Stadionutbygging Archive

0

Tilbakeblikk etter cuptap og serieleiing

Onsdag tapte me cupkampen, og den er me ferdige me no, laurdag ettermiddag spelte me mot Lofoten i seriefinalen, og manager Engelskmannen tok det svært roleg etter den jamne og dramatiske kampen.

“Me toppar tabellen med 3 poeng og eit plussmål, men det vil ikkje halde heilt inn viss me tapar borte mot Lofoten, eller viss me snublar mot eit av dei andre laga. Me er nøydd til å bli betre. Lofoten fekk ein mann utvist etter ca halvtimen, og det var nok det som gjor at me vann 4-3 istaden for å tape 3-4” sa trenar Eirik Kristoffersen, som satte seg sjølv innpå på slutten av kampen, sjølv om formen ikkje er alt for imponerande.

“Grunnen til at eg satte meg sjølv innpå var at det blei litt for høgt støynivå, så eg fekk ikkje gitt beskjed til midtbana om at dei måtte roe ned tempoet, så det enklaste var å sette meg innpå i libro posisjonen [offansiv stoppar, red.]”.

“Me har brukt mange millionar på spelarkjøp den siste veka, så det skulle egentleg berre mangle at me vann denne kampen. Me spelte tidenes beste Fresvik kamp AH-poeng messig, så me skal vere nøgd med det- Eg gler meg til bortekampen, og målet må vere å spele litt betre enn det me gjor i dag. Vinn me den kampen, så har me seriegullet trur eg, for då kan me snuble ein til to gongar.” sa målskorar Alf Eira som putta vinnarmålet i det 79.minutt.

Lofoten tok oss litt på senga, då dei spelte med 5 på midten, utan å vere i ubalanse. Dei har spelt 5 kampar på rad med femmannsforsvar, så me trudde dei ville vore for forvirra for å gå tilbake til 3-5-2.

Men me tok også dei på senga med å spele AOW med vår venstreside i spissen. Dei spelte med berre ein back, og han plasserte dei på vår høgreside. Så det var fritt løp på Fresviks venstreside. 3 av 4 mål kom frå venstresida. Det var godt å sjå at taktikken satt i dag.

ps. Dette var den andre heimekampen etter stadionutbygginga, og i begge kampane har me solgt ut seteplassane under tak, så Fresvik-leiinga bestemte seg for å utvide endå meir. No skal det bli plass til 74000 Fresvikjer på stadion. Men det spørs om me selg ut stadion denne sesongen, for det blir ingen gullkamp lenger denne sesongen i Fresvik. 

0

Utbygging av Grasbanao i Fresvik

Fresvik sin heimearena, Grasbanao i Fresvik, har ikkje blitt bygga på sia 2008, då me spelte i IV. div, men i dag, 13.november 2011 snakka leiinga med ein arkitekt, slik at den siste biten av stadion skal blir realisert. Viss me vinn cupkampen på onsdag, og vinn borte mot Spurt, og me er så heldige å får heimekamp neste onsdag, så kan stadion stå klar til då. Men det er ein mogeleg seriefinale 3.desember me ser mest fram mot. Me vil få plass til over 70 000 fresvikjer etter utbygginga, og me ser verkeleg fram til dei store kampane då me vil få inn store inntekter på billettsalg.

Ellers er det lite som har skjedd denne sundagen, bortsett frå litt evaluering av motstandarar i avdelinga vår. Gledeleg å vere på toppen av tabellen, og bevise at me skal kjempe pm seriegullet i år også.

Spurt  blir ein hard nøtt å knekke, men me har ein fantastisk statestikk over dei. Me har spelt mot dei 10 gonger, og vunne 9! Første kampen me møttes var ein junidag i 2010 som endte uavgjort.  Begge kampane førre sesong vann me med 1 mål. At Spurt vil ha spelt 3 PIC kampar før me møtes vil nok ikkje gjere det enklare.