V.58 Archive

0

OPPRYKK!!!!

ENDELEG!!! Opprykk frå V.58 er eit faktum! Me har streva lenge i V.58, og kjempa ofta i toppen av tabellen (1.99 poeng i snitt beviser det). No gjer me oss klar for IV.divisjon spel i IV.5, og det blir ein tøff sesong i vente, men me har mål om å halde oss. Cupen blir nedprioritert og på heimebane skal me vere uslåelege. Me gler oss til å analysere laga, men me trur me har ein OK sjangs til å slå bra frå oss. Fansen er pessimistar, men det vil kanskje berre føre til meir tilskodarar når me gjer det “overraskande” bra.

Etter nokre sesongar med ballfordeling trening byrja midtbana å bli bra. Vingane er framleis ikkje ferdigtrent, men det har me tid til i framtida. Spissen vår (me har berre èin, som gjer oss veldig forutsigbare og svekka om det skulle bli suspansjonar/skadar på Myrdal.

Me måtte gjennom kvalikk kamp og det klarte me med glans, sjølv med elendig lagmoral. Så denne veka fekk me dobbel trening noko som er bra for talenta våre. Ingen treningsendring denne veka med andre ord.

Meir info kjem seinare. Me gler oss!

Det er også gledeleg at me skal feire 10 års jubileum i 4.divisjon!

0

Fresvik på veg tilbake?

Etter ei lang tørketid med svært lite aktivitet (faktisk ingen aktivitet) på Hattrick United, så vel skribenten å skrive litt om sesongavslutninga som ligg framføre oss. Dei siste 5 kampane har Fresvik i Sogn vunne samtlege kampar, og er plutseleg inni kampen om opprykk til 4.divisjon. Ingen hadde trudd at me kom til å kjempe heilt i toppen denne sesongen, og ikkje neste sesong heller. Me har fått ei ny midtbane og nye vingtalent frå junioravdelinga vår. Myrdal er i sin beste alder, men er snart ein aldrande spiss. At han har scora 10 mål så langt denne sesongen, og ligg an til å vinne toppscorar tittelen er ein stor bonus for oss, ekstra 100 000kr i klubbkassa som ikkje sto på budsjettet.

Kommande helg møter me ein lag me skal slå 99 av 100 gonger på heimebane, så me forventar ein siger, og dermed vil alt stå mellom Novair og FiS i siste runde når dei møtest i toppoppgjer. Dette blir årets tøffaste kamp ettersom me skal spele på bortebane. Formen på forsvarsspelarane våre har sunke som ein stein og me må nok angripe hardt for å vinne nøkkelkampen. Angrip er beste forsvar var det ein klok kar som sa, så får me sjå om det stemmer. Trenaren vår har trent FiS lenge og slit veldig med å oppretthalde ei god lagånd. Mykje tyder på at Novair skal ta gull i år, men kampar skal spelast først, og det blir garantert spenning til siste omgang.

For tida har ikkje Afrikanaren noko langsiktig plan, men trenar Ballfordeling for å betre midtbana. Me har ein god spiss som kan spela defansivt og vingar som kan spele inn mot midten. Så spørs det om me vil trene dei yngste vingane våre (som har fått 50/100% ballfordelings trening) i kantspel eller noko anna. Forsvarsspelarar er billige, så det er uaktuelt å trene det, men Sogndal sin nye formasjon 5-3-2 (med offansive backar) verka spennande i realiteten, så det fristar litt å legge om tid det. Men mest truleg held me på 3-5-2, evt 4-5-1 formasjon.

Skulle det bli siger og opprykk må det drastiske endringar i klubben, og me må vurdere å erstatte Afrikanaren med Campingvogna for å campe i 4.divisjon. Afrikanaren har sagt at han seier opp den 6.juni 2014, og Bet365 sine favorittar til å ta over er: Botun 2.5 i odds, Campingvogna (viss det blir opprykk)4.1 i odds, og Sogningen 6.2. Amerikanaren og Engelskmannen som tidlegare har trent FiS har sagt at dei er uaktuelle for FiS.

