklinga, det viser seg at Kolstad ikkje vil bli satsa på, heller satsar me på ein 17åring me allereie har i stallen. Jan Borgersen som har brukbar passning og scoring. Viss han poppar til solid scoring iløpet av kort tid.

Me kan også melde om at Tore Sylta gjer comeback i Fresvik skjorta etter at han blei kjøpt for usle 10 000kr. Han blei trekt opp i november 2008 frå junioravdelinga og blei solgt ca 8 mnd etterpp som eit midtbanegeneral for  1,3 mill. Grunnen til at han var så billig som han er, er at han har elendig form for dagen. Men det skal me ordne på. viss me kan få formen hans opp, og kanskje få han til å poppe i passing så kan me tene ok med peng på han. I tillegg er det alltid kjekt med Fresvikjer på laget, det byrja å bli ein del av dei no. (Pål Nygård, Tore Sylta, Jan Borgersen, Magne Warsame, Knut Larsen (2.keeper), Rolf Myrdal, Bjørn Ovesen)

“7 fresvikjer er heilt fantastisk” seier Engelskmannen. 4 av dei blir å finne i a-lagstroppen, medan iallefall 2 av dei blir å finne på benken. Dette er veldig gledeleg, me var ikkje klar over at me hadde så mange lokale gutar i stallen.

I tillegg kan me melde om at me berre har ein utlending i stallen, Reiner Backerei, spisstalentet som vil forsvinne om nokre få sesongar. Pierre Dumon har våre i klubben så lenge at han reknast som nordmann;)

Me satsar også på at Jimmi Mathiesen poppar i erfaring/røynsle iløpet av denne sesongen. Han har klyppekort på cupkampane. Med sin solide leiareigenskap skal han bli den som tek over trenaransvaret i framtida. Kan melde at han poppa i passing på torsdag også. I ein alder av 26 og måteleg røynsle har han mykje å gå på. Det blei lite a-lagsspel sist sesong, men det var på grunn av formnedgang og hard konkurranse frå Landro som no er borte frå klubben. Mathiesen er definitivt ein del av framtidsplanane i Fresvik.

 

0

Ny plan!

Me har tatt ein kikk på juniorlaget vårt og har no lagt ein ny slagplan. Istaden for å trene Backerei (som er utanlandsk), Ovesen og Hidle (som allereie har høg løn) så har me funne våre 3 nye superspissar.

Rolf Myrdal (17) blei trekt opp på måndag, han er ein solid spiss med biskills både som kant og playmaker, så han vil bli trent frå og med i dag.

Erik Kolsad (18) vil bli trekt opp om ca ein mnd. Pga alderen vil han vere ein reservelagsspiss. Solid spiss med passningsskills. Rask er han også. TREKT OPP: Om ein mnd!

Hallstein Søvik (17) Er endå ikkje kjøpt, men me har speida på han i over ein sesong no, og han blir betre og betre. Ryktene seier at han vil bli lagt ut for salg neste veke, og då skal me vere sistemann som byr på han. Rask, utmerkt scoring og ving skills.

Bjørn Ovesen (18) Har utmerka seg veldig på seniorlaget etter at me trakk han opp tidlegare i sesongen. Han har prestert så bra at han har fått fleire sjansar på a-laget, noko som er imponerande for ein junior i debysesongen.

Reiner Backerei (18) Einaste utlendingen i klubben, og han her kjøpte me på grunn av playmakerskillsa han har. I tillegg er han teknisk. Me vil trene han opp både i scoring, passing og playmaking, for så å selga han om ca 3 sesongar for å tene eit 8 sifra beløp.

Erik Andreassen (20) Litt yngre enn Daniel, men spelt mykje denne sesongen pga svært god form. Vil bli trent nokre sesongar før me selg han. Sterk.

