Uncategorized Archive

1

Tipping: 1. og 2.plass

No viser det seg at det er langfredag i morgon, og det er helligdag her i Zambia. Det vil sei at eg kjem ikkje til å sitte på PCn og kjede meg, men vere heime med den zambiske familien min. Det finst ingen internett heime i Kabwata kor eg bur, så då måtte det bli internettkafè, og istaden for å flytte på meg gjennom stappfulle minibussar for 5-6kr, så velg eg å skrive om 1. og 2.plassen allereie i dag! Stenfeltbakken FK og TSI er igjen å evaluere (TSI serieopnar mot FiS på laurdag) og her er kor me tippar dei:

Read the rest of this entry »

0

Tipping: 5.plass

No minkar det med lag å evaluere, og det blir litt lettare å skilje laga, og det er lett å sjå at dei nyopprykka laga kjem til å gi dei fleste laga tøff kamp. Her kjem laget som kjem på plassen over Fresvik:

Read the rest of this entry »

0

Tipping 6.plassen

Aldri før har me tippa dette laget så langt ned på tabellen, men me trur faktisk me vil slite denne sesongen. Diverre.

6.plass: Fresvik i Sogn

Spelarar: 21 stk
Snittalder: 26
Kondisjon: Brukbar
TSI: 520 110
Løn: 2 301 980
Spesialitet spelarar: 7  (Sterk 3, Rask 3, Hovud 1) 

Fresvik i Sogn gjorde det eksepsjonellt bra i cupen i fjor der me kom oss til 8.runde, og spelte heile 4 heimekampar. Det gjekk utover serien, og FiS endte til slutt på ein akseptabel 4.plass. No er det ny sesong, og nye mogelegheiter. Etter å ha sett på dei nye laga ser me at kvaliteten har auka veldig. Og me er stygt redde for at me må prioritere serien for å overleve i år. TSI messig ligg me lågare enn ønska, men det er fordi me har så mange gamlingar på laget. Den totale TSI’en vil stige veldig mot slutten av sesongen. Lønna ligg litt over 2 mill, og det er det me vil ligge på. Me er også glad i spesialistar som kan avgjere kampar, så viss me handlar inn nye spelarar, så kan det godt vere me blir litt farlegare på daudballar eller liknande.

Fresvik’s farlegaste spelar vil eg sei er Zaballos (304253897), men han forsvinn kanskje iløpet av sesongen, og då skal Ovesen (317675808) vere klar til å ta over den rolla. Begge to med evner til å spele på kantane og slå kortpassningar i tillegg til å sette ballen i nota. Historisk sett er spaniolet litt betre på akkurat det.

Manager Engelskmannen er litt over snittet aktiv, etter vår meining 😉 og er glad i å skifte på lagoppstilling og taktikk. Derfor er FiS uforutsigbare og kan fort sette opp ein 5-4-1 slik som i siste serierunde i fjor som skaffa dei 1 poeng mot overlegne Rykende Ørn. (368327179). FiS har røynsle i 4 forskjellige formasjonar utan å bli forvirra. Dette styrkar laget.

Problemet til FiS denne sesongen er at dei skal skifte trening. For akkurat no trenar dei Scoring, og når Zaballos poppar der, så legg me om treninga til vingtrening. Og her blir me svekka. Midtbana er også hårreisande. Gammal og ubrukeleg ville mange sagt, og det er egentleg heilt rett. Midtbana blir berre dårlegare og dårlegare. Og èin stygg takling er nok til å pensjonere gamlingane. Forsvaret er også gammalt, men dei held endå koken. Iallefall ut sesongen. Keeperen er god og ung. Angrepet er av ypperste klasse, iallefall så bra som me skal ha det til.

Konklusjon: På grunn av endring i trening, låg leiarevne på trenaren (måteleg), gammal midtbane, svak midtbane, for gamlingsglad manager, så trur me at Fresvik i Sogn endar på kvalikkplass, MEN dei bør komme eit godt stykke over 7.plassen. Sikrar kvalikk med mange PIC kampar, og bør derfor vinne kvalikkampen.

0

Sesongpausen

Kva skal me trene?

Blir det passningar eller daudballar, eller kanskje målscoring…?

 

eller kanskje ballfordeling? Nei, dette blir ikkje lett å velge

 

passningar

Får trent alle 6 spissane+2 andre spelarar, MEN mange av spissane våre poppa førre gong me trent passning, så er det egentleg vits i å bruke 2 veker med trening når kanskje ingen kjem til å poppe?

Daudballar

Alle får trening, og dette er noko som er kjekt å ha i bakhand. Får trent alle spelarane, og mange kjem til å poppe. MEN talenta mine er ganske unge endå, ,og ein burde kanskje trene daudballar seinare i karriera deira?

Målscoring

Gir målscoring+daudballtrening, men det er svært liten effekt, og dei stig nok ikkje mykje i scoring av denne treningsmetoden. Litt daudball kan bety

Ballfordeling

Med ballfordeling kan få betre litt på midtbaneratinga viss me spelar med defansive spissar, men det blir berre 3 stk som får 100% trening, og 2 stk 50%, i so fall får Ovesen, Myrdal, og Søvik 100%, og Enevoldsen og Zaballos 50%. Ganske dårlege skills på spissane frå før av, så det poppar ganske lett 1 skills over 2 veker. Men er det verdt det?

0

Kravstore fans

Etter førre sesong då me låg i toppsjiktet nesten heile sesongen, men endte på ein skuffande 3.plass etter tap i siste serierunde. Fansen hadde topp 4 som forventningar sist sesong, og dei seier no at me må gå for 1.plassen. Dette bekymrar oss litt. Me har mange unge nye talent som skal trenast. Me har ikkje den bredden me hadde førre sesong. Med berre ein ving (som vil spele samtlege kampar denne sesongen) og 4 innarar vil mange få spele både cup og seriekampar denne sesongen. Og me er heilt avhengige av å unngå skadar. Gjer me det kan me nå langt i cupen, men me får sjå kva me satsar på. 2.runde blir iallefall enkelt. Engebakken forsvinn denne veka, men me er i tenkeboksen om han skal spele i helga eller ikkje. akkurat no har me 8 talent, som er 2 for mykje. Kolstad er framleis på juniornivå men kan bli trekt opp denne veka. Me trur me vil satse på Borgersen istaden for Kolstad. Borgersen er yngre enn Kolstad, og har same passningsskills og scoringsskills (nesten).

 

Første seriekamp er på laurdag. Den kampen kjem me sannsynlegvis til å gå glipp av,  men me har trua på poeng. Me har faktisk aldri tapt mot Spurt. 8 gongar har me spelt mot dei. 7 sigrar og 1 uavgjort. Og dei sju siste oppgjera har me vunne. Så statetstikken er på vår side. Det blir garantert ein knallhard kamp, og me håpar å ta vår første heimesiger denne sesongen

Me vil også sei at me har fått nye bortedrakter til denne sesongen. Det er ikkje ofte me held på ei drakt, og denne sesongen blir det igjen draktbyte. No har me altså lagd vår eiga drakt. Det er heilgule drakter, men blå tal og skrift. I tillegg til litt falsk grønska på sokkane.

Lukke til folkens. Og la oss håpa fansen får det dei ønskjer.
Me kan gå ut å sei at me i styret satsar på 2.plassen. Som er eit veldig realistisk mål.