0

Starten på noko nytt

Fresvik i Sogn har lenge vore i dvale, og no er det på tide at laget blir bygd opp igjen på nytt!

Me har to veldig gode vingar på 19år, som vil bli meget gode om 2-3 sesongar. Istaden for å spele med eit halvgodt lag som kjem på ein 3-4.plass, vil me heller selge tungskytsa, og bygge opp laget på nytt.

Me er i NTK-turneringa, men denne kjem til å gå til dundras ettersom me ikkje har noko bra lag, og møter III, IV og V.lag som er mykje betre enn FiS. Serien har starta skralt, men me er sikre på å halde plassen, sjølv om me skulle selge ein av stjernespissane våre.

 

Meir info kjem seinare, om me er aktive nok

0

Sesongen er over

Etter 3 lange mnd har endeleg sesongen komme til ein ende, og det var Flata som stakk av med gullet til slutt.

Dei skal no ut i ein tøff kvalikk kamp for å rykke opp til 4.divisjon. Det har seg slik at med Syril, Flata og oss i same avdeling, så har V.58 blitt ein av dei aller beste 5.div avdelingane i landet. Då blir det veldig vanskeleg å rykke opp. No ventar ein ny tøff sesong for Fresvik i Sogn. Målet vårt vil igjen bli å kjempe om medalje, men kor realistisk det blir med tanke på at me skal byte trening er ikkje sikkert. Smeby og Heren skal bli supergode multiskill spelerar, og Ovesen og Myrdal skal bli finspissa til å hjelpe til bakover.

Det vil sei nok ein keisam sesong i V.58, der me har spelt smått utrulege 196 seriekampar. Førre sesong var me 1 mål ifrå å rykke opp, denne gongen var me eit stykke bak, men det var fordi me hadde lagt om til vingtrening.

Manageren flyttar frå England i slutten av mai, og til Afrika. Og ifrå starten av August (Zambia) vil det bli ymse med nett tilgang, dvs at hattrick aktiviteten kan bli kraftig redusert. Vil det gå utover det sportslege for FiS? Ja, garantert, men me har for gode talent til å selge laget og starte på nytt. Ovesen og Myrdal er perfekte talent som snart når toppen av karriera si, så me kan rett og slett ikkje selge dei.

Me ynsjer Flata lukke til i kvalikken, og me gler oss til å sjå kva nye lag som skal gi oss motstand i V.58 neste sesong. FiS har peng i banken, men er usikre på om det skal brukast på forsterkningar.

0

GULLKAMP

Etter ein laber start paa sesongen med 3 poeng paa dei 4 fyrste kampane og cupexit i 2.runde var det lite som tyda paa at Fresvik ville kjempe i toppen av V.58 denne sesongen. Men etter tapet mot Spurt, gjekk det ein stor faen i spelarane og laget byrja aa prestere bra. Formen gjekk til himmels og det same gjorde angrepsspelet. Eit par playmakerar blei henta inn for aa styrke laget til neste sesong. Ni kampar etter Spurt tapet staar Fresvik men 31 poeng! Lag som Todalen, FK Feilpasning og Spurt har blitt slaatt ned i stovlane av Fresvik kjempene.

No ventar eitt siste hinder, nemleg Novair, som stal 1 poeng mot oss i 1.serierunde. Dei er eit meget farleg lag, som me ikkje skal undervurdere, og dei kan ta poeng fraa samtlege lag i serien.

Men me har vore lenge nok i denne avdelinga til aa gi fraa oss denne sjangsen, og me gjer alt for aa vinne i dag. Blir det siger, saa blir det 1.plass og kvalikk. Me kan nesten ikkje vente.

Samtidig skal det seiast at maalsetninga for denne sesongen var topp 4, so om det skulle bli poengtap i dag, so er det ingen krise i Fresvik. Det har heile tida vore neste sesong som har vore maalet. Opprykk til IV.div vaaren 2013.

Feilpasning og Spurt spelar mot to PIC lag, som er klare for kvalikk neste helg, so alt anna enn 3 heimepoeng til FKF og Spurt vil overraske meg veldig.