Daniel Hidle (20) Dette er ein spelar som har slitt veldig med formen denne sesongen, og fått veldig lite speletid. Formen er stigande, og han vil bli i klubben i ca ein mnd til, før me selg han for ca 35 mill. Unpredictable/omskifteleg. Passningsskills. TIL SALS: Om ein mnd.

Roy Engebakken (21) Ein eventyrleg spiss med utmerkt passning. Blir trent i passning dei neste vekene, og blir solgt såleis. Ein spiss kvart lag i V.div treng. TIL SALS: 35 000 000kr

Marcus Jakobsen (21) Ein eventyrleg spiss med utmerkt passning også. Men han her har også Hovud som spesialtet, det blir trist å selge dette radarparet som har vore i klubben i fleire sesongar, men me treng pengane for nye investeringar. TIL SALS: 35 000 000kr.

Dette betyr at me vil trene passing dei neste vekene (sesongpausen) og om ein mnd vil våre 3 beste spissar bli/blitt solgt. Og erstatta av lokale talent som berre er 17/18 år. Så angrepet vårt neste sesong vil vere 17,17,18,18,18 og 20 år gamle. Ein snittalder på 18 er bra.

Me har også nokre backuptalent (som også vil få passningstrening framover):

Jan Borgersen (17) Har prøvd å solgt denne brukbare spissen, men ingen har lagt inn bud, så derfor har me han i backup. Har også måtelege passningsskills. Får han poppa i passning nokre gonger og i scoring (spelar som midtbane i treningskampar) så kan me tene nokre kroner på han i framtida.

Magne Warsame (18) Har hatt han i klubben ei stund no. Blir nok aldri solgt. Er ein brukbar spiss men vil nok ikkje bli solgt før han når utmerkt, og det vil skje….aldri?

Knut Larsen (18) Som både Jan og Magne her så er han trekt opp frå junorlaget og prøvd å blitt solgt utan hell. Er ein brukbar spiss, men med ingen biskills. Får spele reservelagskampar for å få littegrann trening.

Det er talenta me har i klubben, som vil bli trent i framtida. Me har trua på å spele med 3 sogingar på topp for Fresvik. At me dyrkar fram talent som Ovesen, Myrdal og Kolstad er veldig gledeleg. Me slepp å bruke peng på nye spelarar når me selg dei gamle.
Me er litt bekymra for korleis me vil prestere i serien, og gullet vil nok ikkje dukke opp den kommande sesongen. Det vil sei at Nakkelaget vil ha meir pokalar enn oss. Men me bryr oss ikkje, me spelar med lokale heltar.

 

0

Enkel seriekamp for Pål Nygård

Denne seriekampen vil bli veldig målrik, og ville vore veldig uinteressang viss ikkje det hadde vore for Pål Nygård (39). Han får nemleg sin 400.kamp for Fresvik. Han vil ta plass i forsvar og spele så offansivt som overhode mogeleg. I det 89.minuttet vil han bli hylla av Fresvik fansen og erstatta av Pirre Dumon(38).

Pål vil ha kapteinsbindet og vil vere dødballstakar denne kampen, så håpar me at han får sitt 50.seriemål i karriera.

Stakra er laget som er på botn, og me forventar at dei legg seg bakpå, men med angrepet me har så bør det ikkje vere noko vanskeleg å trenge seg gjennom.

Når me satt opp laget så tenkte me på kva spelarar som mest truleg er i klubben neste sesong, derfor vil me vere veldig redusert i forhold til laget me stilte med mot Flankenstad (280 ah-poeng).

Gullet er tapt, og viss me tapar neste helg, så endar me på 3.plass. Me veit ikkje om me skal stille med toppa lag, eller om me skal tape den tøffe heimekampen. For oss spelar det veldig liten rolle kva plass me kjem på.

Tor Landro (ving) blir solgt i dag, men me håpar verkeleg me får meir enn 2 mill for han! Me forventar å få rundt 10 mill for han!
Adam (inner) er også på veg ut. Han har fått eit bud på 10 000kr av Eplehagen (ein gammal kjenning for Fresvik).

