0

Fresvik planen

I dag møter me Spurt som allereie er kobla av gullkampen, og me må sei me er litt bekymra foran kampen. Me var sjølvsikre for ei veke sia, men no kjeme tvilen. Men me kan ikkje bruka ein MOTS på ein kamp mot 4.plassen. Har me litt flaks bør det bli ein bortesiger i dag.

Det me tenkar mest på no i dag er planen til Fresvik, for me er ein klubb som tenker langsiktig, og måler er å spele i 3.div i framtida. Akkurat no kjempar me i toppen av 5.divisjon.

Me har ein ok stall no, heilt bakerst i laget har me ein “ung” keeper som vil vere i klubben i lang tid framover. Foran han har me 4 gamle midtstopparar og ein ung, der to av dei har ballfordelingsevner på minst solid(7). Desse må skiftast ut om få sesongar. (2 legg opp innan 1-2 sesongar).

På midtbana har me god breidde i laget. Tidleg i sesongen spelte me med 2 vingar (stogveges(12) og fantastisk(13) ving med solid(7)/utmerkt(8) passning), dei sleit begge med formen ei stund og me gjekk over til å spele med 4 på midtbana (ein ving mot midten). For det har me spelarar til. Me har ein 30åring som har eineståande(9) ving og titanisk(15) ballfordeling. Han er ypparleg til å bruke på kanten mot midten. Ellers har me 2 andre som har titanisk(15) ballfordeling. Begge to er 32 år og må nok snart bytast ut. Ellers har me ein 25åring som har fantastisk(13) ballfordeling.
I tillegg har me Pål Nygård som er 38år (105 dagar) med framifrå(10) ballfordeling og solid(7) forsvar, som kan spele 10-15 minutt og få 5-6 stjerner.

Spissane våre er svært gode, og det er her me er best, i mine auger. Me har 3 fantastiske (13) spissar (alder 20-21) med solid(7) eller utmerkt (8) passning. 2 av dei har også [head] og [unpredictable] som spesialitetar. Bak dei kjem Andreassen som har spelt mykje denne sesongen grunna god form (og elendig form av Hidle). Andreassen (20år) er ein [sterk] spelar med storveges (12) scoringsevner.  Han har også pasningsferdigheiter.
Det er dei 4 beste spissane me har akkurat no, men bak dei har me to svært gode talent. Reiner Backerei (18år) er vår første utanlandske talentkjøp på mange år. Han er [teknisk] med ballfordelingsevner i tillegg til at han no er oppe i framifra (10) scoringsevner. Me håpar å bygge laget vårt rundt han i framtida. For istaden for å kjøpe eit liknande talent som han henta me opp ein spelar frå vår eigen juniorstall. Bjørn Ovesen (17) som er framifrå (10) scoring med biskills på ving.

Med denne stallen har me ein plan om å trene dei to yngste spelarane 5-6 hakk, (til titanisk(15), utanomjordisk(16)) for så å skifte til ballfordeling. Då har me solgt våre 4 beste spissar for rundt  150 mill, for desse pengane hentar me inn ballfordelingstalent (tre 20 åringar og tre 20 år gammle stopparar).

 

Desse trenar me i ballfordeling til spissane våre er framifrå/glitrande i ballfordeling for så å bruke dei som defansive spissar. Nye 17åringar vil bli då henta inn. Stopparen som me trenar i bf (på vingplassane) og vil bruke som offansive stopparar i seriekampane. Me reknar med å spele 3-5-2. med offansive stopparar og defansive spissar.

Sportslege mål blir då å rykke opp til 4.div denne sesongen, for så å halde seg i 4.div til me har skifta til ballfordeling, når me då har fått til generasjonsskifta siktar me etter 3.divisjon.

Om 6 sesongar:

Keeper: Lehne (31 år) Titanisk

Forsvar: 3 stoggarar, Titansik def. minst passable pm. 22år i gjennomsnitt

Midtbane: 3 titansike, 2 vingar med pm skill, 3 utmerkt 17åringar

Spissar: Backerei (kan bli skifta ut med ein nordmann) og Ovesen titanisk scoring med utmerkt++ ballfordeling