 

Blir det gulli  dag, so blir det iallefall ein heidundranes fest i Fresvik

0

To spanande kampar neste veke

8 rundar er ferdigspelt i V.58 og tabellen er meget jamn både i topp og botn. Geniune (4p) og Vorneset (4) kjempar om kvalikkplassen og Spurt (21p), FK Feilpasning(21p) og Novair(19) kjempar alle om gullet. Fresvik (16p) møter sognalaget Vorneset, som normal sett ville våre plankekøyring, men pga lokaloppgjer, så trur me det kan bli jamnare enn me ynsjer. Førre kamp enda i ein forrykande 3-4 siger til FiS. Faktisk er det skuffande at Vorneset berre har tatt 0.5 poeng i snitt denne sesongen, for dei har ein passle bra lag.

Vorneset:
Litt usikker på kva keeper laget stillar med, for dei har brukt to forskjellige dei to siste helgene, men mest truleg er det Flavio Borges, ein ok keeper som blei henta  inn i slutten av oktober for 16 mill. Forsvaret er brukande det, 4 mann i forsvar og jamnt bra. Midtbana er deira svakaste lagdel, men absolutt ikkje håplaust. Angrepet er meget bra, både sentralt og på kantane, så me må finne på noko lurt for å demme opp angrepa deira. For dei kan komme frå alle kantar. Eit meget bra lag sett under eitt.

Dette blir ein fest, og me håpar ekstra mange sogningar tek turen til Pål Nygård Memorial.

Den andre spanande kampen neste helg er Novair (3.plass) mot FK Feilpasning (1.plass). Novair har vist gong på gong at dei kan tukte dei beste, så her er kampen heilt open. Me gler oss til kampstart, og me personleg håpar på 0-0, men det er lite truleg. Alle dei tre førre oppgjera har faktisk endt med Novair siger, sjølv om laget ikkje har vore det beste i dei kampane, og viss Novair kan stele poeng frå Spurt seinare i sesongen, ja då blir det kniving om seriegullet.

 

Klarar FKF å bryte gjennom forsvarsmuren til Novair? Klarar Novair å kontre serieleiaren i senk på heimebane? Roter Fresvik bort poeng i lokaloppgjeret? ME GLER OSS!

 

0

Storkamp i V.58!

Då er det klart. Kamp nr 7 og 8 skal spelast, og alle sine auger er retta mot Spurt og Todalen Goalscorers! Til helga møtast dei til det som kallast “Storkamp”. 

FK Feilpasning, som ligg på 2.plass kjem til å køyre over Shalala på heimebane, så der blir det utlevert 3 enkle poeng til heimelaget. Derfor MÅ Spurt vinne mot Todalen for å halde på 1.plassen.

Normalt sett vil eg sei Spurt vinn mot Todalen, spesielt på heimebane, men Todalen har faktisk vunne 4 av dei 6 oppgjer! Det som er kjekt er at dei aldri spelar uavgjort. Ingen har fått laget svekka av skader/suspansjonar, og møtte overkommeleg (PIC) motstand førre helg. Viss eg skal tippe, så kjem Spurt til å spele Normal denne helga, og MOTS neste helg, viss førstkommande kamp blir jamn. For så å spele PIC heime mot Shalala. Faren for å gjere dette er at med ein trenar som har elendig (2) i leiarevne, vil det ta lang til å få opp lagmoralen. Så Spurt satsar nok på ein enkel kamp heime, slik at dei føler seg trygge til å spele Normal på bortebane også (Spurt har ALDRI vunne på bortebane mot Todalen!).

Todalen har slitt denne sesongen. Dei ligg nemleg heilt nede på 5.plass, og sia Fresvik skal møte enkel motstand dei neste to vekene, så kan Todalen bli hekta av kampen om medalje etter 2×90 min mot Spurt.

I dei andre kampane, Genuine-Fresvik, Novair-Vorneset, FK Feilpasning-Shalala håpar me på ingen bomber, slik at me beheld spenningsnivået i avdelinga. Og det er nok mykje som skal til for at det ikkje blir to heime- og èin bortesiger i desse kampane.