Når desse to spelarane (tilsaman 66år) forsvinn og Pål og Dumon (til saman 77 år) legg opp vil snittalderen synke betrakteleg. Akkurat no er den på høge 25 år, og me vil ned i 23. Me vil framleis bruke eldre midtbanespelarar fordi me snart skal ha eit generasjonsskifte i det ledded.

0

Ny sesong i V.58

Etter eit svært urettferdig bortetap blir me værande i V.58. No har me sjans til å skifte om på laget og hente inn yngre spelarar. 2 spissar kjem til å bli solgt snart, gamle midtbanespelarar blir solgt og ny litt yngre playmakera kjem til å komme inn. Nye spisstalent vil me henta frå eigen juniorstall og forhåpetlegvis frå Nakkelaget, som har ein veldig heit spelar.

Lagdelane våre som må skiftast ut:
Keeper:

  • Jørgen Lehne (25) – Langtidskontrakt

Forsvar:

  • Pierre Dumon (38) legg opp iløpet av neste sesong (spelar til 6 stjerne i god form for 20 minutt)
  • Per Marthinsen (31) blir solgt i nærmaste tid, utruleg god med PM skill, men er for dyr
  • Eirik Kristoffersen (trenar, 33) er trenar i klubben og spelar til 5 stjerne i god form
  • Øyvind Lauritsen (32) stoppar med både playmaking og passningsskill, vil bli i klubben, men usikker
  • Øyvind Midsund (24) god “ung” stoppar som blir i klubben i lang tid framover

Midtbane:

  • Pål Nygård (39) legg snart fotballskoa på hylla, men spelar framleis til 5-6 stjerne i god form, i 10-15 minutt
  • Aage Igbal (32) aldrande playmaker som spelar til 7 stjerner, vil bli i klubben ein sesong til, maks
  • Benjamin Jørgensen (30) ein spelar som kan spele både kant og inner, vil bli i klubben to sesongar til
  • Espen Hagenlund (25) Yngste playmakeren, har også brukbare passningsevner. blir i klubben
  • Lasse Hanstensen (32) kan spele både offansiv og defansiv midtbane, usikker framtid i klubben
  • Rares Adam (35) eventyrleg midtbanespelar som berre kan spele ein omgang, blir solgt. Utanlandsk

Vingar:

  • Jimmi Matthiesen (26) ikkje den beste vingen i klubben, men framtidig trenar og ok biskills
  • Tor Landro (31) svært god ving med både dødballevner og ein utmerkt innleggsfot. Blir solgt

Spissar:

  • Bjørn Ovesen (18) framifrå spiss som er oppvaksen i Fresvik. blir
  • Daniel Hidle (20) fantastisk spiss med solide passningsevner. omskifteleg. blir
  • Erik Andreassen (20) storveges sterk spiss. fått spelt overraskande mykje a-lagsfotball denne sesongen. blir
  • Reiner Backerei (18) glitrande teknisk spiss med playmaker skills. blir
  • Marcus Jakobsen (21) Eventyrleg spiss med utmerkt passningsevner som kjem til å stige før han blir solgt. Solgt før neste sesong startar
  • Roy Engebakken (21) Eventyrleg spiss med utmerkt passningsevner som kjem til å stige før han blir solgt. Solgt før neste sesong startar

Inn:

  • 1 playmaker — ca 30år, 10 mill
  • 1 spisstalent — Søvik 20-30 mill
  • 1 spisstalent frå eigen juniorstall — 20 000kr

Sum ca 40 mill

Ut:

  • Midtstopparar – 15 mill
  • Midtbanespelarar: 1 mill
  • Vingar: 10 mill
  • Spissar: 80 mill

Sum: ca 100 mill

Resten blir spart til slutten av sesongen, når me har vunne serien, og nye talent blir kjøpt inn saman med midtbanespelarar, unge midtbanespelarar