Viss Todalen skulle klare å stele 3 poeng heime mot Spurt, og Spurt skulle slå FK Feilpasning seinare i sesongen, så blir det heilt opent om gullet, og då vil Novair og Fresvik plutseleg få kjempe om edelt metall også.

Spurt IL handla nyleg inn ein utanlandsspiss, noko som overraska oss, og me reknar med Colac (313009864) er henta inn for for “short time fix” å sikre Spurt seriegullet og opprykket dei lengtar etter. Den hovudsterke spissen scoar allereie i debyen sin, men skal no få vist seg fram for heimefansen for fyrste gong. Me vil berre sei at i Fresvik har me handla vår siste utandlandske spelar, og me vil halde Fresvik norsk! Spurt solgte nyleg sin gamle helt Rolf Holm, spelaren som vaks opp i klubben sitt hjarta, for så å bli solgt til Sverige, før Spurt kjøpte han i 2010 og lot han spele 7-8 sesongar og heile 254 kampar for Spurt! Dette var Spurts svar på Pål Nygård (48700068)! No er han borte, heilt borte, for usle 3 mill. Snakk om å selge sjela si!

Kasami, Todalens manager har vore nokre sesongar i V.58, og har blitt kjent med laga. Manageren er ganske roleg på overgansmarkedet, ettersom dei ikkje har kjøpt eller solgt ein einaste spelar på 5 månadar. Tilogmed ingen av juniorspelarane deira her blitt solgt, så det må vere ein ussel barnehage/skule dei har i Trondheim, som ikkje tilbyr ungane fotball. Juniorlaget slit såpass at dei ikkje eingong klarar å stille lag til kampene sine. Tragisk. Dette lover ikkje bra for a-laget, og kvalikk kampen dei måtte spele sist sesong for å få lov til å spele i V.58 denne sesongen, kan gjenta seg. Og denne gongen vinn dei kanskje ikkje kvalikkampen. Me rettar krass kritikk til Todalen og Kasami, på måten dei opparbeider “talent” i klubben.

 

Manager Engelskmannen tippar 3-1 til Spurt, som spelar utan sjel og lokale heltar…

0

Status etter 6 serierundar

No er me kommen til midten av november, og 6 seriekampar er spelt. I Fresvik har me hatt eit styremøte for å evaluere sesongen so langt, ettersom det tydlegvis er veldig populært på vestlandet med sesongevaluering før sesongen er over. 

Fresvik starta sesongen litt tregt med berre 1 poeng på dei 2 fyrste kampane, men med 9 poeng på dei 4 siste, har me klatra på tabellen igjen. Eit ufortjent tap borte mot Spurt øydla litt, men Engelskmannen sitt trygt i sjefsstolen enn so lenge. Men klubben har gitt han eit ulitmatium: Opprykk innan juni 2013, ellers så blir det hovudet ut døra. Faktisk vil styre freda manageren, for nedrykk til VI.div vil aldri skje.

Cupen denne sesongen var ein gedigen nedtur ettersom me dei to siste sesongane har komme oss til 8. og 6. runde dei førre sesongane. I år blei det tap i den 2.runden, men dei skal nevnast at me møtte eit meget sterkt lag, og med litt flaks hadde komme oss til 3.runden. Det beste med cupen er tilskodarinntektene, PIC kampane og erfaringa me får, men ein gong iblandt kan me tåle å gå på ein smell.

Laget blir berre betre og betre framover, og me har to-tre spelarar med titanisk scoringsevne, noko me har venta lenge på. Når spelarane i tillegg har passning og innleggsevner, så ser me at det trenast godt i Fresvik. Med litt meir trening, så skal me trekke opp eit par juniorar frå vår eigen avdeling, så blir det endå fleire kanongode talent.

Jostein Smeby, 16 år 76 dagar er solid ving, men har endå ikkje nådd makspotensialet sitt, så me håpar han poppar til utmerkt (excellent) ving på fyrste treningen med a-laget som 17.0åring. Som biskill har han måteleg (inad) passning, og veik ballfordeling, begge er maksa.

Fredrik Heren, 16år 59 dagar er brukbar ving OG ballfordeler, veik på passningar og forsvar. Det beste av alt: han er [omskifteleg]! Me har tidlegare trekt opp Ovesen og Myrdal som har blitt satsa på, men ingen av desse har spesialitet, så då er det ekstra kjekt med ein spelar som kan utmerke seg noko spesielt i kampsituasjonar.

Så derfor vil me legge om til innleggstrening (ving) når desse to kjem opp i a-lagsstallen. Begge to skal få fast plass på kantane, saman med Ovesen og Myrdal, så får Søvik og 3 indreløparar/forsvarar spele på backplassane. Ingenting er heilt satt endå, for det kan hende me gir Smeby litt passningstrening før Heren blir trekt opp og me legg om til ving. Mykje kjem an på timingen, og kor me ligg an på tabellen.

Spurt og Todalen må slåast viss me skal vinne serien i år, og det var jo det som var målet denne sesongen, men slik det ser ut no, so blir det ikkje noko gull til Fresvik. Me får heller glede oss av talenta me har i junioravdelinga, og alle som poppar på a-lags treningane.

Fresvik i Sogn skal atter ein gong spele i det gode selskap! (4.divisjon)

0

Lagvurdering, topp 5

1.plass
Todalen Goalscorers

Har eit vanvittig bra forsvar og midtbana er også meget imponerande. AH poengane frå 1.serierunde viser at vurderingane mine er etter punkt å prikke 😉
Angrepet er bra, men kan bli betre, og dei viser svakheiter ettersom dei er veldig forutsigbare, og tapte mot oss så seint som 15. september.  Allikvel trur me at dei vinn serien. Det kjem garantert til å bli jevnt, og alle dei 5 beste laga kan i realiteten vinne seriegull. Lite lønnsutgifter (1,7 mill) samt høg total TSI (over 600 000) gir TG overskot gjennom sesongen, og dei kan bruke peng på forsterkningar viss det måtte skje feilskjer. Har allereie tapt ein kamp denne sesongen, men me trur dei kjem sterkare tilbake.

 

2.plass 
FK Feilpasning

Eit meget bra lag som kan ta mange poeng frå alle lag, men når berre nesten opp til. Tek sølvet like bak Todalen. 2,8 mill i lønnsutgifter er heilt i toppen av V.58, viss ikkje det er mest av alle. Har to hovudsterke spelarar på a-laget som kan score mange SE mål for FKF. Manageren viser taktiske kunnskapar ved å slå Todalen i serieopninga på bortebane. MEGET sterk opning av manager bluto. Klarar han/ho å halde oppe det taktiske nivået? Manageren verkar sjølvsikker iallefall. Den neste store testen blir heime mot Fresvik.

 

3.plass 
Spurt IL

Eg tippa Spurt IL som serievinnar førre sesong, men dei skuffa “stort” med 2.plass like foran Fresvik etter siste serierunde. Dei har framleis ganske mange gode spelarar og dei alle fleste spelarane er frå Spurt sin junioravdeling. Ingen utlendingar gir lite lønsutgifter, men me trur ikkje Spurt har peng eller interesse for å forsterke laget slik at dei får betre pallplasseringen enn førre sesong. Me trur faktisk dei endar på ein fin bronseplass.

 

4.plass 
Fresvik i Sogn

Har det verste kampoppsettet, der me spelar mot alle dei dårlegaste laga etter kvarandre (6 PIC kampar), og det hadde vore mykje meir fordelsaktig å spredd PIC kampane litt rundt. Me må slå dei beste for å vinne denne serien, og det gjer me nok ikkje denne sesongen. Forsvaret blir berre dårlegare og dårlegare grunna alderdom, men angrepet blir berre betre og betre. Midtbana har delevis blitt yngre, men me har framleis mange gamlingar. Dei nye midtbanespelarane er langt frå å vere like god med ballfordelinga som dei gamle, men dei held i det minste ut 90 minutt utan å dø av hjerteinfarkt. Blir nok ein variabel og spanande sesong for sogningane. Ingen utlendingar. Endeleg.

5.plass 
Novair FC

Må sei eg alltid har sett ned på dette laget, kanskje fordi dei sleit mykje når dei rykka opp for nokre sesongar sia? Har mykje i TSI og lønn, men me trur dei ikkje er smarte og kyniske nok for ta nok poeng til å sikre ein sikker plass. Me har spelt mot dette laget 5 gonger og berre tapt 1 gong, (2 U, 2 sigrar). Novair vinn nok mot dei beste, men tapar mot dei beste (bortsett frå enkelte kampar, dei var bl.a. utruleg heldige som tok eit poeng i Fresvik).
Har elendig midtbane og må nok satse på kontringar.


0

Lagvurdering, botn 3

6.plass
Vorneset United

Eit av dei nyopprykka laga som faktisk vil vinne kampar denne sesongen. Dei kjem garantert til å slå dei andre nye laga i avdelingen. Men me trur dei ikkje er gode nok for å kjempe om poeng mot storlaga som Spurt, Fresvik, Todalen, FKF og Novair. Dei har ein meget god forsvarar, Poeter Piringer, 25år  strax og  blir som oftast brukt på backen pga sin gode innleggsfot (bra ving-skill). Han blei henta for ein mnd sia for ca 20 mill, ein stiv pris for ein forsvarar no til dags, men han har starta med å spele seg inn i hjartene til Vornes fansen. Med sine 200 000kr i vekelønn tek Piringer nesten 15% av lønnsbudsettet til heile laget. No spørs det om Vorneset hentar inn fleire spelarar av same kaliber, men me trur ikkje dei har peng til det.
Resten av laget er så som så. Dei har eit par skadar som kanskje vil hemme dei litt i seriestarten, men uansett, med eller utan dei største stjernene vil dei vinne mot dei “nedrykksklare” laga, og tape med dei 5 gullkandidatane.

212 ah poeng heime mot Shalala i 1.serierunde er heilt greitt, men langt bak storlaga. Reknar med dei må kjøpe til seg 70-80 ah-poeng for å kjempe om poeng (og ein betre tabell plassering enn 6.plass)

 

7.plass 
Shalala FK

Opna borte mot Vorneset på bortebane, fekk juling og tapte 3-1. Smått utruleg at dei berre tapte med 2 mål.
Midtbana er dårleg, forsvaret er elendig og angrepet er ok sentralt, men på kantane sug dei balle. Og med ei samla lønn på 365 000kr i veka så vil dei i det minste gå i pluss denne sesongen. Keeperen deira ser ut til å vere meir bak mål enn foran, for han spelar så dårleg at laget vil sleppe inn maaange mål denne sesongen. Lukke til i VI. neste sesong. Kanskje rykk de opp viss de endar i ein BOT-liga…

178 ah poeng imponerar ingen. Rett ned til VI.div. Kanskje blir det poengdeling i begge kampane dei spelar mot Genuine? For begge lag er møkk iallefall!

 

8.plass
Genuine

Nok eit nedrykksdømt lag som teknisk sett ikkje har noko å spele for. midtbana er middelmodig i beste fall, forsvaret rotar sikkert ballen bort meir enn ungane i Fresvik Barnehage rotar vekk leikene sine. Angrepet skremmer ingen. Fasit: Lite mål, mange baklengsmål. Einaste sjangsen Genuine har, er å spele MOTS for å prøve å styre kampen. Men det er vel ikje stort hjelp i når dei ikkje scorar på sjangsane sine? Og med ein gong forsvaret gir vekk ballen  blir det ball i nettet å hente for Frøyland (318307234)

230 000 i vekeløn og 180 ah poeng i serieopninga på heimebane. Det positive er at dei har 27 nordmenn, så det pressar lønningane ned, men midtbanetalenta er alt for unge og den beste spelaren deira er 18 år. Helge vil ikkje klare å styre laget til mange poeng. kanskje 2 eller 3? Viss manageren er god nok, så kan dei kanskje vinne to kampar mot Shalala?